Meny

Farlegare å bu i distrikta

Norsk Luftambulanse har base her på Dombås og sju andre stader i Sør-Noreg. Dei meiner det er behov for tre nye basar i Noreg for å få tilfredsstillande responstid. Foto: Norsk Luftambulanse

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Folk som bur i dei mest grisgrendte stroka i Noreg har 33 prosent større risiko for å bli døy i ulukker enn dei som bur i byane. Norsk Luftambulanse krev fleire ambulansehelikopter.

Det viser doktorgradsavhandlinga til lege og forskar, Thomas Kristiansen, som er stipendiat ved Stiftelsen Norsk Luftambulanse.

Kristiansen har studert forskjellar mellom by og land for ulykker og behandlingstilbod. Studien hans viser at dei som bur i ein kommune med den lågaste befolkningstettleiken har 33 prosent høgare risiko for å døy av skadar enn befolkninga elles. Risikoen gjeld både barn og vaksne.

Sentraliserer helseressursane

I avhandlinga har Kristiansen gjennom ni år kartlagt ein aukande grad av overføring av pasientar frå andre sjukehus til spesialisert traumebehandling ved Oslo universitetssjukehus, Ullevål (OUS). Forskingsgruppa analyserte nasjonal førekomst av dødsfall etter skadar. Funna viser at pasientgrupper, tilvisingsårsak, ressursbruk og overleving varierer med avstand frå henvisande sjukehus til OUS.

– Totalt hadde den fjerdedelen av befolkninga som budde i dei mest grisgrendte kommunane 33 prosent høgare risiko for ulykkedødsfall enn befolkninga elles.

Les også: 2.900 døydde av sjukehusfeil

Følgjer ikkje retningslinjer Ei kartlegging av Helse sør-aust viser manglande iverksetjing av retningslinjer som skal sikra at hardt skadde pasientar i distrikta tidleg blir vist til høgare behandlingsnivå.

– Seks av 19 sjukehus hadde ikkje innført dei tilrådde retningslinjene for slik overføring, det vil seie system for kven som skal visast vidare til høgspesialiserte sjukehus, fortel Thomas Kristiansen.

– Den aukande sentraliseringa av traumebehandling må i større grad komme pasientar i mindre tettbygde strok til gode og enkelte faktorar har blitt framheva som viktige i internasjonale studiar, fastslår stipendiaten som disputerte med doktorgraden sin onsdag.

Les også: Trafikkstøy kostar mange leveår

Fleire må få tilbodet

Kristiansen konkluderer i avhandlinga si med at den auka kvaliteten me kan forventa ved å sentralisere behandlinga av alvorleg skadde må gjerast tilgjengeleg for fleire.

– Det er ein aukande grad av sentralisering for spesialiserte oppgåver i spesialisthelsetenesta. Behandling av alvorlege skadar er ein del av denne sentraliseringa. Studiar frå andre land viser at overlevinga vert betra for pasientar som vert behandla på spesialiserte traumesjukehus. Men til forskjell frå mindre tidskritiske tilstandar, er skadebehandlinga sårbar for geografiske faktorar som auka tid til endeleg behandling, seier Kristiansen.

Les også: Med sjukehusstrid i bagasjen

Krev betre beredskap

Erik Kreyberg Normann, generalsekretær i Norsk Luftambulanse, seier at avhandlinga til Kristiansen understrekar kor viktig det er med god behandling før pasientane kjem til sjukehuset.

Kravet til styresmaktene er i dag 30 minuttar flytid for luftambulansen – og totalt 45 minuttar i responstid. Norsk Luftambulanse vil setja krav på 20 minuttar flytid. – Når det står om liv og død, vil alle minuttar telja, seier Erik Kreyberg Normann til Framtida.no.

For å gje likeverdige helsetenester til alle her i landet seier Norsk Luftambulanse at det er trong for tre nye basar i landet: Ein for Telemark og indre deler av Agder, ein for austre delar av innlandet og ein mellom Bodø og Tromsø. Generalsekretæren er glad for at styret i Helse Nord har vedtatt å få ein ny base i Midtre Hålogaland. Då helseministeren fekk spørsmål om dette i spørjetimen tidlegare i mai, lova han at helikopterbasen skulle vera operativ i løpet 2014.

Norsk Luftambulanse er ein privat aktør som driv luftambulansetenesta ved åtte basar i Sør-Noreg.

Les også: Her er dei mest sårbare kommunane

– Lovstridig

Ordføraren i Vinje i Telemark, Arne Vinje (SV), har lenge arbeidd for ein betre helikopterberedskap for Telemark. Han meiner doktorgradsavhandlinga til Thomas Kristiansen underbyggjer at det er forskjell standard på akuttberedskapen alt etter kvar ein bur i landet.

– Me har tidlegare dokumentert ei responstid på 54 minuttar til kommunesenteret vårt Åmot, når det formelle kravet er 45 minuttar, seier ordføraren og kallar dette lovstridig.

– Alle i Noreg skal ha same rett på akuttberedskap, same kvar ein bur, understrekar Arne Vinje.

Ingen i politisk leiing for Helse- og omsorgsdepartementet hadde høve til å kommentera doktoravhandlinga til Thomas Kristiansen onsdag.

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus