Meny

Dette bør dei eldre bry seg om

I sofa: Åsmund Aukrust (AUF), Elisabeth Løland (KrFU), Marte Teigen (RU) og Johannes Rindal (Senterungdommen). Bak: Henrik Asheim (H), Olav Magnus Linge (SU), Sveinung Rotevatn (UV) og Ove Vanebo (FpU). Foto: Svein Olav B. Langåker/Framtida.no.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Eldre som ikkje vil vera egoistar, bør tenkja på denne ungdomssaka når dei stemmer. Det meiner leiarane av ungdomspartia.

Professor Frank Aarebrot (64) kallar sin eigen generasjon "ekle, egoistiske bandittar". Gjennom 40 år har han undersøkt kva tre saker som er dei viktigaste når folk går til stemmeurnene. Ungdom har alltid svara eldreomsorg som éi sak, medan eldre i løpet av dei siste tiåra har slutta å tenkja på ungdomssaker. Saka som Framtida.no publiserte søndag har skapt stor debatt.

Onsdag ettermiddag møtte me alle leiarane av ungdomspartia, og spurte dei om kva ungdomssak også eldre veljarar bør tenkja på når dei går til stemmeurnene. Dette er det dei svara:

– Pensjonsutgiftene Ove Vanebo, leiar i Framstegspartiets Ungdom (FpU), meiner fleire eldre bør tenkja på pensjonsutgiftene:

– Noreg har 5000 milliardar kroner i oppsparte pensjonsforpliktingar, og nokon må betala for desse. Kanskje ikkje ei sak dagens pensjonistar bør tenkja på, men dei som går over i pensjonistrekkjene snart bør tenkja seg om.

Han seier samstundes at han ikkje ser noko problem i at eldre tenkjer egoistisk når dei stemmer.

 Ein skule for alle er den viktigaste ungdomssaka til Marte Teigen i Raud Ungdom.

– No har det gått fått langt i retning av at folk blir skvisa ut. Eg trur ikkje eldre i dag kan tenkja seg i kor stor grad skulen har endra seg, seier ho.

Ho meiner skulen er ein peikepinn på kva samfunn me vil få.

LES OGSÅ: - Gi ekstra stemme til ungdom

Miljø – Den viktigaste saka alle i Noreg skulle engasjera seg i er miljø, seier Olav Magnus Linge, leiar i Sosialistisk ungdom. Han meiner mange eldre også er interessert i ungdomssaker.

– Det er ikkje sant at eldre ikkje bryr seg. Det er berre til å sjå seg om i nærmiljøa, seier han.

– Skulepolitikk. Åsmund Aukrust, nestleiar i AUF, er ikkje i tvil. – Skulen er den viktigaste arenaen for å forma framtida, og den aller viktigaste saka vår. Me vil ha ein skule som ser alle elevar, og som er tilpassa behova som er der. Me vil ha eit skikkeleg løft for yrkesfaga, oppussing av gamle skulebygg og gode verkstader.

Aukrust legg til at den viktigaste bodskapen deira er at det er viktigare at ein stemmer, enn kva ein stemmer. Unge Høgre-leiar Henrik Asheim er også samd i at skule er det viktigaste:

– Veljarane bør velja det partiet som dei tenkjer kan skapa ein god skule. Ein god skule er også eit sosialpolitisk verkemiddel. Det er nær samanheng mellom kriminalitets- og trygdestatistikkane og ein god skule. Dei som står i alle fag klarar seg betre.

Meir praktisk skule – Då bør ein stemma for ein meir praktisk skule, seier Johannes Rindal, leiar i Senterungdommen.

– Det er heilt avgjerande for å få meir motiverte elevar og minska fråfallet. Dette er så utruleg viktig for korleis me skal finansiera velferda vår. Det handlar om korleis me tar vare på velferdsstaten. For oss som har snakka om dette i 15 år, er det gledeleg å sjå at også andre parti byrjar å snakka om ein meir praktisk skule.

– Utvid demokratiet nedover Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre, seier han er heilt samd med analysen til Frank Aarebrot. Om dei eldre ønskjer å vera meir solidariske med ungdom, så er dette viktigast for han:

– Stemmerett for 16-åringar. Dei eldre er flinke til å nytta seg av stemmeretten. Dei er ei stor og mektig veljargruppe, og det beste dei kan gjera for ungdom er å utvida demokratiet nedover, og få fleire ungdommar med i demokratiet.

LES OGSÅ: Slik kan du endre vallista

Psykisk helse Elisabeth Løland, leiar i KrFU, synst dette er det viktigaste:

– Ungdom og psykisk helse. Fleire enn nokon gong opplever psykiske lidingar. 30 prosent av alle ungdommar vil oppleve ei eller annan form for psykisk liding før dei fyller 17 år, anten det er angst, spiseforstyrringar eller andre ting.

Er du einig med ungdomspolitikarane? Kva ungdomssak meiner du er viktigast?

Populært