Skremt bort frå skulen

Desse barna deltek på Redd Barna si førskule i ein flyktningeleir i Etiopia. Redd Barna arbeider for at barn skal få skulegong trass i kriser og væpna konfliktar. Foto: EU/ECHO/Redd Barna /CC-Lisens
Desse barna deltek på Redd Barna si førskule i ein flyktningeleir i Etiopia. Redd Barna arbeider for at barn skal få skulegong trass i kriser og væpna konfliktar. Foto: EU/ECHO/Redd Barna /CC-Lisens
Artikkelen fortsetter under annonsen

57 millionar barn får ikkje gå på skule. Mange vert utstengde frå utdanninga på grunn av krig og konflikt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det syner ein ny rapport frå Redd Barna. Rapporten “Attacks on education” fortel om åtaka på skulesystema i konfliktsoner, og konsekvensane desse har for barna i områda som er råka av konflikt.

I tillegg til å presentere tal og analysar, vert det i rapporten fortalt ei rekke historier frå barn som får skulegangen øydelagt av krig og konflikt.

Skremt bort frå skulen

I år 2000 sat FN seg mål om at alle verdas barn skulle gå på skule innan 2015. Målet var ein del av tusenårsmåla, ei rekke mål FN sat for humanitær utvikling i høve tusenårsskriftet.

Men svært mange av dei barna FN vil skal gå på skule, gjer det ikkje. Og svært mange av dei let vere fordi dei er redde. Nidal frå Syria er seks år gamal, og fortel i rapporten om sin siste skuledag.

–… Vi var på bussen til skulen og vi såg væpna menn ved sidan av skulen, så vi stoppa. Lærarane var på veg, dei var ikkje komen fram enno, så bussjåføren ringte dei og sa at dei ikkje skulle kome fordi mennene var på skulen, seier Nidal.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

LES OGSÅ: Over 45 millionar på flukt

Skulen kan gje struktur og meining

Nidal er ikkje åleine i å miste i å bli skremd bort frå skulen. Derfor er det svært viktig å fokusere på barn som mister skulegangen på grunn av konfliktar, meiner Redd Barna.

– Halvparten av dei 57 millionar barn som ikkje får gå på skule, lever i område prega av krig og konflikt. Vi vil ikkje nå målet om grunnskule for alle viss ikkje desse barna får skulegang, seier Sylvi Bratten, utviklingspolitisk rådgjevar i Redd Barna.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Dei har like stor rett til utdanning som resten av oss, og kanskje endå større behov for det. Skulen kan fungere som ein overlevingsarena under kriser, og gje struktur og meining i ein kaotisk situasjon. Utdanning kan dessutan førebu overgangen frå krig og konflikt til fred og gjenreising, seier ho.

LES OGSÅ: Fleire born overleverer: – Viser at bistand verkar

Artikkelen fortsetter under annonsen

3600 skuleåtak

Bratten fortel at barna i konfliktsoner møter mange hindre viss dei vil gå på skulen mest konflikten rasar.

– Ein farleg skuleveg, lærarar som ikkje kjem på jobb, eller militær bruk og okkupasjon av skulens område bidrar til at barn ikkje går på skulen, seier ho.

I tillegg understrekar ho at skulen, lærarar og elevar sjølv kan vere mål for væpna styrke i konfliktsoner.

– Åtaket på Malala Yousafzai er eit døme på det siste. Ho blei skoten av Taliban fordi ho forsvarte retten til å gå på skule.

Ifølgje Redd Barna har det sidan 2012 vore til saman 3600 dokumenterte åtak på skular. Åtaka inkluderer vald, tortur og skremsler mot barn og lærarar, som resulterte i død eller alvorlege skadar, bombeåtak på skuler og rekruttering av barn til væpna grupper.

Les siste utanriksnytt her!

Trugande kunnskap

Blir ein lærar drepen eller fengsla, mister ei rekke elevar mulegheita til å utdanne seg. Samstundes syner rapporten at svært mange lærar vert hindra frå å undervise under kriser og konfliktar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I rapporten skriv Redd Barna at 22 lærarar vart drepne i Columbia i 2010, av forskjellege væpna grupper. I Syria fortel dei offisielle tala at 222 lærar og undervisingstilsette er drepne sidan konflikten starta, medan den lokale organisasjonen “Syrisk nettverk for menneskerettar” hevdar at så mange som 640 undervisingstilsette er drepne, og at 1300 er arresterte av regjeringsstyrkane.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I rapporten fortel ein lærar om korleis soldatar kom til klasserommet hans.

– Ein morgon, medan eg underviste klassen min, kom nokre menn og øydelagde alt. Dei sa at eg måtte slutte å undervise, eller så ville dei drepe meg. Eg vart redd. Desse folka likar ingen dei mistenkjer for å vere leiarar. Om dei trur at du kunne kome til å utfordre dei, eller oppmode folk om ikkje å gjere som dei seier, då vil dei drepe deg. Utan å nøle. Som lærar vart eg skilt ut. Eg tok trugselen deira veldig alvorleg, seier læraren, som er anonymisert i rapporten av tryggleiksomsyn.

Artikkelen fortsetter under annonsen

No arbeider han frivillig på ein av redd barna sine skuler.

– Eg har alltid ønskt å vere lærar. Eg ønskte å hjelpe samfunnet mitt og hjelpe til å utvikle den neste generasjonen. Eg trur det vi gjer her hjelper, seier han.

LES OGSÅ: - Verda blir stadig litt betre

Kva kan Noreg gjere?

Redd Barna meiner at verdsamfunnet må gjere meir for å trygge barna og sikre utdanninga deira i krigs- og konfliktsituasjonar. Dei krev at ikkje berre åtak, men alle former for militær bruk av skular i krig, vert forbode.

Dessutan meiner dei at ein større del av bistanden må gå til utdanningstiltak, for å sikre at skulegangen til barn ikkje vert avbroten over lang tid i kriser. Det er nemleg lite av bistanden som går til utdanninga, forklarer Bratten.

Les også: - Barn gjemmes bort av familiene

– I fjor var den internasjonale delen av naudhjelp til utdanning berre 1,4 prosent, seier ho.

– Noreg må gå i front og auke delen av bistanden som går til utdanning til minst 4 prosent, seier ho.

– Dessutan må Noreg støtte Redd Barnas krav om at ikkje bare åtak på, men all militær bruk av skular må verte forbode. Det er ein direkte årsak til at barn ikkje går på skulen, avsluttar Sylvi Bratten i Redd Barna.