Ungdom: - For umodne til å stemma

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tre av fire ungdommar mellom15 og 25 år meiner 16-åringar ikkje er modne nok til å stemma ved val.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Forsøksordning i 2011

20 kommunar og Longyearbyen lokalstyre er med i ei forsøksordning der 16- og 17-åringar får røysta ved kommunevalet i 2011

Dei fleste landa i verda har røysterettsalder på 18 år, men fleire og fleire land har opna for yngre veljar. I fleire tyske delstatar har 16-åringar røysterett i lokalval. I både Østerrike, Brasil, Cuba og Nicaragua er røysterettsalderen 16 år i nasjonale val også.

I Bosnia, Serbia og Montenegro kan 16- og 17-åringar røysta viss dei har jobb. Av desse landa er det berre Cuba som har ein myndigheitsalder på 16 og ikkje 18.

Les meir på engelsk Wikipedia om røysterett: http://en.wikipedia.org/wiki/Voting_age

Også dei under 18 år synst 16-åringane er for umodne til å få røysterett. 54 prosent av denne gruppa meiner dei er for umodne til å røysta i val. Det viser ei landsrepresentantiv undersøking utført av Sentio research blant 1000 unge på vegne av Mot til å meina.

- Må stå mot eldrebølga

Professor i samanliknande politikk, Frank H. Aarebrot, meiner trass resultata at røysterett for 16- åringar er heilt naudsynt. - På grunn av aldersfordelinga mellom innbyggargruppene er det naudsynt å senka røysteretten. Me blir stadig fleire eldre, og færre unge. Dermed blir det større avkasting på å ha ein eldrevennleg politikk, enn ein ungdomsvennleg politikk, uttalar Aarebrot, og utelukkar heller ikkje behovet for endå lågare røysterettsalder.

Taper interesse

- Me må vera villige til å gi ungdommen makt for å skapa og vedlikehalda politisk interesse. Diverre er me ofte meir interessert i å læra ungdommane opp i det politiske spelet, framfor å gi dei makt, kommenterer Aarebrot.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I Tyskland har fleire delstatar innført 16-årsgrense i lokalvala. Tal derifrå viser at interessa for å setja seg inn i politiske spørsmål går ned frå 15-årsalderen. Ein av fem tyske 15-åringar seier dei er interesserte i politikk. Blant 17-åringane er det berre ein av ti som svara det same i denne undersøkinga.

Ved stortingsvalet i 2005 hadde førstegongsveljarane 25 prosent lågare valdeltaking enn foreldregenerasjonen. Men det er forskjell på 18-åringar og 19-åringar. Av dei som røyster for første gong som 18-åringar i Noreg, har 15 prosent høgare valdeltaking enn dei årsklassane som røyster for første gong som 19-åringar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Veldig lett å bli påvirka

- Eg er mot lågare røysterettsalder. Det er veldig lett å bli påvirka som ung. Nokon er nok modne nok allereie som 12-åringar, men andre er det ikkje, seier Anja Røyrøy Pettersen (17), ein av vel 130 ungdommar og politikarar på Mot til å meina-konferansen i Stavanger fredag.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Roy André Ø. Tungland-Knudsen er av ei anna oppfatning.

- Me lever i eit vaksensamfunn, betalar skatt, kan bli straffedømt og bør få vera med å bestemma, seier han.

Flest optimistar i Nordland og Oslo

Undersøkinga viser at vestlandsk ungdom er mest politisk interessert. Men nordlendingar og osloungdom trur dei har lettast å få gjennomslag.

Sogn og Fjordane ligg i ei særstilling i forhold til dei andre fylka. Her er 59 prosent av ungdommane interesserte i lokalpolitikk.

- Eg meiner det er fordi den frivillige sektoren står sterkt i fylket. Her har me fleire ungdommar som har hand om fritida si. Anten det er 4H, hest eller idrettslag, så er det ein døropnar til politisk interesse og engasjement. Stortinget er ikkje det viktigaste politiske huset i Noreg, det er ungdomshuset som er, seier Gunhild Berge Strand (V), tidlegare leiar for Noregs ungdomslag og no kommunestyremedlem i Askvoll.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ungdommane i byar med over 50.000 innbyggjarar er òg meir lokalpolitisk interesserte.

Her er nokre andre resultat frå kartlegginga: 51 prosent av dei spurde har vore medlem i eit elev/ungdomsråd 45 prosent opplyser at dei les lokalavisa der dei bur ofte, medan berre 4,6 prosent opplyser at dei aldri les lokalavisa. 42 prosent meiner dei er interessert i lokal politikk, medan 41 prosent også seier dei ikkje er interessert i lokal politikk. Dei resterande 17,8 prosenta opplyser at dei ikkje veit. 62 prosent av dei spurde meiner også det er viktig at dei folkevalde er på nettet.