Statens vegvesen får språkrefs

...IKKE SLIK, MEN SLIK: Dette nynorskskiltet i Vik i Sogn er i tråd med målforma til Staten vegvesen region vest. Andre stadar synder dei. Foto: Berit Keilen / Scanpix
...IKKE SLIK, MEN SLIK: Dette nynorskskiltet i Vik i Sogn er i tråd med målforma til Staten vegvesen region vest. Andre stadar synder dei. Foto: Berit Keilen / Scanpix
Artikkelen fortsetter under annonsen

Språkrådet reagerer på bokmålsskilt langs vegen i nynorskkommunar. - Uakseptabelt, vedgår Statens vegvesen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Fakta om mållova
  • Etter § 8 i mållova skal regionale statsorgan «syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. som organet lagar, er i fleirtalsmålforma for området».
  • Vidare heiter det i same paragrafen at tilfang «med særleg tilknyting til ein kommune skal vere i den målforma kommunen har kravt».
  • Både den generelle regelen som gjeld fleirtalsmålform i eit område, og den spesifikke som gjeld målvedtak i kvar kommune, gjer at Statens vegvesen region vest skulle ha bruka nynorsk i kunngjeringa om fv. 541 i Bømlo kommune og i lysinga om stengde trafikkontor i Bergen og Nordhordland, ifølge Språkrådet.

Statens vegvesen region vest får kraftig språkkritikk i eit brev frå Språkrådet. Bakgrunnen er at Statens vegvesen har skilta på bokmål i ei rekkje nynorskkommunar på Vestlandet. I tillegg har etaten brukt bokmål i fleire kunngjeringar i Bergens Tidende.

Det er Erlend Bakke (47) frå Askøy utanfor Bergen, som har gjort Språkrådet merksam på bokmålsskilt i nynorskland.

- Eg har køyrt desse strekningane og sett at det ikkje er skilta på nynorsk. Det tyder på slendrian i Statens vegvesen, ettersom desse reglane har vore kjende i lang, lang tid. At dei ikkje følgjer regelverket tyder på at dei ikkje bryr seg, eller at dei ikkje har gode nok rutinar, seier Bakke til ABC Nyheter.

Pålagt å bruke nynorsk

Langs E39 i Fitjar kommune har Bakke reagert på fleire skilt, mellom anna eitt med ordlyden «Spesielt overvåket område». Også ved fleire tunnelar langs E16, riksveg 7, fylkesveg 48 og 551 gjennom Samnanger, Fusa, Kvinnherad og Vaksdal, har Bakke observert bokmålstekstar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Mest sannsynleg finst det mange andre skilt som eg ikkje har sett, påpeikar han.

- Ein kan godt seie at eit skilt ikkje er så farleg, men her er det snakk om haugevis av skilt som skal stå langs vegen dag ut og dag inn. Det er sabotering av nynorsken, meiner Bakke.

Direktøren i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen, slår fast at Statens vegvesen region vest bryt mållova når dei ikkje nyttar nynorsk.

Statens vegvesen region vest har nynorsk som tenestemål fordi nynorsk er fleirtalsforma i dei fylka regionen dekkjer. I dei tre vestlandsfylka er det 67 nynorskkommunar, tre bokmålskommunar og 15 språknøytrale kommunar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet, refser Statens vegvesen for brot på mållova. Foto: ScanpixArnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet, refser Statens vegvesen for brot på mållova. Foto: Scanpix

Krev tiltaksplan

Det er ikkje første gong Språkrådet har gjort Statens vegvesen merksam på at dei bryt mållova.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Me ventar at de no sørgjer for at lovverket blir etterlevt i organisasjonen, skriv språkdirektøren.

I brevet etterlyser Språkrådet ein tiltaksplan for bruk av nynorsk, som dei vil ha i hende innan 10. oktober. I tillegg krev Språkrådet at bokmålsskilta som Bakke har observert, blir bytta ut med nynorskskilt.

- Vi har forklaringar, men ingen gode unnskyldningar, seier Øyvind Haaland, seksjonsleiar på byggherreseksjonen i Statens vegvesen region vest, til ABC Nyheter på spørsmål om kvifor skilta er på bokmål.

- Vi veit godt kva som er målforma i region vest. Når det glipp, skuldast det mangel på kunnskap og opplæring hos dei som utfører sjølve jobben.

Forvirring om ansvar

Haaland vedgår at dei ikkje har gode nok rutinar for å sikre at det som skal vere på nynorsk, blir på nynorsk. I etaten herskar det full forvirring om kven som har overordna ansvar for språkbruken.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Vi har funne ut at vi ikkje er heilt samde om kven som har eit overordna ansvar for målforma i region vest. Ansvarsområdet felll ikkje naturleg inn i ei avdeling, så det må vi sørgje for å få klarlagt, seier Haaland.

Han avviser at Statens vegvesen bevisst saboterer nynorsken.

- Dette skuldast ikkje bevisst sabotasje eller vrangvilje frå Statens vegvesen eller oss som jobbar her, seier Haaland, som sjølv har hovudfag i nordisk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Uakseptabelt

No vil han sørgje for at medarbeidarane blir sendt på nynorskkurs.

- Vi vil sette i gang opplæringstiltak. Det er på langt nær alle i region vest som har nynorsk som hovudmål, og hos andre er nynorsken i beste fall rusten. Vi har hatt kurs tidlegare, men dette må gjentakast, også fordi vi har fått mange nye medarbeidarar dei siste åra. Alle har fått beskjed om at nynorsk er målforma, men ikkje alle har fått god nok opplæring i kva det i praksis inneber.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Kjem de til å bytte ut bokmålsskilta?

- Vi kan jo ikkje la skilt som bryt med våre retningslinjer, bli ståande oppe. Skilt som det er feil på, må vi ta ned og erstatte med andre skilt.

Akkurat når det vil skje, er meir usikkert.

- Vi klarer ikkje å bytte ut alle med ein gong og må passe på at vi erstattar skilta samstundes som vi utfører andre tiltak på strekningane. Men i prinsippet er det ikkje akseptabelt at vi har skilt i region vest som er på feil målføre.

Les fleire nyhende