- Gripen best for industrien

- JSF OVERLEGNE: Statsminister Jens Stoltenberg og forssvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen informerte torsdag ettermiddag, om at regjeringen går inn for at dagens F-16 erstattes med amerikanske F-35 Lightning II Joint Strike Fighter (JSF). Dermed er det svenske alternativet Gripen NG vraket. Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX.
- JSF OVERLEGNE: Statsminister Jens Stoltenberg og forssvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen informerte torsdag ettermiddag, om at regjeringen går inn for at dagens F-16 erstattes med amerikanske F-35 Lightning II Joint Strike Fighter (JSF). Dermed er det svenske alternativet Gripen NG vraket. Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX.

<pSvenskene leverte det beste tilbodet for norsk industri, seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. </p

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Torsdag ettermiddag vart det klart at norske pilotar kjem til å fly amerikanske JSF i framtida.

Hovudgrunnen til det er at JSF-flyet er langt betre enn det svenske, ifølgje regjeringa. Det er også billegare.

Men forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen legg ikkje skjul på at det svenske alternativet var langt betre for norsk industri.

- Industriplanen som Saab kom med var betre, både når det gjeld kvalitet og kvantitet. Men nå er det er også slik at Lockheed Martin gir grunnlag for eit omfattande industrisamarbeid, seier Strøm-Erichsen.

Ho vil ikkje ut med summen på det svenske tilbodet. Den norske forsvarsindustrien har lenge hadde tett bånd til USA. Kongsberg Defence & Aerospace har teikna milliardkontraktar med Lockheed Martin.

«Best value»

Svenskane har den siste tida gått breitt ut mot norsk industri, og har også lokka med storstilte sivile kontraktar.

Ein viktig skilnad på tilboda er at JSF-programmet ikkje kan love direkte gjenkjøpsavtaler.

Dei må forhandlast fram etter eit såkalt «best value»-prinsipp. Det betyr i klartekst at norske verksemder ikkje kjem er garantert kontrakter som direkte følgje av flykjøpet.

- Kan vente til 2014

Joint Strike Fighter-programmet har knytta til seg 20 norske verksemder. Det svenske tilbodet var langt breiare, utan at Strøm-Erichsen vil gå ut med verdien.

- I tilknytning til JSF-flyet er det på området ammunisjon og logistikk at Noreg har store moglegheitar. Men ingenting av dette kjem av seg sjølv. Det er viktig at vi kan få noko igjen for norsk industri når vi kjøper så mange fly. Vi treng ikkje signere kontrakt før 2014. Den tida ynskjer vi å bruke godt, seier Strøm-Erichsen.

- For de verksemdene som lukkast med JSF er dette ein god produksjon, seier Strøm-Erichsen.

Personvernpolicy