Meny

Krev slutt på Oslo som bokmålsby

Ingrid Baltzersen (R) er ei av dei som står bak forslaget om tillata nynorsk som administrasjonsspråk i Oslo. Foto:Berit Roald (Scanpix)

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Raudt vil ha slutt på bokmålstvang i hovudstaden.

Oslo-politikarane vedtok 1977 at bokmål skal vere offisielt administrasjonsspråk i kommunen. Det tyder at ingen tilsette får lov til å bruka nynorsk i jobben sin.

35 år etter nynorskforbodet foreslår no Raudt å oppheva vedtaket.

Les også: Lever lengre i nynorskland

– Ein heldig situasjon

– Noreg er i den heldige situasjon å ha to jamstilte skriftspråk, som begge er ein viktig del av kulturarven vår. Oslo kommune, som landets hovudstad, bør vera språknøytral langs heile lina, skriv bystyregruppa til Raudt i forslaget som truleg kjem opp i Finanskomiteen i Oslo kommune i mars.

Les også: VG-redaktør vil ha nynorsk

– Oslo kommune er språknøytral i kommunikasjon med statlige organ, og Raudt ynskjer at tilsette skal kunne bruke den målforma dei vil i brev, utgreiingar og andre interne dokument, seier Ingrid Baltzersen (R).

Bakgrunnen for forslaget var at ho deltok i ein valdebatt i Vikværingen, fylkeslaget i Noregs Mållag, der denne problemstillinga kom opp, og politikarane blei utfordra til å gjera noko med saka.

Les også: - Eg har fått mange sinte telefonar

– Grunnen til at me stiller forslaget er jo at me synst det er diskriminerande at tilsette i Oslo kommune ikkje får bruka nynorsk, understrekar ho.

– Burde skamma seg

Raudt får full støtte frå leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård.

– Oslo burde skamma seg over å forby eigne tilsette å bruka den eine av dei to offisielle norske språkformene. Dette er ikkje Oslo x-large, slik byen ønskjer å framstilla seg, seier han.

Øvregård viser til at hovudstaden truleg er den byen i landet med flest nynorskbrukarar, og at fleire butikkar, kafear og institusjonar bruker nynorsk her.

Les også: Halvorsen vurderer mindre satsing på nynorsk

Før Finanskomiteen skal ta stilling til forslaget frå Raudt, skal byrådet koma med si innstilling. Øvregård minner om kva skulebyråd Torgeir Ødegaard skreiv då det var snakk forsøk med frivillig sidemålsundervising i Oslo-skulane.

– Han sa at det var viktig å arbeida for ei positiv haldning til nynorsk. Forslaget frå Raudt er nettopp dette, understrekar Øvregård.

Kva synst du om forslaget? Bør det vera lov for tilsette i Oslo kommune å skriva nynorsk?

Quiz: Skjønar du bokmål?

Les også: Therese Johaug får Dialektprisen


Les fleire nyhende her

Populært