– Bilen må ta rattet frå menneska

Frå førarsetet i denne bilen kan du senda så mange sms'ar du vil, utan å vera redd for å kollidera. Bilen køyrer sjølv. FOTO: Steve Jurvetson/Wikipedia/CC-lisens
Frå førarsetet i denne bilen kan du senda så mange sms'ar du vil, utan å vera redd for å kollidera. Bilen køyrer sjølv. FOTO: Steve Jurvetson/Wikipedia/CC-lisens
Artikkelen fortsetter under annonsen

Slik kan Google-bilen spara over ein million liv i året. Og føra til mykje mindre behov for nye vegar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Trafikkulukker er den viktigaste dødsårsaka til unge. Nær alle desse ulukkene er forårsaka av menneskelege feil, og ikkje feil frå bilen si side, seier Sebastian Thrun. Han er leiar for Stanford Artificial Intelligence Lab.

Då han var 18 år mista han bestevennen sin i ei bilulukke. Då bestemte han seg for å via livet sitt til å redda fleire av dei kring 1,3 millionar menneska som mistar livet i bilulukker kvart år.

LES OGSÅ: – Menn bør ikkje få lappen før dei fyller 23 år

Nettopp fordi dei aller fleste bilulukkene ikkje skuldast bilane, men menneske, meiner han at ulukker kan bli forhindra av bilen.

Sponsa av Google

Thrun er leiar for det forskingsmiljøet som har kome lengst i utviklinga av bilar som køyrer sjølv. I 2005 var dei dei første som vann DARPA Grand Challenge. Konkurransen for førarlause køyretøy er regi av det mest kjente av forskingsinstitutta til det amerikanske forsvarsdepartementet, og står òg bak det som blei den første grunnsteinen til Internett.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Thrun har arbeidd lenge for Google, og er ein av hjernane bak Google StreetView.

På Stanford University har dei laga styringssystem som først har lært korleis menneske køyrer, og så tilpassa køyrestilen etter dette.

Bilane har køyrt over 225.000 kilometer, i dei aller fleste gatene i California.

– Bilane har sensorar som kan sjå alt rundt dei. Det er nesten magisk. Dei kan ta avgjersler for alle typar hendingar i trafikken. Det er den perfekte køyremekanismen, forklarar Sebastian Thrun til dei frammøtte på den årlege TED-konferansen i Long Beach.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Bilane har køyrt frå San Fransisco til Los Angeles på Highway 1. Dei har køyrt i byar og på landevegar. Utan at folk har lagt merke til det. Bilane har køyrt dag og natt, og til og med den krokete Lombard Street i San Fransisco.

– Bortkasta tid – bortkasta vegbygging

– Veit de at ein kunne auka kapasiteten til vegane, med to eller tre gonger så mykje trafikk, viss ein ikkje måtte stola på menneskeleg presisjon? Ved å køyra litt nærmare, og ha litt smalare vegar, kan ein bli kvitt bilkøane, seier Thrun.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han viser òg til at i staden for å køyra sjølv, kan folk bruka tida si meir fornuftig. I snitt brukar amerikanarane 52 minutt på dagleg køyring.

– Det er fire milliardar timar bortkasta tid i løpet av eit år – berre for USA. Og ni milliardar liter drivstoff bortkasta.

– Eg ser fram til den dagen då framtidige generasjonar ser tilbake og seier: så utruleg teit det var at menneske tenkte at dei skulle køyra bilar sjølv.

Mange år framfor lova

Men kva om noko går gale? Vil det då vera dei som sit i bilen, bilfabrikanten eller dei som har levert programvaren sin feil?

– Teknologien er langt framfor lovverket på mange måtar. Viss du ser på trafikkreglane, er det fleire titals lover som går ut i frå at det er ein førar av køyretøyet, seier Bernard Lu, ved vegstyresmaktene i California til New York Times.

Spesielt om dei førarlause bilane skal køyra i dei same gatene der menneske går, syklar og køyrar bil sjølve.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Del av kollektivnettet

Direktør ved Trygg Trafikk, Kari Sandberg, seier til Framtida.no at førarlause køyretøy kan bli brukte som del av kollektivnettet.

– Det er nok veldig sannsynleg at ein får trasear i byar og tettstader for førarlause køyretøy, seier ho.

I København er lokaltoga førarlause allereie utan togførar.

LES OGSÅ: Køyr bil med hjernekraft!

Lei av å tørrprata med taxisjåføren? Tyske forskarar har laga førarlause drosjar, og ein eigen Ipad-app der du kan bestilla og følgja taxien fram til der du er.

Lenger fram i tid kan ein også tenkja seg at slike førarlause drosjar kan gjera det lettare å klara seg utan bil i det heile, og verdifulle tomter som i dag blir brukte til parkeringsplassar kan bli brukte til andre formål.

Dersom maskinene tek over styringa av bilen kan ein truleg byggja dei lettare og med mindre tryggleiksutstyr. Og når dei i tillegg vil køyra meir effektivt, vil dei bruka mindre energi.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjå video frå foredraget til Sebastian Thrun (meir under videoen):

Motstand mot maskinane

– Når ein ser at trafikken tek 1,3 millionar liv på verdsbasis kvart år, og flesteparten av desse ulukkene skuldast menneskeleg svikt, trur du det ein gong vil bli forbode for menneske å køyra bil?

– Det kan eg vanskeleg førestilla meg. Med det var jo òg mange som hadde vanskeleg for å førestilla seg at me hadde trong for datamaskiner. Det er ikkje lett å svara på det, seier Kari Sandberg, og legg til:

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det finst allereie ein god del teknologi for å avgrensa fridomen vår på vegane som kan spara liv. For eksempel alkolås og fartslås. Men dette er tiltak som ein må ha politisk vilje for å få gjennomført.

Forskingsleiar ved Transportøkonomisk Institutt (TØI), Torkel Bjørnskau, trur òg det vil vera langt fram før førarlause bilar blir vanleg. Endå vanskelegare blir det å forby menneske å køyra bil.

Artikkelen fortsetter under annonsen

– Det er eit interessant spørsmål, og vil vera ei sak for politikken. Eg trur det er veldig få som vil stemma på eit parti som vil forby køyring av bil, spesielt når ein ser på korleis eit meir moderat forslag som fartssperre blir motteke. Men eg trur det heilt sikkert det vil koma fleire system som varslar bilføraren, til dømes når ein nærmar seg kantlinja eller bremsar opp viss bilen framfor deg gjer det.

LES OGSÅ: Bilen din veit kva du har gjort!

– Førarlause bilar kan utnytta kapasiteten på vegane med to til tre gonger. Korleis bør ein takla dette når ein planlegg vegbygging, som blir gjort for fleire tiår om gongen?

– Når det gjeld godstransport har ein sett på førarlause konvoiar som det skal vera mogleg å hekta seg på undervegs. Men også her trur eg det vil vera motstand. Med ein gong det er snakk om at maskinane skal ta heilt over, trur eg det vil vera veldig vanskeleg å få til, seier Bjørnskau.

Korleis trur du me vil reisa i framtida? Er det snart på tid å planleggja for førarlause bilar?