Meny

Ungdom vel studie som ikke gjev jobb:

Kan lova to jobbar til kvar einaste ny ingeniør

Berre 11 prosent av ungdom mellom 15 og 18 år vil studera ingeniørfag. Her frå Ung Energi-konferansen til Oljeindustriens landsforening tidlegare i vinter. FOTO: OLF/CC-lisens.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Berre 11 prosent av ungdom mellom 15 og 18 år siktar seg inn mot ingeniørfag.

Ei ny undersøking som Norstat har utført for Norsk Industri, viser at helse- og sosial er den mest attraktive yrkesretninga, med kunst og kultur på ein god andreplass.

Det skriv framtida.no idet fristen for å søkja høgare utdanning går ut søndag.

Berre 11 prosent siktar seg inn på ingeniøryrket.

Men ingeniørar trengst

– Kvart år framover vil Noreg ha bruk for cirka 12.000 ingeniørar. Dersom berre elleve prosent på landsbasis vel ingeniørutdanning, betyr dette at berre halvparten av behovet blir dekt, seier Jørn Sund-Henriksen, fagsjef for utdanningspolitikk i Norsk Industri til ba.no.

- Me kan lova minst to jobbar til kvar einaste nyutdanna ingeniør, seier fagsjefen.

LES OGSÅ: Tømmer Noreg for ingeniørar

Ventar høge søkjartal

 Vel 103.000 personar søkte om opptak til høgare utdanning gjennom Samordna opptak i fjor. Frå 2008 til 2011 gjekk søkinga til høgare utdanning opp med over 15 prosent, og det ser ut til at trenden vil fortsetja, ifølgje Kunnskapsdepartementet.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen oppmodar ungdom til å velja naturfag og lærarutdanning.

Den 15. april går den ordinære fristen for å søkja om opptak til høgare utdanning gjennom Samordna opptak ut. Utfallet av hovudopptaket er klart 20. juli.

LES OGSÅ: Her er det best å studera

Dette vil ungdom jobba med:

Administrasjon / Kontor/ Personal 2%

Bank / Finans / Forsikring 1%

Forsking / Utvikling 2%

Helse / Sosial 27%

Hotell / Restaurant / Storhushaldning 2%

Handverk / Bygg / Anlegg / Mekanikk 11%

IT / Telekommunikasjon / Internett 5%

Industri / Produksjon 4%

Ingeniøryrke 11%

Interesseorganisasjonar 1%

Jordbruk / Skogbruk / Jakt / Fiske 2%

Konsulentar / Frie yrke 6%

Kunst / Kultur 13%

Luftfart 3%

Media / Informasjon / PR 6%

Offentlige tenester / Forvaltning 7%

Olje / Gass Off- / Onshore / Maritim 4%

Personlege teneste- og servicebr. 3%

Reiseliv 2%

Sal / Marknadsføring 2%

Transport / Logistikk / Lager 1%

Utdanning / Undervising / Forsking 12%

Økonomi / Rekneskap 7%

Anna: 2%

Idrett / Sport 6%

Veit ikkje  15%

Les òg:  Den store utdaningsbløffen

Les andre nyhende.

Populært