Knallhard trening for minehundar

Knallhard trening for minehundar
Knallhard trening for minehundar
Artikkelen fortsetter under annonsen

<p«Elevane» som skal bli gode mineryddarar må opp til første eksamen når dei er ti veker gamle. </p

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

SARAJEVO (ABC Nyheter): Snøen ligg tungt i åssidene rundt den bosniske hovudstaden.

Det er slutten på november og nesten 13 år etter krigen tok slutt. Framleis er såra etter granatangrep og artilleri synlege på somme husvegger, men dei vert stadig færre.

Landminene som eingong låg som skjulte dødsfeller i dei vakre åssidene, er i ferd med å bli fjerna.

No er det andre land som treng hjelp frå Global Training Centre for Mining Dogs.

DISIPLIN: Denne hunden bjeffa litt for mykje mot ABC Nyheter. Det vart notert av trenaren. Foto: Lars Inge StavelandDISIPLIN: Denne hunden bjeffa litt for mykje mot ABC Nyheter. Det vart notert av trenaren. Foto: Lars Inge Staveland

Dårlege hundar gis bort

Eit steinkast frå ein gamal ammunisjonsfabrikk i utkanten av den krigstrøytte hovudstaden ligg skulen som avler sine eigne elevar.

Her blir 80 belgiske fårehundar trena opp til si livsviktige oppgåve.

Dei skal lukte seg fram til eksplosiver som blir liggjande på slagmarka, ofte tiår etter at ein fredsavtale formelt er underteikna. Det kan vere anti-personellminer lagt ut med snubletråder, eller klasebomber slept frå tusenvis av fots høgde.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Treninga er beinhard. Allereie ti veker gamle blir det klart kven av kvalpane som har det som skal til.

- Dei som passerer går vidare. Dei som ikkje passerer vert gitt bort. Vi stiller strenge krav til ein minehund, seier Terje Berntsen, sjefen for Global Training Centre (GTC).

Jobbar i heile verda

Senteret vert driven av Norsk folkehjelp og hundane vert sendt rundt til land som Kambodsja, Etiopia, Jordan, Kongo og Tanzania.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei må kunne takle å sitje timevis på fly, for så å jobbe med ukjente mineførarar i heilt nye område.

Det er livsviktig at minehundane er topp konsentrert. Dersom ein ferdig utdanna hund har ein dårleg dag på «jobben» kan det koste liv.

Berntsen samanliknar gjerne arbeidsdagen til minehundane med «kollegaene» som jobbar i Norge.

- Ein narkotikahund som ikkje klarer å finne stoff på ein person kan ha ein dårleg dag. Dersom ein minehund unngår å spore opp ei mine kan konsekvensane bli så mykje større, seier Berntsen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Rydda miner i byen

Hundane skal kunne rydde hundar i opptil fem-seks timar kvar dag. Etter kvar trening blir dei testa.

- Dersom hunden ikkje står på testen, blir heile jobben gjort på nytt av ein annan hund, seier Berntsen.

Då krigen rasa i Bosnia-Hercegovina mellom 1992 og 1995, gjekk ofte fronten mellom gatene. Etter kvart som styrkeforholdet mellom dei stridande endra seg, vart også fleire miner lagt ut.

Resultatet var at miner låg i hagane til folk, gjerne inne i Sarajevo by.

- Det var spesielt med Sarajevo. Vi kunne rydda miner rundt eit hus inne i byen, medan familien som eigde huset sov i bilen. Straks etter vi ga klarsignal om at det var trygt, flytta dei inn, seier Berntsen.

Hundane blir som regel godt tatt imot av lokalbefolkninga.

- Problemet er områder der det er nokre få miner. Vi har sett av gjetarar har gått rundt i områder som vi skal rydde. Dei kan seie at det ikkje er miner der, men vi kan likevel finne enkelte, seier han.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I MURSTEIN: Minehundane må trene på å leite overalt. Foto: Lars Inge StavelandI MURSTEIN: Minehundane må trene på å leite overalt. Foto: Lars Inge Staveland

Trent i kulda

Frostrøyken står ut av kennelen. Kulda er ikkje eit problem for hunderasen, som også må tåle å jobbe i 40 graders varme.

Tvert imot, meiner Berntsen. Klimaet i Sarajevo gjer nemleg at minene avgir mindre lukt.

På den måten blir dei også vanskelegare å finne for dei topptrente nasane på treningsenteret.

- Miner som ligg i Afrika og Asia er langt enklare å lukte seg fram til. Det gjer at våre hundar fungerer i varmt klima, medan hundar som er trente i varmare strøk vil få problem med kaldare klima, fortel Berntsen.

Han viser ABC Nyheter rundt til fødestova der eit nytt kull nettopp er kome til verda.

285 hundar er fødd på treningsenteret, og 161 hundar som er funne gode nok, er sendt ut til mineryddingsprogrammer i heile verda. Blodsline kan førast tilbake til Frankrike.

Artikkelen fortsetter under annonsen

AVL: Desse kvalpane er berre eit par dagar gamle. Om kort tid byrjar treninga. Foto: Lars Inge StavelandAVL: Desse kvalpane er berre eit par dagar gamle. Om kort tid byrjar treninga. Foto: Lars Inge Staveland

- Skal få gode vaner

Seks månadar gamle får hundane utdelt sertifikat. Det kan dei imidlertid miste dersom dei skulle miste teften. For kvar treningsrunde får hundane utdelt karakterar.

- Hjerte slår i turbofart, og du skal kunne høyre nasen gå, seier Berntsen.

Ein av «elevane» blir sett til å finne ein gummibit på størrelse med eit knappenålshovud. Biten er gøymt bak skjermen på ein bil. Då hunden finn «mina», sett han seg ned og blir ståande og peike med snuten.

På eit treningsfelt skal hundane lære å søkje langs ei rett line. Yngre hundar snusar seg fram til målet inne i mursteinar.

Hundane får trening i å meistre distraksjoner, som lukta av sigaretter, tekstiler og dekk.

Etter jobben er utført, vankar det belønning. Hundar som legg seg til uvaner i felt, må tilbake til senteret i Sarajevo for «rekalibrering».

- Vår jobb handler om å gi hundane gode vaner. Sånn er det også med oss. Problemet med hundar er at vi ikkje kan ha ein samtale med dei, seier Berntsen.