– Kryss fram ein ungdom

I sofa: Åsmund Aukrust (AUF), Elisabeth Løland (KrFU), Marte Teigen (RU) og Johannes Rindal (Senterungdommen). Bak: Henrik Asheim (H), Olav Magnus Linge (SU), Sveinung Rotevatn (UV) og Ove Vanebo (FpU). Foto: Svein Olav Langåker.
I sofa: Åsmund Aukrust (AUF), Elisabeth Løland (KrFU), Marte Teigen (RU) og Johannes Rindal (Senterungdommen). Bak: Henrik Asheim (H), Olav Magnus Linge (SU), Sveinung Rotevatn (UV) og Ove Vanebo (FpU). Foto: Svein Olav Langåker.

Leiarane av ungdomspartia oppmodar folk til å stemma ungdom fram.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Unge under 30 år er kraftig underrepresentert i styringa av kommunar og fylke. Og undersøkingar både av Framtida.no og Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner i sommar, viser at det kan bli endå færre unge som blir valt den 12. september. Av dei som stiller til val i haust er det berre 10,6 prosent som er under 30 år. Endå færre har sikre plassar på listene. Snittalderen på alle listekandidatane er 49 år.

No oppmodar leiarar og nestleiarar av alle ungdomspartia i Noreg til å stemma fram ungdom.

– Unge opp til 30 år er ei stor veljargruppe, men dei er ikkje like godt representerte. Eg vil oppmoda alle til å stemma fram unge veljarar. I kommunestyret er det ikkje mange personstemmer som skal til for å endra resultatet, seier Johannes Rindal, leiar i Senterungdommen til Framtida.no.

Bruk stemmeretten

I alt 11 AUF-medlemmer som døde i Utøya-åtaket stod til val i lokalvalet til hausten. Fleire av dei på sikre plassar.

Åsmund Aukrust, nestleiar i AUF, seier det viktigaste folk kan gjera no er å bruka stemmeretten.

– Ungdom og demokratiet vårt var målet for terroren den 22. juli, då er det viktig at ungdom brukar dei demokratiske rettane sine, seier han.

Les også: Slik endrar du vallistene

– Unge er meir utdanna

Leiar i Framstegspartiets Ungdom, Ove Vanebo, kjem med denne grunngjevinga for kvifor det kan vera lurt å stemma fram unge kandidatar:

– Unge folk er ofte betre utdanna og skulert. Dei er difor meir stødige i ideologiske spørsmål. Det kan difor vera smart å stemma fram unge.

Slepp unge fram

– Eg synst partia skal nominera fleire unge. Eg synst dei i for stor grad prioriterer ansiennitet. Det er for lite vekt på talent, seier Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn, og legg til:

– Eg oppmodar alle til å stemma fram unge, liberale kandidatar.

– Ein bør gje personstemmer til dei ein meiner bør koma inn. Det er mange flinke, unge folk lengre nede på listene. Dei har mange nye tankar og nytt pågangsmot, seier Elisabeth Løland, leiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom.

Les også: Her er den einaste ungdomslista i Noreg

– Meir demokratisk

Gunnhild Grande Stærk, leiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, oppmodar også alle til å stemma fram unge kandidatar i valet.

– Det vil gjera at ungdomsperspektivet blir betre representert. Unge forstår seg beste på det å vera ung. Ein annan viktig grunn til at fleire unge bør bli valt, er at unge formidlar lettare politikken tilbake til ungdom.

Unge som deltek vil gjera at fleire unge vil oppleva det som relevant å delta i politikken.

– Dessutan er det meir demokratisk at alle aldersgrupper er mest mogleg representert, seier Gunnhild Grande Stærk.

Les også: Dette er dei viktigaste ungdomssakene

Les flere nyheter her

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden