Meny

Fryktar for livet på bussar utan belte

FARLIG. På denne bussen på Ring 3 i Oslo er det fleire passasjerar som bruker ståplassen medan bussen køyrer i 70-sona.
FARLIG. På denne bussen på Ring 3 i Oslo er det fleire passasjerar som bruker ståplassen medan bussen køyrer i 70-sona.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Bussar med ståplassar og utan setebelte blir brukt i 70- og 80-sona i alle dei fire største byane i Noreg. – Uforsvarleg, seier Trygg Trafikk. Morten Habbestad (19) er redd.

– Eg ynskjer ikkje å døy eller verta alvorleg skadd på grunn av manglande tryggleiksbelte. Det burde ikkje vera så vanskeleg å få dette her til, seier Morten Habbestad (19) til Framtida.no.

Den tidlegare elevrådsleiaren ved Stord vidaregåande skule har skrive brev til både Skyss og Samferdselsdepartementet etter å ha kjent seg utrygg på fleire bussar i som suser av garde i 80 km/t utan fastmontert setebelte.

Les også: – Menn bør ikkje få lappen før dei er 23

Bruker bybussar på motorvegen Ein av stadane der det køyrer bybussar utan setebelte er motorvegen mellom Bergen sentrum og Åsane.

– Bussdirektivet definerer kva som er godkjent og ikkje. Klasse 1-bussar har ikkje krav til bilbelte, og er meint som bussar som skal operera i nære bystrok med mange stopp og mykje av- og påstiging. Det finst per dags dato ingen restriksjonar på desse bussane i høve til fart, seier Camilla Lundberg Berntzen, kommunikasjonsrådgjevar ved Skyss, som har ansvaret for rutebussane i Hordaland. 

– Er det trygt å sitja på bussen utan belte når bussen køyrer over 50 km/t? 

– Skyss held seg til nasjonale reglar og køyretøyforskrifter som gjeld for heile landet. Når bussane er godkjend av vegvesenet, og tilfredsstiller nasjonale kjøretøyforskrifter forventar me at tryggleiken er ivaretatt, seier ho. 

Les også: – Bilen må ta rattet frå menneska

– Meint å brukast ved låg fart

– Eg tvilar på fylkeskommunen si beslutning. Dei bør revurdera bruken av bybussar utanfor sentrumsområde, seier Morten Habbestad til Framtida.no.

Samferdselsdepartementet viser til ei forskrift frå 1994 som fastset krav om tryggingsmiddel i bussane. For bybussar er det ikkje krav om setebelte.

– Dette er fordi desse bussane primært er retta inn mot passasjerar som står, og for hyppig av- og påstiging. Dette gjenspeglar at bussane er meint å brukast der ein køyrer med låg fart på ruter med kort avstand mellom haldeplassane, skriv Samferdsledepartementet i eit brev til Morten Habbestad.

– Fylkeskommunane kjenner sine eigne vegar best, og har dermed òg eit betre grunnlag for å vurdera kva for bussar som passar strekningane best, held departementet fram.

Les også: – La 17-åringane køyre bil åleine

– Veldig stort skadepotensiale

Trygg Trafikk er ikkje nøgd med situasjonen, og krev at styresmaktene vurderer ei regelendring.

– Me meiner det er uforsvarleg med ståplassar og sete utan belte i bussar som køyrer på vegar med fartsgrense på 80 km/t. Det skjer heldigvis sjeldan alvorlege bussulukker, men skadepotensialet er veldig stort dersom det skulle skje ei ulukke, seier kommunikasjonssjef Kristin Øyen i Trygg Trafikk til Framtida.no.

– Me meiner det bør vurderast å ikkje tillata at bybussar utan belte blir brukt på vegar med fartsgrense over 60 km/t, legg ho til.

Les også: Ein av fem gutar gjer som Anders

Her får du ikkje setebelte Alle dei raude bussane til Ruter i Oslo er bybussar utan setebelte og med ståplassar.

– Innimellom blir desse brukte på strekningar med fartsgrense over 60 km/t, seier pressetalsperson Sofie Brun, men legg til at dette berre er på delane av rutene dei køyrer.

I Bergensområdet er Skyss sjølv kjent med at bybussar utan setebelte blir nytta på strekningar med 80-sone på linjene 3, 4 og 50E.

Ifølgje Kolombus i Rogaland blir det brukt bussar med ståplassar og utan setebelte på motorvegen utanfor Stavanger. 

På nokre ruter som X50, X39, X71, X73, X74 X76 og X77 køyrer cirka ein av fem bussar i over 60 km/t utan setebelte.

I Sør-Trøndelag blir det brukt bybussar utan setebelter i 80-sona på ein kort del av turen mellom Heimdal og Trondheim sentrum.

Ifølgje marknadssjef Grethe Opsal i AtB har dei sett inn ekstra kapasitet for å unngå at folk må stå på bussane.

Les også:

Sommel, overivrig bremsing og glaning skaper kø

Her belønnes god kjøring med gavekort

Bilturen snudd om på livet

Les flere nyheter

Populært