Vil leita etter store mengder gull i rommet

Slik ser Deep Space Industries korleis dei kan byggja ei busetjing ved ein asteroide. Foto: DSI
Slik ser Deep Space Industries korleis dei kan byggja ei busetjing ved ein asteroide. Foto: DSI

Eit nystarta amerikansk firma vil starte hauste metall frå asteroide nær jorda i løpet av 10 år. Enorme mengder gull, platina og andre dyre metall lokkar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Firmaet Deep Space Industries vert lansert med mål om å hjelpe menneskeheita med å ekspandere i verdsrommet, ved å hente ut dei kolossale rikdommane som finst i rommet. Det melder nettstaden space.com.

Planen er å ha klar ei romfartøyflåte i 2015, for så å starte utvinninga av metall og vatn frå asteroide nær jorda i løpet av ei tiårsperiode. Slik meiner dei det vil vera mogleg både å bygge romfartøy og fylle drivstoff på dei, langt frå jordas overflate.

– Å nytte resursar hausta i verdsrommet er en einaste måten ein kan få råd til permanent utvikling i verdsrommet, seier administrerande direktør David Gump til Space.com.

I fjor passerte asteroiden 433 Eros, med 27 millionar kilometer avstand frå jorda. Den meinte forskarane innehelt meir gull enn det som finst på jorda.

Les også: Gigantisk gullklump passerer Jorda

10 år Deep Space vil starte med inspisere potensielle gruvemål med 25-kilos romfartøy, som dei kallar FireFlies. Den fyrste er planlagt å vera klar i 2015. Det neste planlagde steget vil vera utviklinga av dei noko større romfartøya DragonFlies, som etter planen skal skytast ut i 2016. Desse skal frakte prøve frå asteroide tilbake til Jorda, og vera på oppdrag i verdsrommet frå to til fire år.

Planen er å starte utvinninga av metall og andre byggemateriale frå asteroide i løpet av ei 10 års periode, melder space.com. Desse komponentane skal fyrst nyttast til å bygge kommunikasjonssatellittar i rommet. Seinare vil firmaet konstruere rombaserte solenergistasjonar. Edle metall som platina skal fraktast attende til jorda for bruk her.

QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?

Firmaet skal og ta ut vatn frå asteroide, som splittast til hydrogen og oksygen. Ein vil då ha dei viktigaste ingrediensane for drivstoff til bruk i rommet. Slik ser selskapet for seg ”bensinstasjonar” i verdsrommet.

– Vi vil berre vera vitjande i verdsrommet fram til vi lærer korleis vi kan leve av ressursane der. Vår visjon er å finne, hauste og utnytte ressursane i rommet, så dei kan bidra til å redde sivilisasjonen vår og støtte utvidinga av menneskeheita utanfor jorda, seier Rick Tumlinson i Deep Space Industries til space.com.

Les også: Vil henta straum frå verdsrommet

Deep Space Industries blir konkurrent til Planetary Resources som blei lansert i fjor. Mellom dei som har investert i dette selskapet finn ein Google-toppane Larry Page og Eric Schmidt.

Personvernpolicy