Kritisk debatt blei rein NHO-seier for Reierstad

FIKK DET SOM HAN VILLE: Styreleder Trond Reierstad. Foto: Siv B. Søremshaugen/Tine BA.
FIKK DET SOM HAN VILLE: Styreleder Trond Reierstad. Foto: Siv B. Søremshaugen/Tine BA.
Artikkelen fortsetter under annonsen

Trond Reierstad og resten av konsernstyret i Tine fekk stort fleirtal i årsmøtet for å melde meierikonsernet inn i NHO.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Etter fire timars debatt landa årsmøtet i Tine debatten om NHO-medlemsskap i går, då årsmøtet gav bortimot full tilslutnad til at styret kan melde den bondeeigde samvirkebedrifta inn i nærgingslivsorganisasjonen. 98 utsendingar støtta styret sitt framlegg til vedtak, 33 røysta mot, og fire røysta blankt.

Framlegget det vart røysta over var formulert slik: «Årsmøtet støtter styrets arbeide med å velje den arbeidsgivertilknytning styret mener gir best gjennomslag for melkeprodusentens og meieriindustriens interesser.»

Les også: Bonde-topper vil til NHO

Nøgd styreleiar

Ettersom konsernstyret alt har ytra synspunkt om at dei er for eit NHO-medlemsskap, kan ikkje vedtaket tolkast annleis enn at eit stort fleirtal i årsmøtet er for eit NHO-medlemsskap.

– Det er klart eg er glad for vedtaket, når eg har flagga så høgt kva eg meiner, seier styreleiar Trond Reierstad.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Styreleiaren er nøgd med debatten på årsmøtet.

– Diskusjonen på årsmøtet har vore ein viktig del av prosessen. Det har vore ein utruleg god diskusjon, med mange gjennomarbeidde innlegg. Nokre har landa for og nokre har landa mot, seier Reierstad.

Rådsmedlemene Ellen Anne Bergseng og Gudmund Tronsmoen fremja framlegg om å utsetje vedtaket, for å få ei grundig vurdering av konsekvensar for NHO-medlemskap for bønder og industri.

Dette framlegget vart trekt då det ikkje fekk særskilt stønad i debatten.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– De må ha tillit til dykk sjølve. Den samla kunnskap i salen er enorm, sa Reierstad, som ikkje ynskte at saka skulle prege organisasjonen lenger enn nødvendig.

Les også: Tine-topper skaper bølger blant bønder

Både glede og skuffelse

Leiar i Nedre Buskerud produsentlag, Johan Kopland, er skuffa over resultatet.

– Hadde eg trudd at Tine kunne endre NHO sine standpunkt på importvern og WTO-avtale, ville eg røysta ja, seier Kopland.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han seier likevel han er glad for at årsmøtet er så tydeleg i si tilråding til styret.

– Det verste ville vore om møtet hadde vore delt på midten, seier Kopland.

Sigrund Bakken Lerhol i Vang produsentlag er derimot nøgd med resultatet.

– Eg er glad diskusjonen no er landa. I lys av mediatrykket som har vore, og kritikken mot prosessen er eg overraska over at tyngdepunktet i debatten har vore så klart på ja-sida, seier Lerhol.

Ho seier Tine no fyrst må i forhandlingar med NHO.

– Det er viktig for Tine å kunne utøve synspunkt på fleire maktpolitiske arenaer, og byggje alliansar. Tine kan ikkje overlage til konkurrentane å vera premissleverandørar for NHO sine vedtak, seier Lerhol.

Sitjande styreleiar Trond Reierstad fekk i går fornya tillit frå årsmøtet i Tine.

Med 150 røyster, og 11 blanke, er det ikkje tvil om at Reierstad har trygga posisjonen sin, eitt år etter at han tok over som leiar i Tine SA.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Konsekvensar for LA

Direktør i Landbrukets Arbeidsgiverforening (LA), Nikolai Astrup Westlie legg ikkje skjul på at ei utmelding av Tine frå LA vil få store konsekvensar for arbeidsgjevarorganisasjonen.

– Det er eit skot for baugen for LA. Går Tine med i NHO mistar me halvparten av dei tilsette i våre medlemsbedrifter, seier Westlie.

Han seier det er synd at Tine vel å gå ut av LA.

– Me meiner me har stor kompetanse og mykje å tilby. Blir talet på tilsette i medlemsbedriftene halvert, er det eit spørsmål om denne kompetansen kan oppretthaldast på sikt, seier Westlie.

Han seier LA no skal inn i ein prosess med Tine.

– Me registrerer at Tine vil ta ansvar for resten av medlemene i LA, seier Westlie.

Styret i LA vil på styremøtet 19. mai diskutere korleis saka blir teken vidare.