Meny

Kva skal ein seia om rettssaka?

Rosetog og påfølgende konsert under Norway Cup, til minne om ofrene for terroren i Oslo og på Utøya. Foto: Terje Bendiksby / Scanpix.
Rosetog og påfølgende konsert under Norway Cup, til minne om ofrene for terroren i Oslo og på Utøya. Foto: Terje Bendiksby / Scanpix.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

– Svar ærleg og sannferdig på spørsmåla frå borna – tilpassa alderen deira, seier barneombod Reidar Hjermann.

Born og unge kjem i likskap med alle andre til å få med seg den massive dekninga av terror-rettssaka gjennom TV, internett, avisar og andre medium. Frå starten måndag 16. april vil rettsaka prega nyhendebiletet i ti veker framover.

Nyhendeformidlinga er ofte tilpassa vaksne, og foreldre og andre kan vera ei viktig støtte når born får med seg det som skjer gjennom media. 

– Eg oppfordrar alle born og unge om å snakka med foreldre eller vaksne dei stolar på, viss dei er urolege eller ynskjer å prata med nokre om inntrykka frå rettssaka, seier barneombod Reidar Hjermann

– Får med seg meir enn vi trur Barneombodet er klar på at born og unge kan ha bruk for å få vita kva som har skjedd akkurat som vaksne.

Atle Dyregrov ved Senter for krisepsykologi skriv i ein kronikk i Aftenposten at ein har lang erfaring med at vaksne undervurderer kva sjølv små born kan ha fått med seg.

– Vaksne kan òg overvurdera kva ungdom veit om rettssystemet og undervurdera behovet deira for å forstå kva som skjer. Overlaten til seg sjølv eller til samtalar med jamaldrande born og unge kan misforståingar, rykter, frykt og fantasiar ofte råde grunnen åleine, skriv han.

LES OGSÅ: Viljar vann valet – og livet

Her er råda frå Barneombodet om korleis vaksne kan møta barna:  • Ver open for spørsmåla til born om kva som har skjedd. Det kan vere om gjerningsmannen, kvifor han gjorde det, om rettssaka og straff, eller om dette kan skje igjen. 

• Ver tydeleg på at gjerningsmannen ikkje går ute blant folk. 

• Svar ærleg og sannferdig på spørsmåla, men på ein måte som er tilpassa alderen til barnet. Konsentrer svara om det barnet faktisk spør om. Ikkje sei ting som er usant for å skjerme barnet, og husk at det ikkje alltid er naudsynt å fortelje alt. 

• Det kan vere aktuelt å skjerma born mot sterke bilete i media for å motvirka at born mottek inntrykk dei ikkje klarar å takla. 

• På spørsmåla om kvifor gjerningsmannen kunne gjera noko så grusamt, kan det hjelpe og forklara at han har hatt sjuke tankar i hovudet sitt eller bruke eit ord som "feiltankar" eller "tankeforstyrringar". Understrek at det er veldig uvanleg at nokre tenkjer på denne måten. 

• Ver merksam på borna sine reaksjonar og følelsar. Informasjon som kjem fram under rettssaka kan gjere dei redde, engstelege, sinte eller triste, og då er det viktig for dei at dei vaksne forstår korleis dei har det. 

• Unngå å spør born om kva dei føler. Sei heller noko om at du synest barnet virkar trist eller engsteleg viss du faktisk synest det, eller snakk litt generelt om korleis det er naturleg å reagera på ein slik hending. La dei få høve til å fortelja om følelsane sine viss dei vil, men prøv å unngå å gje dei inntrykk av at dei skulle følt meir enn dei gjer. 

• Jo nærare barnet står nokon som vart drepen, skadd eller er pårørande, jo meir sannsynleg er det at dei har behov for å snakka om rettssaka og det gjerningsmannen har gjort. 

