Mannleg lærar ville vere ven med dei finaste jentene

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
Artikkelen fortsetter under annonsen

No blir Facebookproblem tatt opp i bystyret i Bergen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Frp-politiker Ellinor-Therese Kreybu tek no opp Facebook-problem i bystyret. Ho ber elevar og lærarar bør tenkje seg om før dei vert vener i sosiale media.

Elevar og foreldre har teke kontakt med Kreybu og ytra at dei synast det er problematisk at elevar og lærarar er vener på Facebook. Mandag tek Kreybu opp problemstillinga i bystyret i Bergen, skriv nrk.no.

– Eg vil at vi skal få ein debatt kring dette. Både lærarar og elevar kan oppleve dilemmaet ved å vere vener på nettstadar som Facebook eller MSN, seier Kreybu til framtida.no.

Skaper konflikt

Ho har fått vite om tilfelle der unge mannlege lærarar berre vel å vere ven med eit par av jentene i klassen, medan gutane får nei om dei spør om å få vere Facebook-ven med same lærar.

Les også: Nå er han planetens rikeste rocker

– Slike situasjonar skapar konfliktar og usikkerheit i klasserommet, seier Kreybu. Ho meiner ein bør skilje mellom skule og fritid, og at den digitale plattforma It’s learning er ein stad der lærarar og elevar kan kommunisere, og at Facebook og MSN bør vere privat.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– I dag kan forventningar om å vere vener på Facebook skape eit utilbørleg press, både for elevar og lærarar, seier Kreybu.

I Bergen kommune sitt reglement for tilsette står det at ein skal reflektere over om ein skal ha kontakt med elevar, brukarar og pårørande i sosiale media. Kreybu oppfordrar no lærarar og foreldreutval ved dei ulike skulane til å tenkje over problemstillinga.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg tykkjer rektorane bør ta dette opp med lærarar og FAU. Kanskje kan alle rektorane i kommunen eines om felles retningsliner, spør Kreybu.

Ikkje forbod førebels

Ho ynskjer ikkje at kommunen innførar eit forbod mot at lærarar og elevar er vener på Facebook no.

Les også: Sjekk dine medpassasjerer når du bestiller flybilletten

– Dei det gjeld må fyrst seie kva dei meiner. Viss dei sjølve ynskjer eit forbod, er det noko vi sjølvsagt vil sjå på, seier Kreybu.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Åtvarar lærarar

Rektor Atle Fasteland ved Rothaugen skole i Bergen trur dei fleste lærarar tenkjer seg om før dei vert vener med elevar.

– Eg ville vore utroleg reservert mot å sleppe noverande elevar inn på mi Facebook-side. Det vil verte ei feil rolleføreståing viss elevar er på min Face. Vi treng medvit når det gjeld rolle, seier Fasteland.

Les også: Fant tvillingsøster på Facebook etter 28 år

– Har du oversikt over kva lærarane ved din skule gjer?

– Nei, det har eg ikkje. Men eg vil åtvare dei mot å verte ven med noverande elevar på Facebook, seier Fasteland. Han meiner det er umogleg å lage reglar, men at ein i staden må få i gang ein debatt og fremje dei retta haldningane.

– I sosiale media må vi tenkje mykje rolle, seier Fasteland.

«Kult og tidig»

Cidi Nzita er elevrådsleiar ved Rothaugen. Han er einig med rektor.

– Elevar bør helst unngå å vere vener med lærarar. Det er viktig å skilje mellom privatliv og skule, seier Nzita. Han seier nokre elevar synast det er «kult og tidig» å vere FB-ven med lærarar, sjølv har han to lærarar på si veneliste.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: Har tjent seg søkkrik på Facebook

– Eg er ven med kontaktlæraren vår fordi eg formidlar informasjon vidare frå læraren til resten av klassen gjennom Facebook. Men eg har gitt lærarane berre tilgang til enkelte ting på min profil, seier Nzita.

Kva synest du om at lærarar og elevar er vener på Facebook?

Diskutér emnet i debattfeltet under.


Les også:

Difor funkar Facebook til flørting

Er du avhengig av Facebook?

Les raskare med digitale verktøy

Fryktar at 21.000 skal kome i bursdag


Les fleire nyheter her