Meny

Vil laga fiskefôr av Mongstad-eksos

Testsenteret for CO2-fangst på Monstad i november. FOTO: TCM.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Månelandinga kan bli laksemat og biodiesel.
(FRAMTIDA.NO): Eit nytt selskap som er under stifting skal ta i mot 30.000 tonn CO2 frå testsenteret for CO2-handtering, og utnytta han industrielt. Mellom anna kan det vera snakk om å produsera alger som igjen kan utnyttast både til fiskefôr og biodisel.

Andre bruksområde kan vera produksjon av hydrogen og produksjon av elektrisk kraft.

Forskingsprosjekt

Intensjonsavtalen blei inngått mellom teknologisenteret på Mongstad og Institutt for Energiteknikk, Christian Michelsen Research, Universitetet i Bergen, Kjemisk Institutt, Bergen Teknologioverføring og Nordhordland Handverk- og Industrilag.

SJÅ TEMASIDENE VÅRE OM KLIMA!

Dei fleste av produkta ligg nokre år fram i tid. Det krevst  vidare forsking og utvikling før ein kan setja i gang produksjonen.

– Spennande

– Vidareforedling av CO2 til salbare produkt er eit spennande steg vidare i arbeidet med å utvikla CO2-handtering. Eg vil følgja arbeidet framover med stor interesse og eg er glad for at det er tatt eit slikt initiativ på Mongstad, seier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (Sp) i ei pressemelding.

– Her ser me korleis eit problem kan bli ei mulegheit, og opna for nye arbeidsplassar, seier Astrid Aarhus Byrknes, ordførar i Lindås, til Strilen.

Les flere nyheter her

Populært