Urin kan forvandlast til hjerneceller

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tisset ditt kan ein gong bli redninga di.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kinesiske forskarar har no funne ein ny metode for å omdanna celler frå nyrene til hjerneceller. Forskinga deira kan bli viktig i behandlinga av lidingar som Parkinsons og Alzheimers, melder Videnskab.dk.

Forskarane samlar inn celler frå nyrene som finst i urinen. Desse cellene blir så omprogrammert til å bli hjerneceller. Den nye metoden kan brukast til å framstilla fleire ulike typar hjerneceller. Den nye metoden er brukt på rotter, og har vist seg å vera sikrare enn tidlegare metodar ved hjelp av stamceller. Den nye metoden gjer det òg enklare å produsera fleire celler enn tidlegare.

Les også: 17-åring bygde kunstig hjerne som ser brystkreft

– Dette kan definitivt få opp farten på ting, seier James Ellis, genforskar ved barnesjukehuset i Toronto i Canada til Nature.com. Han forskar til vanleg på autisme blant born.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I tidlegare forsøk har forskarar brukt stamceller frå fire-fem dagar gamle foster. I tillegg til dei etisk problematiske sidene ved dette, har dette samstundes ført til fleire risikoar, blant anna fare for kreft. Ein har òg brukt virus til å kopla på nye genar på DNAet til cellene, men dette har òg ført til kreftrisiko og fare for ei utvikling av cellene som er vanskeleg å føreseia, ifølgje Videnskab.dk.

Les også: Fleire venner gjev deg større hjerne

Metoden til dei kinesiske forskarane vil òg gjera den enklare å samla inn celler frå born, fordi det er lettare å få born til å tissa enn å stikka dei med ei nål.