Meny

Finn ditt parti i vår valgomat

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Usikker på kva parti du skal velja? I valgomaten vår kan du sjå kva parti du er mest einig med.

Slik går du fram:

På valdagen, 12. september, bestemmer du kven som skal styra kommunen din og fylket ditt. Men fortvil ikkje om du synest det er vanskeleg å velja kva parti som skal representera deg i kommunestyre eller fylkesting! Så lenge du veit kva du meiner, kan valgomaten visa kva parti som meiner det same som deg.

I partitesten til ABC Nyheter og Framtida.no må du ta stilling til 24 påstandar om alt frå samferdsel, miljø og skule til spørsmål om kommunesamanslåing, konkurranseutsetjing og eigedomsskatt. Etter du har svara på alle spørsmåla, reknar valgomaten ut kva parti som du er mest einig med, og kor einig du er med dei andre partia. Svara er oppgjeve i prosent.

Synleggjer forskjellar

Spørsmåla er valt ut for visa forskjellar mellom partia. Me har teke utgangspunkt i politikken til partia sentralt innanfor område som er aktuelle for lokalvalet. Me vil samstundes gjera merksam på at innan enkelte saker kan enkelte lokalparti skilja seg frå politikken til partiet sentralt – anten det er snakk om bompengar, kommunesamanslåing, valfritt sidemål i skulen eller andre saker. Lokalpartia er likevel einige med partiet sentralt i dei fleste sakene dei går til val på.

Av kapasitetsomsyn har me ikkje tatt med alle listene som stiller til val. Sjå kva lister som stiller til val her.

Prøv andre også!

Ikkje heilt nøgd med resultatet av partitesten vår? Me vil også tilrå å prøva andre valgomatar. Andre valgomatar kan ha valt ut nokre andre spørsmål, og kan ha opna for vekting av spørsmåla. Dette kan difor gje andre resultat. Dess fleire valgomatar du prøver, dess betre innblikk kan du få i korleis meiningane dine samsvarar med meiningane til dei forskjellige partia.

Partitesten.no er ein uavhengig partitest som gjev deg høve til å svara på 10, 20 eller 30 spørsmål. Etter kvart som andre legg ut valgomatar vil me lenkja til desse! Her kan du prøva valgomaten til NRK frå sist lokalval i 2009.

Lykke til!

Populært