Meny

Bli redd eller døy?

Julie Rusti som "Siri" i skrekkfilm-suksessen Fritt Vilt III. FOTO: Fantefilm/Filmweb
Julie Rusti som "Siri" i skrekkfilm-suksessen Fritt Vilt III. FOTO: Fantefilm/Filmweb

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Folk i alle kulturar elskar å la seg skremme. Kvifor i all verda er det sånn? Svaret på dette spørsmålet finst kanskje i ny, dansk forskning.

Mathias Clasen ville finne ut kvifor folk var så glad i å bli skremt. I ein artikkel publisert i det annerkjente tidsskriftet “Review of Genereal Psychology” skriv han sitt biokulturelle utgangspunktet for forskinga. Han ønskjer å sjå på samanhengen mellom kulturfenomen som skrekkfilm og hjernen.

Gleda av å la seg skremme gå nemlig igjen i dei fleste kulturar og langt attende i tida: skrekkfilmar vert elska over heile planeten, og det er ofte det same som skremmar oss. 

Det er dette som er bakgrunnen for teorien hans om at lysten på eit godt gys er nedkoda i DNA-et vårt.

Les også: Slik endrer barna den du er

Elskar genane våre skremsel?

Ein grunntanke i evolusjonær teori er at det er eigenskapar som hjelper oss som overlev. At hugen for skrekk kan gå tilbake til steinalderen, er eit viktig poeng for Clasen:

– Då våre forferde levde som jeger-samlarar på den aust-afrikanske savannene var det viktig å vere budd å farer frå rovdyr og kryp. Dei var nøydde til å trene sine reaksjonar i pressa situasjonar, og lysten til det avleira seg i deira DNA - som vi stadig ber på i dag. Når vi ser skrekkfilm tilfredstillar vi den lysta: Vi trenar vår skrekk-beredskap, seier forskaren Mathias Clasen til videnskab . dk.

QUIZ:  Kva veit du om skrekkfilm?

Frykt er bra

Dette rimar godt med resten av forskinga, meiner Leif Kennair. Han er førsteamanuensis ved NTNU, og forskar på barn, utvikling og angst. Han publiserte tidlegare i år ein artikkel om kor nødvendig risikofylt leik er for barn. Hovudpoenget i artikkelen er at barn lærar å takle både angst og farar gjennom småskummel og spanande leik.

Men kva trur han om frykt og evolusjon?

– Eg trur at funksjonen til frykt heilt uomtvisteleg er eit resultat av evolusjon. Det gjer nok heile det psykologiske fagfeltet og alle angstbehandlarar, seier han.

Frykt og angst har hjelpt oss evolusjonært ved å lære oss kva vi skal unngå, meiner han.

– Vi har òg i mange år hatt ein nokså klar konsensus om at det vi er redd er ting som anten har smittekjelder eller fysisk farlig for vår fortid.

Angst og frykt

Det er likevel ikkje sånn at all redsle hjelp oss å overleve.

I evolusjonspsykologien skil dei mellom det tilpassingar og biprodukt, der tilpassingar er eigenskapar som auka reproduksjon, medan biprodukt er eigenskapar som følgde med på lasset, fordi dei gjerne ikkje hadde korkje positive eller negative konsekvensar for formeringa.

Ein teori for den evolusjonære bakgrunnen for angst er at det er eit biprodukt på det veldig velfungerande frykteigenskapen. Frykt verkar, og så har angst følgd med på lasset som eit biprodukt.

Teorien til Clasen er at gleda over å bli skremt, anten det er over eventyr eller skrekkfilmar, er ei tilpassing: Dei som trente på å takle redsle fekk rett og slett større sjanse for å overleve.

Men mykje av det vi er redd for finnest jo ikkje i røynda. Kan ein seie skremselshistorier om hekser, vampyrar eller zombiar gjev ein større sjanse for å overleve? Eller kan gleda over å skremmast heller vere eit biprodukt, noko som ikkje direkte hjelper oss, men som vi ikkje tek skade av heller?

Les også: Vi må snakke om sinne

Nedarva zombiefrykt?

I artikkelen argumenterer Clasen for at menneske er redd for zombiar fordi dei med sitt rotne kjøt og skarpe tenner har to kvalitetar menneske har lært seg å frykt: Rote kjøt fordi det kan gjere oss sjuke, og skarpe tenner fordi dei kan skade oss.

Clasen trur at frykta for desse tinga ligg planta i genmateriale.

Kennair forklarar frykta for zombiar på ein noko meir folkevettig måte.

– Udødelege udrepelege fiendar er skumle i alle tradisjonar, og eit døme er greske historier om persarane og alle spøkelseshistorier. Eg trur det fordi folk nokså konkret drap mange fiendar. Opp mot 60 prosent av unge menn døydde som følgjer av valdeleg konflikt!

Dermed var det all grunn for å frykte overmenneskeleg fiendar som ein ikkje kunne drepe, eller som haldt fram å kjempe etter dei vart daud.

Mulegheita for at det eksisterte fiendar ein ikkje kunne drepe eller vinner over var konkret skummel og farlig.

Les også: Lesbisk, jeg?

Barn og skrekk

Kennair har tidlegare uttalt at barn har godt av å få leike på utrygge leikeplassar for å lære seg å meistre angst. Men bør barn få sjå skrekkfilmar? Det er det ikkje heilt lett å svare kategorisk ja eller nei på, tykkjer forskaren. Han meiner barn godt kan få sjå skumle filmar, så lenge det ikkje bli for  skummelt. Og her er det forelda og dei som kjenner barna som må vurdere kva dei kan takle, meiner han.

Likevel er det eit poeng å ikkje skjerme barna for mykje.

– Det er viktig for barn å møte røynda for å vere rusta til å takle henne, det er jo konklusjonen i forskinga eg har jo gjort med Sandseter, seier Kennair.

Han er likevel usikker på om det å bli skremt kan gjere ein betre til å takle røynda. Han trur at det er meir sannsynleg at ein lét seg skremme av eventyr og forteljingar fordi det er artig.

– Fortida var jo full av mange forferdelige forhold. I tillegg til dødstala for unge menn, så døydde mødrer i barsel eller dei kunne bli røva av naboar. I tillegg var det rovdyr, parasitter, vêrforhold, sjukdom og svolt. Livet var hardt, seier han.

QUIZ: Kva veit du om troll?

Skrekkfilm som fryktpornografi

Kennair samanliknar forholdet mellom den tenelege frykta og skrekkfryden med forholdet mellom porno og reproduksjon.

– Skrekkfilmar kan nett som porno fascinerer sjølv om det ikkje gjev noko direkte auke i reproduksjonen. Som horror er jo porno og ein nokså stor filmgenre økonomisk, avsluttar han.

Populært