• Born må òg få lov til å føle at rettssaka og den dramatiske hendinga ikkje har så mykje med dei å gjera, dersom dei ikkje kjenner nokon som er direkte rørt. 

• Born snakkar gjerne om slikt i små porsjonar av gongen. Så tek dei kanskje det dei har fått vita med seg i leiken sin og bearbeider det vidare gjennom denne. Leik fungerer for born som språk gjer for vaksne. Det er ein reiskap for å bearbeida og meistra erfaringar. Difor er det ikkje grunn til å uroa seg over at den dramatiske hendinga dukkar opp i leiken til born. Tvert i mot, dette er sunt og naturleg. 

LES OGSÅ: Me står sterkare saman

Både eigne og andre sine born  Råda over gjeld alle vaksne som har med born å gjera. Det er først og fremst foreldre, men det kan òg vere vaksne som møter born og unge gjennom jobb eller frivillig verv.

– Òg dei som jobbar på stader som skulen, bibliotek og symjehallar, eller er speidarleiar eller fotballtrenar, tilbringer mykje tid med barn. Det kan då vera viktig å visa born som har mykje å tenkja på at ein er ein trygg vaksen som kan hjelpa, seier Reidar Hjermann, som sjølv er psykolog.

– Nokre kan vere redde for å trå over personlege grenser. Det treng ikkje vere vanskeleg å trøyste og støtte, og det skal mykje til for å gjere noko som er skadeleg, seier han.

NRK Super sine temasider er det lagt ut mange saker og ei spesialsending om 22. juli. Supernytt lagar TV-nyhende for barn mellom 8 og 12 år, og dei vil også dekkja rettssaken mot Breivik.

– Det blir ganske mykje om rettssaka dei første vekene, men det kjem ikkje til å handla om den i kvar einaste sending i dei 10 vekene saka pågår, seier prosjektleder i Supernytt, Live Kaldestad til nrk.no.

LES OGSÅ: Åtvarar mot kritikk av Utøya-overlevande

Faresignal  Til saman er 161 av dei fornærma under 18 år. For dei sjølve, venene og søskena deira er rettssaka ekstra nær.

Nokre born kan ha vore meir påverka av terrorhandlinga enn andre, og reagera så sterkt under rettssaka at dei får vanskar undervegs og i etterkant. Dei viktigaste signala på dette er:  • Konsentrasjonsvanskar  • Søvnproblem  • Endra åtferd ved at dei til dømes blir aggressive eller urolege, kanskje byrjar å oppføre seg meir småbarnsleg enn alderen tilseier, som til dømes å tisse i senga om natta eller vere reidde for å leggja seg åleine.  • Mareritt om hendinga, eller at plagsame bilete frå hendinga og rettssaka stadig dukkar opp ufrivillig. 

Ved slike reaksjonar er det ekstra viktig at barnet følar dei kan snakke med nokre om det som plagar dei, ifølgje barneombodet. Kanskje det òg kan vere naudsynt med profesjonell hjelp for å klare å fordøye inntrykka som kjem gjennom media.

LES OGSÅ: – Eg har fleire meiningar no enn før

Hjelpetilbod
Det blir ei massiv opptrapping av helsetilboda under rettssaka, ikkje minst for dei som er direkte råka. Rettssaka skal direkteoverførast til 17 tingrettar over hele landet, og på alle desse stadane vil det vera sjukepleiar og psykolog til stades. Berre i Oslo Tingrett skal 20 sjukepleiarar gå i turnus for å vera til hjelp for dei som treng det.

54 familevernkontor over heile landet kan tilby støtte. Tilbodet er gratis. Fullstendig oversikt og telefonnummer finn du her.

Oslo kommune har publisert ei oversikt over kontankt- og krisetelefonar fordelt på bydelane i hovudstaden. Telefonane er opne frå 9-15 på kvardagar.

Nasjonal støttegruppe for 22.juli-hendingane kan kontaktast direkte.

Les mer på Framtida.no

Populært