Meny

Like mykje mobbing som før

Over 31.500 elevar seier at dei blir mobba fleire gonger i løpet av ein månad på skulen. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Elevundersøkinga 2011: Mindre bråk og uro i timane, men like mange opplever mobbing og diskriminering.

Trass i stort engasjement mot mobbing i vinter, svarar framleis 8,5 prosent av elevane at dei blir mobba fleire gonger i månaden. Det viser ferske tal frå Elevundersøkinga 2011.

Dette betyr at over 31.500 elevar blir mobba fleire enn to gonger i månaden. Talet er det same som tidlegare i perioden 2007-2011.

– Eg er ikkje nøgd med at mobbetala ikkje går ned. Eg vil oppfordra skular og kommunar til å prioritera arbeidet mot mobbing. Skulane må arbeida heilskapleg og systematisk med læringsmiljøet, sørgja for gode rutinar for å avdekkja mobbing og løysa dei sakene som oppstår raskt. Både forsking og mange erfaringar viser at dette bidreg til å redusera mobbing, seier direktør i Utdanningsdirektoratet, Petter Skarheim.

12.000 elevar seier dei ikkje trivst noko særleg, eller trivst ikkje det heile på skulen.

– Ikkje overraska

Påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, Andreas Borud, seier han ikkje er overraska i det heile teke over manglande nedgang i mobbinga.

– Tiltaka til regjeringa er papirtiltak, og dette ser me av den manglande effekten i klasseromma. Regjeringa har ikkje forplikta kommunane og fylkeskommunane til å jobba mot mobbing. Og ein ser òg at berre halvparten av kommunane har skrive under på mobbemanifestet, seier han.

Elevorganisasjonen krev at kommunane og fylkeskommunane blir forplikta, og at dei forpliktar skulane sine til å jobba systematisk mot mobbing.

LES OGSÅ: Noko er róte i Oslo-skulen

– Regjeringa må også bli flinkare til å bruka dei positive eksempla ein har. Nokre skular har ein lukkast veldig godt, og måten dei har jobba på må ein bruka til å jobba mot mobbing på andre skular, understrekar Borud.

Mobbar andre

Kvar fjerde elev som oppgjev at dei blir mobba to til tre gonger i månaden eller oftare, svarar òg at dei er med på å mobbe andre. Denne samanhengen er tydeleg, og samsvarar med funn i internasjonale studium.

Analysen viser at det er klart fleire gutar enn jenter som svarar at dei blir mobba. Det er òg fleire gutar enn jenter som opplyser at dei sjølv mobbar.

Like mange diskriminerte

Analysen viser at delen elevar som svarar at dei blir urettferdig handsama eller diskriminert på bakgrunn av kjønn, funksjonshemming, nasjonalitet, seksuell orientering, religion eller livssyn òg er uendra.

LES MEIR: Krev bøter mot mobbing

Halvparten av alle elevar som opplever mobbing opplever òg at dei blir handsama urettferdig eller diskriminert på ein eller fleire område.

Meir ro i klassen

Elevundersøkinga 2011 tyder på at lærarane brukar mindre tid enn tidlegare til å få ro i klassen. Likevel svarar enno kvar tredje elev at lærarane ofte eller alltid må bruke mykje tid på å få ro i klassa. I 2007 var det så mange som 40 prosent som svarte det same.

– Sjølv om mange elevar framleis rapporterer om altfor mykje bråk og uro i klasserommet, er eg glad for den positive utviklinga. Dette viser at det er mogleg å gjera noko med problemet, og me trur mykje av løysinga ligg i god klasseleiing, seier direktør i Utdanningsdirektoratet, Petter Skarheim i ei pressemelding.

Tala kan tyde på at det er gutane som gruppe som forstyrrar, medan jentene som gruppe blir forstyrra. Analysen viser at òg at det er mindre uro i vidaregåande skule enn i grunnskulen.

Kva meiner du skal til for at fleire skal sleppa å bli mobba?

Populært