Slik blir den nye ungdomsskulen

JA TIL VALFAG: Ungdomsskuleelevane frå Sauda vil gjerne ha fleire valfag - men krev òg engasjerte lærarar. FOTO: Svein Olav B. Langåker
JA TIL VALFAG: Ungdomsskuleelevane frå Sauda vil gjerne ha fleire valfag - men krev òg engasjerte lærarar. FOTO: Svein Olav B. Langåker
Artikkelen fortsetter under annonsen

Fleire valfag, mindre teori og ein halvtime lengre skuleveke.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Allereie frå og med hausten 2012 kan ungdomsskuleelevar få 1,5 timar meir valfag i veka, dersom kunnskapsminister Kristin Halvorsen får det som ho vil. I dag la ho fram ei ny stortingsmelding som vil gjere undervisninga i ungdomsskulen meir praktisk og variert.

- Dette trinnet er pressa mellom barneskule og vidaregåande og fortener litt ekstra merksemd, sa Halvorsen då ho presenterte meldinga.

Nye valfag

Med 1,5 timar med valfag i veka frå og med hausten 2012 vil elevane kunne velje mellom fag som kunst og kultur, natur og miljø og entrepenørskap, samt fleire fag som enno ikkje er ferdig planlagde. Målet er å utvikle læreplanar i 10 - 12 ulike valfag.

LES OGSÅ: Vil ha større fridom på skulen

I tillegg skal elevar få tilbod om å følgje undervisning på vidaregåande skuletrinn. Men for å gjennomføre endringane trengst det pengar. Kunnskapsministeren lova nær ein halv milliard kroner til arbeidet med å førebu nye valfag. - Vi vil gjere dette for at elevane i større grad skal kunne styre undervisninga i retning av sine eigne interesser, seier Halvorsen til NRK. Ho understreka at ho ønskjer seg både ein meir kreativ og krevjande ungdomsskule.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Fjernar eit fag

For å få plass til dei nye valfaga i timeplanen blir ein eksisterande time omdisponert, og skuleveka blir ein halvtime lengre. Samtidig blir faget elevrådsarbeid fjerna. Det fryktar Elevorganisasjonen er eit steg i feil retning.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Vi er redde for at det vil stå dårleg til med demokratiopplæringa sjølv om Halvorsen seier at elevrådsarbeid heller skal dekkast i fag som norsk og samfunnsfag, seier politisk nestleiar Andreas Borud.

Kamp mot matteangst

I tillegg til satsinga på valfag vil kunnskapsministeren gå til kamp mot matteangsten som mange norske ungdomsskuleelevar slit med.

For å få opp matteinteressa vil kunnskapsministeren innføre bedre arbeidsmåtar og fleire praktiske utfordringar i faget. Lærarane skal óg blir drilla gjennom eit femårig program for god klasseleiing. Det kan det sjå ut til å vere behov for, ifølgje ungdomsskuleelevane frå Sauda som Framtida.no på Sand.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Vi treng meir engasjerte lærarar, seier Jon Ivar Tangeraas, og legg til at det er forskjellig frå lærar til lærar kven som klarer å lære best frå seg.

Midt på treet

Ungdomsskuleelevane frå Sauda er positive til fleire valfag. Mange av dei har allereie tre timar utdanningsval i veka, og tek gjerne imot fleire.

- Eg har elektro. Det hadde vore kjekt å ha hatt meir av det, seier Ørjan Klementsen.

Og det er ikkje berre han som saknar praktiske utfordringar.

- Det er for tørt. Det er for mykje teori, kjem det i kor frå gutane i klassen.

LES OGSÅ: Får ikkje tilpassa opplæring

Elevorganisasjonen er usikre på om den nye valfagssatsinga er vegen å gå for å gjere skulen mindre teoritung.

- Dette var litt midt på treet, vi saknar ei sterkare satsing på dei allereie eksisterande faga. Vi ønskjer meir kreativitet i klasserommet i alle fag. Valfag kan nok vere eit godt verkemiddel for motivasjonen til enkelte elevar, men ikkje for alle, påpeikar Anders Borud og held fram:

- Det er ikkje sikkert to timar sløyd på slutten av fredagen gjer deg betre i matte.

Kva tykkjer du om forslaget frå Kristin Halvorsen?