Slik forklarer dei julematen sin

JULETRAD: Mange av dei spurde meiner ein bør prioritere ut frå eigne interesser og juletradisjonar når julemenyen vert komponert, inkludert Arne Hjeltnes og Gunhild Stordalen. Foto: Zero og Creuna
JULETRAD: Mange av dei spurde meiner ein bør prioritere ut frå eigne interesser og juletradisjonar når julemenyen vert komponert, inkludert Arne Hjeltnes og Gunhild Stordalen. Foto: Zero og Creuna

Me er eit utruleg matland, seier Arne Hjeltnes, når han fortel kva han skal ete til jul i år. Men ikkje alle er like glade i pinnekjøtet som han.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Vi spurte ei rekkje matmedvitne personar om kva dei skal ha til julemiddag, og kva tankar dei gjer seg om kvifor dei et akkurat desse rettane.

For dei fleste er mantraet at jula er ei tid der tradisjon og kos til sjuande og sist avgjer kva som står på bordet, ikkje andre omsyn.

Arne Hjeltnes:

Kva skal du ete til julemiddag?

– Eg et pinnakjøt frå Evanger. Det er ein familietradisjon, som eg synes høyrer jola til. Etterkvart som ein vert vaksen er maten og samværet viktigare enn pakkane. I år har eg tenkt å spe på med litt pinnakjøt av villsau frå Hitra.

Kva meiner du folk bør tenke på når dei komponerer julemenyen?

– I fylgje Arne Brimi er det aller viktigaste stemninga ein skapar rundt bordet. I jola er det kjekt å invitera fleire og passa på at det ikkje er nokon som sit åleine. Når det gjeld maten, så synest eg folk skal satsa på den gode norske maten. Me er eit utuleg matland. Vel du pinnakjøt, bør ha ein lett forrett (eg har ikkje forrett i det heile teke). Og bruka god tid. Det er mektig kost. Til dessert har me gjerne moltekrem.

LES OGSÅ: Vil dyrke fram den gamle maten

Anne Viken, veterinær og forfattar:

Kva skal du ete til julemiddag?

– Eg skal ete pinnakjøt frå sauar som har gått ute og kosa seg, som ikkje har blitt sendt på utmarksbeite full av giftplantar eller rett i ein rovdyrkjeft av bønder som meiner det er ein menneskerett å ha sauer og at ulven bør døy. Mange sender dyra sine på beite i områder der dei vert utsette for blant anna den farlege romeplanten, vel vitande om at planten er der. Det er fullstendig uansvarleg, men blir gjort likevel.

Kva meiner du folk bør tenke på når dei komponerer julemenyen?

– Som dyrlege meiner eg dei må tenke på dyrevelferden. Ønsker dei å servere kjøt frå dyr som har hatt det godt eller dyr som ikkje har hatt det bra? På den andre sida er dette for forbrukar umogeleg å vite. Det er mykje dårleg hald av sau i Noreg, og det er komplett umogeleg for forbrukar å vite om dette, då marknadsføringa av norsk mat vert presentert som at Noreg er best i verda på dyrevelferd, noko vi ikkje kan dokumentere at vi er. Godt norsk er ein vits.

LES OGSÅ: Opnar for meir gift i maten

Arild Hermstad, leiar i Framtiden i våre hender:

Kva skal du ete til julemiddag?

– I år er det pinnekjøt i tråd med god vestlandstradisjon. Eg er bergensar, og då er det ingen tvil om kva som er rett på julaftan. Eg er særleg glad i kålrotstappa som tilbehør, med masse fløte.

Kva meiner du folk bør tenke på når dei komponerer julemenyen?

– Eg synest at det er god grunn til å legge vekk klimakalkulatorar og lista over miljøforsett når du set deg til bords på julaftan. For dei interesserte, så er det stor variasjon i miljøbelastinga frå dei klassiske norske julerettane, der torsk og svin nok kjem betre ut enn pinnekjøtet. Viktigast for miljøet er likevel kvardagsmaten resten av året!

LES OGSÅ: – Forbrukarane bruker ikkje makta si

Gunhild Stordalen, lege og styreleiar i GreeNugde:

Kva skal du ete til julemiddag?

– I år blir det hotelljul, og dermed buffetmiddag på julaftan. Buffet betyr som regel at det er lett å velje både sunt og klimasmart.

Kva meiner du folk bør tenke på når dei komponerer julemenyen?

– Kva vi et påvirker ikkje berre helsa vår, men også klima, miljø og dyrevelferd. Som klimaengasjert lege tilrår eg alle å redusere inntaket av raudt kjøt og spise meir planter; det er ein vinn-vinn for deg, dyra og planeten.

– Men så er eg oppteken av å legge til at det viktigste er ikkje kva ein et mellom jul og nyttår, men mellom nyttår og jul. På Julaftan skal det vere lov å skeie ut, så eg synest ikkje dette er dagen for peikefinger og moral. Så unn deg gjerne både ribbe og juleskinke, men sørg for at det er ein lukkeleg og økologisk gris som hamnar på tallerkenen. Og et masse av det gode vegetariske tilbehøret.

LES OGSÅ: Sterkøl gjer det sterkt

Monica Bjermeland, Informasjonsrådgjevar, Cicero, senter for klimaforsking:

Kva skal du ete til julemiddag?

– Eg er nordvestlending og skal som alltid ete pinnekjøtt (men ikkje så mykje).

Kva meiner du folk bør tenke på når dei komponerer julemenyen?

– Julemenyen bør gjere folk glade og svoltne. Eg har elles stor tru på tradisjonar 24. desember.

Espen Heggedal, leiar i Grønn hverdag:

Kva skal du ete til julemiddag?

– Då skal eg ete både pinnekjøt og ribbe. Begge er tradisjon og begge smakar godt, i jula. Kva meiner du folk bør tenke på når dei komponerer julemenyen?

– Dei skal først og fremst tenke på å kose seg, og på kor fint det er med tradisjonar. Når dei handlar kan dei også gjerne tenke på at det dei kjøper er bærekraftig og økologisk. Då skjenker dei også ein tanke til naturen som gir oss all vår mat og drikke. Og planlegg gjerne å ete restane seinare i jula, saman med gode vener.

Gunda Djupvik, kokebokforfattar og matentusiast:

Kva skal du ete til julemiddag?

– Viss eg får bestemme heilt sjølv, vert det fåreribbe med brudavollmôr, rabbestappe, surkål, poteter og sjy attåt. Eg er vaksen opp med julemiddagar der "alt" vart servert på ein gong, får, svin, medisterpølser og -kaker med alt tenkeleg tilbehør. Det syns eg blir for voldsomt. Å velge ein ting, enten får, svin, kalkun eller torsk, gjer matlaginga enklare, og det vert mindre restar.

Kva meiner du folk bør tenke på når dei komponerer julemenyen?