«Sex and the City» med rekordtal

Publikum strøymer til kinoane for å sjå siste nytt om SATC-damene. (Foto: SF Norge AS)
Publikum strøymer til kinoane for å sjå siste nytt om SATC-damene. (Foto: SF Norge AS)
Artikkelen fortsetter under annonsen

Filmen om Carrie Bradshaw & Co. har rekordbesøk både i USA, Canada og Storbritannia.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Sex and the City: The Movie» tar publikum med storm. Ifølgje BBC har filmen tjent inn 55 millionar dollar (cirka 280 millionar kroner) dei første dagane på kino i USA og Canada.

Det var 25 millionar meir enn filmselskapet Warner Brothers hadde forventa.

Indiana Jones nummer to

Dermed sender dei tøffe damene den ny Indiana Jones-filmen ned på ein andreplass. Den filmen tjente «berre» 46 millionar dollar i opningshelga.

Også i Storbritannia er damene populære, og filmen har også her selt fleire billettar enn Indiana Jones, trass i at Sex and the City-filmen går på færre kinoar.

- Star Wars for kvinner

President for Media by Numbers, som skal samle inn tal for billettinntektene, Paul Dergarabedian, seier til BBC at «Sex and the City» er ein blockbuster for kvinner.

- Denne her er for kvinner, som til dømes Indiana Jones og Star Wars er for menn, seier han.

«Sex og Singelliv»-filmen har også slått rekorden som den mest innbringande vaksenkomedien gjennom tidene, og har overgått både «American Pie» og «Alle elsker Mary», ifølgje BBC.

Les også:

Kaos under «Sex and the City»-premiere

Feminisme = Sex og singelliv

«Sex»-nekt i Israel