– Sviktar mindreårige asylsøkarar

Martin Østerdal, generalsekretær i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), reagerer på at ikkje barnevernet får ansvar for dei einslege asylborna mellom 15 og 18 år. Foto: LNU
Martin Østerdal, generalsekretær i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), reagerer på at ikkje barnevernet får ansvar for dei einslege asylborna mellom 15 og 18 år. Foto: LNU
Artikkelen fortsetter under annonsen

Regjeringa skryt av barnevernsløftet i statsbudsjettet, men overlèt dei aller mest sårbare borna til eit hardt pressa Utlendingsdirektorat (UDI).

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I statsbudsjettet er det klart at regjeringa ikkje tek i bruk det siste høvet i denne valperioden til å plassera omsorgsansvaret for einslege mindreårige asylsøkarar mellom 15 og 18 år i barnevernet.

– Det er bra at barnevernet får meir ressursar i årets statsbudsjett, men samtidig bør barnevernet ha ansvar for å verne alle born som oppheld seg i Noreg. Prinsippa for barnekonvensjonen gjeld for alle born, òg dei einslege mindreårige asylsøkarane mellom 15 og 18 år, seier Martin Østerdal, generalsekretær i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU).

Les også: 700 millioner kroner til sikring av regjeringsbygg

– Regjeringa snakker om overkapasitet

Regjeringa skriv i statsbudsjettet at dei vil byggja ned mottakskapasiteten for einslege mindreårige asylsøkarar og leggja ned Skiptvedt omsorgssenter.

– I Soria Moria 2 uttalte regjeringa at det var eit mål å leggja ansvaret for mindreårige asylsøkarar mellom 15 og 18 år over til barnevernet, men at ressurssituasjonen sannsynlegvis ikkje ville tillata det. Men no snakkar jo regjeringa om overkapasitet, og denne kunne jo då vorte brukt til å sørgja for eit forsvarleg tilbod til aldersgruppa 15- 18 år, i staden for å leggja ned omsorgsinstitusjonar, seier Østerdal.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Studentene får 190 kroner mer i måneden

– Har ulikt behov

Dagens ordning, der ansvaret for mindreårige asylsøkarar mellom 15 og 18 år ligg hos UDI, fører til stor variasjon på kor godt dei eldste mindreårige asylsøkarar blir teke vare på i dei ulike kommunane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Mindreårige asylsøkarar har rett til likt nivå på helsetenester, bustad og omsorg, uavhengig av der dei bur. Det har ikkje dei mellom 15 og 18 år i dag. Samtidig er det viktig å hugsa at born er ulike og har ulikt behov for omsut og oppfølging. I motsetnad til UDI har barnevernet barnefagleg kompetanse. I tillegg har UDI ei dobbeltrolle overfor dei mindreårige asylsøkarane, som både saksarbeidar og omsorgsperson, seier Østerdal.

Ifølge ungdomsorgranisasjonen til Redd Barna, PRESS, kom i fjor 858 mindreårige asylsøkarar til Noreg. Sidan 2002 har 442 born forsvunne frå omsorga til UDI, utan at nokon veit kvar dei er i dag.

Les også:

Vil nesten doble utbyggingen av sykkelveier neste år

Fortsatt satsing på nordområdene

Dette er de «Hemmelige» budsjettvinnere

Les meir om statsbudsjettet her!


Les flere nyheter