– Me må vurdera å trekka oss

Leiaren i Senterungdommen, Sandra Borch, vil ha ei folkerøysting om EØS-avtalen. Foto: Erlend Aas (NTB scanpix)
Leiaren i Senterungdommen, Sandra Borch, vil ha ei folkerøysting om EØS-avtalen. Foto: Erlend Aas (NTB scanpix)
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Viss me blir knebla i fleire verdisaker, er det naturleg å diskutera kva Senterpartiet bør gjera vidare i regjeringa, seier leiaren for Senterungdommen, Sandra Borch.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fleire i Senterpartiet snakkar om eit grasrotopprør etter måten Arbeidarpartiet har prøvd å ordna rekkene blant dei raud-grøne i spørsmålet om EØS-avtale.

– Arbeidarpartiet opptrer veldig arrogant, seier leiaren for Senterungdommen til Framtida.no.

Ho meiner ballen no ligg hos Arbeidarpartiet. Ho nemner jordbruksoppgjeret som eit av dei viktige spørsmålet som partiet krev gjennomslag på.

– Eg fryktar eit oppgjer om det ikkje skulle skje, seier ho.

Les også: Nei til EU krev alternativ til EØS

– For tidleg

Fleire Arbeidarparti-toppar har den siste veka gått ut med krav om at Senterpartiet må avklara om dei framleis kan gå med i ei regjering utan reforhandling av EØS-avtalen. Måndag sa Sp-leiar Liv Signe Navarsete til Nationen at ho ikkje kunne garantera at dei ikkje ville krevja ei slik reforhandling i løpet av dei neste fire åra. Arbeidarpartiet var ikkje nøgd med dette, og måndag kveld gjekk Sp-leiaren og nestleiarane hennar ut med ein felles uttale.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sentralstyremedlem i Senterungdommen Marit N. Krogsæter meiner leiinga i Senterpartiet burde venta til etter landsmøtet i april før dei tok stilling i spørsmålet om EØS-avtalen. Foto: PrivatSentralstyremedlem i Senterungdommen Marit N. Krogsæter meiner leiinga i Senterpartiet burde venta til etter landsmøtet i april før dei tok stilling i spørsmålet om EØS-avtalen. Foto: Privat

– Me har avklart at EØS i år, akkurat som i 2005 og 2009, ikkje skal stå i vegen for ein fortsatt raudgrøn regjering. Den politiske situasjonen gjer at me ikkje vil krevja oppseiinga eller reforhandling for å gå i regjering, sa partileiar Liv Signe Navarsete og nestleiarane Ola Borten Moe og Trygve Slagsvold Vedum, ifølgje Nationen.no.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg skulle ønskja leiinga tok opp kampen, seier Sandra Borch til Framtida.no.

– Må høyra på medlemmane

Sentralstyremedlem i Senterungdommen Marit Nærås Krogsæter seier at ho skulle ønskja at leiinga av Senterpartiet kunne venta til landsmøtet før dei gav nokre garantiar om EØS-avtalen.

– Det leiinga gjer no er å ikkje høyra på medlemmane sine. Ein viktig grunn til at me er mot EU og EØS er at me vil høyra på kva folket vil. Då vil me venta til landsmøtet bestemmer seg, seier Marit Nerås Krogsæter. Ho seier at ho ikkje trur det er aktuelt å gå ut av regjeringa no, men at det kan bli det.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Vil gjere EØS til valkampsak

– Frykt for LO-kongressen

Sandra Borch trur hardkøyret frå Arbeidarpartiet skuldast at partiet fryktar at LO-kongressen skal gå inn for same synspunktet som Senterungdommen, og krevja ei reforhandling av EØS-avtalen.

– Me meiner det bør forhandlast ein ny avtale. Standpunktet vårt er at me bør la folket få bestemma om ein skal halda på dagens EØS-avtale i ei folkerøysting, seier Borch til Framtida.no.

Kva meiner du? Bør me få ei folkerøysting om EØS-avtalen?

Legg igjen en kommentar i kommentarfeltet under.