Noregsmeister vart venelaus

Artikkelen fortsetter under annonsen

Slik kan du mista tusenvis av vener på Facebook.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Før jul blei Kvinnherad kommune i Hordaland kåra til Noregsmeister i Facebook. Få dagar seinare vart kommunen sin profil på Facebook sletta. Over natta mista Kvinnherad kommune 4.000 vener.

– Merksemda gjorde at vi vart sletta frå Facebook fordi vi var registrert som ein person og ikkje som ein organisasjon, fortel arealplanleggjar Kjartan Thoresen til kvinnheringen.no.

No er arbeidet med å finna tilhengjarar i gang.

Organisasjonar og bedrifter får nemleg ikkje lov til å ha vener. Dei skal ha tilhengjarar ifølgje reglane til Facebook.

Lokalavisa Kvinnheringen opplevde same lagnaden med sin facebookprofil. Dermed må også lokalavisa dra i gang med å rekruttera tilhengjarar til si nyoppretta facebookside.