FpU startar opp i Spania

Fredrik Borgstein er ny leiar for FrU i Torrevieja. Her med besøk frå moderpartiet i Norge: Ketil Solvik-Olsen (f.v.), nestformann Per Sandberg og formann for FrU i Noreg, Himanshu Gulati. Foto: Terje Aspdahl (Spaniaavisen)
Fredrik Borgstein er ny leiar for FrU i Torrevieja. Her med besøk frå moderpartiet i Norge: Ketil Solvik-Olsen (f.v.), nestformann Per Sandberg og formann for FrU i Noreg, Himanshu Gulati. Foto: Terje Aspdahl (Spaniaavisen)

Framstegspartiets Ungdom får starthjelp av partitoppar i Spania.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

For ti år sidan starta Carl I. Hagen opp lokallag for moderpartiet i Torrevieja. No er det ungdommen sin tur.

– I Spania er det ei rekkje ungdommar som går på vidaregåande skular, ungdomsskular og har friår frå skulen. Dette er framtidas veljarar, som me ønskjer å engasjera i norsk politikk. Mange av dei ungdommane som bur her, bur her gjerne berre for eitt år, saman med foreldra sine, før dei flyttar heim igjen. Me ønskjer å ha eit tilbod til denne ungdommen, og forhåpentlegvis senka terskelen for å bli aktiv, eller delta, i politikken når dei flyttar tilbake til Noreg, seier Fredrik Borgstein (20) som er valt til leiar for ungdomspartiet i Spania.

Sjølv er han elev på den norske skulen i Rojales.

– Fleire elevar ved skulen har etterlyst politikk som fag. Mange elever er nysgjerrige på politikk og då meinte eg noko måtte gjerast. Det er politikk i alt rundt oss i dagens samfunn, seier Borgstein til Spaniaavisen, som først omtala oppstarten av lokallaget til Framstegspartiets Ungdom (FpU) i Spania.

No set FpU i gang ein stor verveoffensiv mot ungdommen som går på skule her, og satsar på å tilby eit godt aktivitets- og kurstilbod.

Les også: Rekordstore ungdomsparti

– Kvifor satsar FrP så pass sterkt blant nordmenn i Spania?

– I Spania treff du gjerne nordmenn med helseproblem, som har blitt nødt å flytta til eit varmare strøk for å kunne ha eit verdig liv. Mange opplever ei drastisk forbetring i helsa når dei flyttar til Spania, og behovet for mange medisinar forsvinn med ein auka livskvalitet. Dette er gjerne menneske som har opplevd det å stå i helsekøar, opplevd den allergien dei raud-grøne har mot private sjukehus og helseføretak, og som ser det at med FrP ville ting vore annleis.

– Kva kan Noreg læra av Spania?

– Noreg kan læra av utelivspolitikken, me i FpU har lenge kjempa for lengre opningstider, senking av avgifter på alkohol og å fjerna absurde forbod mot at stader som sel mat må stenga tidleg i helgane. Me opplever i dag at det er mykje problem med alkohol i Noreg, mykje vald, for høgt inntak av alkohol og faktisk ein del ulukker i samband med inntak av alkohol. Eg seier ikkje at det ikkje skjer i Spania òg, men det er ikkje taxikøar, folk forlét nattklubber etter eige ønskje når dei har fått nok – dei blir ikkje kasta ut halv tre – og har jo derfor følgjeleg eit lengre tidsaspekt å konsumera alkohol på. I Noreg stenger utestadene halv tre, ein må drikka på vorspiel – for på by´n kostar det skjorta, ikkje det at Vinmonopolet er noko billig heller. Ein må stå i taxikø, med andre personar som har konsumert mykje alkohol, og det oppstår bråk.

– Infrastrukturen i Spania er god, dei har flotte vegar som bind landet saman, og som gjer det lettare for transportnæringa å driva ein lønsam verksemd.

Les også: FrP og SV føreslår flest forbod

– Kvifor blei du med i FpU?

– Eg har sjølv fått erfart at politikk er eit viktig emne å læra om på skulen, og då me i forkant av stortingsvalet i 2009 lærte mykje om dei forskjellige partia på skulen, leste partiprogram og hadde debattar med kvarandre som "forskjellige parti", fikk eg ein god innsikt i kva Framstegspartiet ønskjer å endra i Noreg – i tillegg til kva dei stod for. Eg melde meg så inn i FpU og FrP, og har sidan vore aktiv på ein rekkje nivå i både FpU og FrP.

– Kva saker er det du brenn for?

– Personleg brenn eg for skulesystemet, eldreomsorg og helsepolitikk. Det er viktig å ta godt vare på dei eldre. Eg har sjølv eit familiemedlem på eldreheim, og veit at ein dag er det mine foreldre sin tur til å vera på ein eldreheim. Me er nøydd til å ta vare på generasjonane før oss, og gi dei ein verdig eldreomsorg.

QUIZ: Kva veit du om Framstegspartiet?

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus