Meny

328 mill. for å fjerne vrak

Krysseren Murmansk drev på land julaften 1994. Nå begynner fjerningen av vraket.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

I dag byrja fjerninga av krysseren «Murmansk» som i 14 år var rekna som «ufarleg» av styresmaktene. Prislapp: 328 millionar kroner

Arbeidet med å fjerne vraket skal vere ferdig i 2011, og i revidert nasjonalbudsjett har regjeringa satt av 328 millioner kroner til prosjektet.

Det er nesten fem ganger så mykje som regjeringa brukar i opptrappingsplanen for oljevernberedskapen langs kysten.

Berging mislukkast

Vraket som skal fjernes er i 14 år vore undersøkt fleire gonger, og fleire statsråder har konkludert med at vraket ikkje utgjer ein miljøtrussel. Mest kjent er tidlegare statsråd Thorbjørn Berntsen, som sa at vraket berre var «eit estetisk problem».

Eit bergingsforsøk var sett i verk allereie i 1995, men lukkast ikkje. Statens forureiningstilsyn (SFT) konkluderte deretter med at vraket ikkje utgjorde ein betydeleg fare for forureining, og anbefalte at vraket vart liggjande.

Sidan den gongen har fleire selskap lagt fram forslag til heving. Hausten 2004 gjekk lokale styresmakter og fleire stortingsrepresentantar inn for fjerning av vraket.

Ikkje prioritert for tømming

Prislappen staten vart bedt om å dekkje den gongen var 44,7 millioner kroner.

Dåverande statsråd Svein Ludvigsen svarte med at han ikkje såg noko grunnlag for å iverksetje tiltak.

Fram til i fjor sommar såg det dermed ut for at vraket kom til å liggje på stranda i Hasvik til evig tid, til stor irritasjon for dei lokale.

I 2006 gjekk Kystverket gjennom 30 vrak som i utgangspunktet representerte størst forureiningsfare. Ni av desse var tømt, og tre er ikkje lokalisert. 18 vrak har mellom 10 og 300 tonn olje om bord. Murmansk er ikkje blant desse.

Les også: Helga Pedersen tek sjølvkritikk.

Les også: 100 mill. for å fjerne Murmansk.

Ny undersøkjingar

Men for eitt år sidan eksploderte saka i mediene. Aftenposten skreiv at ein metallboks frå vraket inneheldt radioaktivitet av låge verdier.

Statens strålevern og Kystverket foretok nye undersøkjingar, utan at det vart funne utstyr med radioaktivt innhald i vraket.

Likevel konkluderte Pedersen med at vraket skulle fjernast.

Det har over lang tid vært en betydelig bekymring hos lokalbefolkningen om miljø- og helseeffekten av innholdet i vraket. I tillegg til at vraket kan inneholde omkring 500 tonn materialer som kan klassifiseres som farlig avfall, først og fremst elektrisk og elektronisk avfall, har Kystverket påpekt at vraket er betydelig svekket og utgjør en økende sikkerhetsrisiko, heiter det i revidert statsbudsjett.

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus