145 000 000 000 kroner for JSF

Regjeringens valg faller på amerikanske JSF. Foto: Scanpix.
Regjeringens valg faller på amerikanske JSF. Foto: Scanpix.

<pForsvarsdepartementet opnar for at prislappen kan stige med 20 milliarder kroner. </p

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Les også: Dette er Norges nye jagerfly

JSF var det klart beste alternativet for regjeringen, både på kvalitet og pris.

Det gjorde statsminister Jens Stoltenberg klart torsdag.

Sjølve kjøpet av 48 JSF-fly kjem til å koste 18 milliarder kroner. Over eit perspektiv på 30 år vil kostnadane liggje på 145 milliarder kroner.

Regjeringen reknar at prislappen på det svenske flyet kom opp mot 165 milliarder kroner

Men den endelege prislappen på JSF-flyet er ikkje klar. Den amerikanske riksrevisjonen, GAO, har lenge kritisert JSF-programmet for dårleg økonomistyring.

Dette har vore ein del av grunnlaget for rapporten til Forsvarsdepartementet.

- Ja, alle slike opplysningar har blitt vurdert i denne samanhengen. Vi har også vurdert usikkerheten. Prisen kan variere i talet på fly som vert produsert, fastslo Strøm-Erichsen under pressekonferansen i går.

I rapporten frå Forsvarsdepartementet går det fram at det ein 50 prosent sjanse for at prislappen kan variere på 125 til 160 milliarder kroner.

Prisrisikoen var større hos det svenske alternativet.

- Risikoen er ikkje eit argument som kan brukast mot JSF, sa statsminister Jens Stoltenberg.

Les heile rapporten frå Forsvarsdepartementet her.

Personvernpolicy