Stråling kan ha skapt heilagt bilete

Likkledet i Torino: fotografi av andletet, positiv til venstre, negativ til høgre. Bilete: Wikipedia
Likkledet i Torino: fotografi av andletet, positiv til venstre, negativ til høgre. Bilete: Wikipedia

Stråling er den sannsynlege årsaka til biletet på likkledet i Torino, ifølgje ny rapport.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Likkledet i Torino, kledet som tradisjonen seier kroppen til Jesus vart lagt inne i og som ber biletet av ein mann som vart krossfest på same måte som i evangelia, er framleis eit mysterie for forskarar. Ein ny rapport konkluderer med at det mest sannsynlege er at biletet kjem av stråling.

Giulio Fanti som er professor ved universitetet i Padua har studert likkledet i mange år. Resultata har nyleg vorte presentert i Journal of Imaging Science and Technology.

– Heilt sidan fotografen Secondo Pia fekk fatt i dei første fotografiske reproduksjonane av Likkledet i 1898 har det vore mange hypotesar på korleis biletet har vorte til, seier Fanti til den italienske avisa La Stampa.

LES OGSÅ: Norske prestar trur ikkje på bibelforteljingane

Gamal gåte Mange interessante hypotesar har vore undersøkt til no, men ingen av desse har vore i stand til å forklare det mystiske biletet skikkeleg. Ingen av reproduksjonane ein har fått laga klarer å portrettere karakteristikkar som er like dei ein finn på Likkledet frå Torino.

Artikkelen undersøkjer alle dei vanlege hypotesane og samanliknar dei med 24 av dei unike karakteristiske særtrekka med likkledet. Dei første hypotesane som vart laga av forskarane som først undersøkte dei første fotografia av likkledet for over hundre år sidan har vorte vurdert nøye, til dømes teoriane som hevda at det kom av kritt, ammoniakk, av lynnedslag eller sinkpulver.

– Under forskinga vurderte eg òg sjansen for at ein kombinasjon av meir enn ein av mekanismane kan ha spelt ei rolle i skapinga av biletet, og tok føre meg dei som, mot slutten av siste hundreåret, starta å tvile på autensiteten til likkledet og difor starta å foreslå reproduksjonsteknikkar som ulike mellomalderkunstnarar nytta seg av.

LES OGSÅ: Så mykje får konfirmantane

Laser førte til konklusjon om stråling Konklusjonen, som var at stråling var årsaka, vart vurdert etter å ha sett på resultata ENEA, det italienske nasjonale byrået for ny teknologi, energy og bærekraftig utvikling, fekk med excimer-laser.

– Strålingsteorien let oss kome nærare dei spesielle karaktertrekka biletet har, men stiller framleis eit viktig problem: Berre små seksjonar av biletet, noko slikt som kvadratcentimeter, kan bli reprodusert, det er ikkje enno nok ressursar tilgjengelege i laboratoriet tilgjengeleg.

QUIZ: Prøv deg på påskequizen vår!

Eksperimenta som vart utførte i Padua av professor Fanti saman med professor Giancarlo Pesavento har krevd straum på omlag 500 000 volt for å få desse resultata.

Stråling er altså den mest sannsynlege årsaka til biletet, om ein skal tru Fanti. Dette er den einaste teorien som, om enn noko avgrensa, klarar å svare på korleis det unike biletet kan ha vorte til. Men, for å kunne skapa noko så stort som biletet på likkledet, ville du trenge titals millionar av volt med straum. Eller sjå vekk i frå vitskap og sjå på fenomenet som noko som er knytta til at Jesus sto opp frå dei døde, avsluttar Fanti.

Les meir om Likkledet i Torino på Wikipedia!

Les mer på Framtida.no

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden