Ungdomspolitikarar kasta ut av Vest-Sahara

Pål Spjelkavik, Gunnar Kaus, Kristine Hallingstad og Vegard Tjørhom fekk først portforbod på eit hotell i Vest-Sahara. Så blei dei sendt ut av landet.
Pål Spjelkavik, Gunnar Kaus, Kristine Hallingstad og Vegard Tjørhom fekk først portforbod på eit hotell i Vest-Sahara. Så blei dei sendt ut av landet.

Fire representantar frå AUF og Senterungdommen blei først gjeve munnkorg av marokkansk politi. No er dei kasta ut av området.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

– Me oppfattar situasjonen som ubehageleg, uttalte internasjonal leiar i AUF i Sør-Trøndelag, Pål Spjelkavik tysdag til AUF.no. Få timar seinare blei den norske delegasjonen sett på ein drosje tilbake til Marokko. Klokka 24 i natt blei dei sett av i turistbyen Agadir, rett nord for grensa til Vest-Sahara.

Ifølgje den spanske avisa ABC blei òg sju spanjolar utvist frå Vest-Sahara i går.

Saman med tidlegare sentralstyremedlem i AUF, Kristine Hallingstad og Vegard Tjørhom og Gunnar Kausfrå Senterungdommen, har dei vore i Vest-Sahara som del av eit tverrpolitisk informasjonsprosjekt om arbeidet til FN i området. Til saman deltek 17 norske ungdomsorganisasjonar i prosjektet.

Les også: Reiser til Vest-Sahara for å lære

Auka spenning

Besøket finn stad i ei tid med tiltakande spenning i området. Spesialutsendinga til FN var i førre veke på besøk i dei okkuperte områda. I ettertid har det kome til demonstrasjonar og påfølgjande sterke reaksjonar frå marokkanske styresmakter. Tysdag feira Marokko årsdagen for den «grøne marsjen»; dagen då marokkanarane rykka inn i området etter at tidlegare kolonimakt Spania trekte seg ut.

Under landsmøtet for få veker sidan vidareførte AUF det sterke engasjementet sitt for Vest-Sahara og saharawiane. På landsmøtet var to representantar frå AUFs saharawiske søsterorganisasjon blant gjestane.

– Kampen for eit fritt Vest-Sahara har vore ei viktig sak for AUF i mange år. Me er opprørt over Marokko si behandling av delegasjonen. No får medlemmene våre oppleva korleis det er å få meiningane sine knebla av autoritære krefter. Verda må få opp auga for Marokkos brutale framferd i Vest-Sahara, seier leiar i AUF, Eskil Pedersen.

Følg ungdommane på bloggen Sandfast!

Leiaren av Senterungdommen, Sandra Borch, seier dette i ei pressemelding:

– Senterungdommen har i mange år kjempa for eit fritt Vest-Sahara. Marokko si handsaming av Vest-Sahara er noko me tek sterk avstand frå. No er det på tide å få eit internasjonalt fokus på korleis Marokko har handsama og enno handsamar Vest-Sahara, folkesetnaden der og fridomsforkjemparar.

Les også: Vest-Sahara ut av skuggen

Afrikas siste koloni

Vest-Sahara er Afrikas siste koloni, og har vore på FN si liste over ikkje-sjølvstyrte område sidan 1960-talet. Landområdet er tidlegare spansk koloni. I 1975 vart landområdet gjeve til Marokko og Mauritania. Mauritania trekte seg seinare ut, medan Marokko sidan har okkupert området. Om lag halvparten av den saharawiske folkesetnaden bur i flyktningleirar i Algerie; den andre halvparten lever under sterk undertrykking i dei okkuperte områda. Saharawiane vart lova ei folkerøysting om statusen sin i 1992. 20 år seinare har han endå ikkje funne stad.

STEINKASTANDE POLITI: I samband med besøket til FNs spesialutsending til Vest-Sahara har det vore stor mobilisering både frå saharawiar - og marokkansk politi:

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden