Al Qaida-topp med Obama-melding

NYTT OPPTAK: Al Qaida slapp onsdag eit nytt lydopptak med bilete av Ayman al-Zawahiri og tekst på engelsk. Foto: Intel Center/AP/Scanpix
NYTT OPPTAK: Al Qaida slapp onsdag eit nytt lydopptak med bilete av Ayman al-Zawahiri og tekst på engelsk. Foto: Intel Center/AP/Scanpix
Artikkelen fortsetter under annonsen

<pAyman al-Zawahiri kallar Barack Obama ein «husslave».</p

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Samstundes åtvarar han Obama mot å sende fleire soldatar til Afghanistan.

Lydopptaket med meldinga frå Zawahiri vart kjent onsdag, ifylgje AFP.

- Dine planar om å trekkje styrkar frå Irak og sende dei til Afghanistan er ein politikk som er dømt til å mislukkast, seier Zawahiri på opptaket.

Han kritiserte óg Obama, som har muslimsk far, for forlate sin røter.

- Du var fødd med muslimsk far, men du har valt side med fiendane av islam, sa Zawahiri.

Han omtalar Obama som ein «husslave», eit nedverdigande uttrykk om person som går i teneste til kvite.


Sundag sa USAs nyvalte president Barack Obama at han vil halde seg til valløftene om å starte å trekkje ut styrkar frå Irak, og endre fokus til Afghanistan.

Zawahiri er rekna for å vere nestkommanderande i al Qaida-nettverket. Han er ein av verdas mest ettersøkte personar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Godt oppdaterte

Anne Stenersen ved Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) har Al Qaida som spesialfelt.

- Al Qaida er veldig godt oppdaterte på kva som skjer ute i verda og i amerikansk politikk. Dei har også ein amerikaner i leiarskapen som er ein av dei som er i stand til å fylgje med på dette. Zawahiri snakkar også engelsk sjølv, seier Stenersen til ABC Nyheter.

Meldinga til Obama er ikkje overraskande, meinar ho.

- Al Qaida vil nok uansett kva Obama gjer, bruke det i sin propaganda. Dersom Obama seier at han vil bruke fleire soldatar, så vil dei bruke det for å vise kor sterke dei er. Dersom han hadde trekt soldater ut, ville nok al Qaida har brukt dette for å vise at dei er nær siger, seier Stenersen.

- Raffinert propaganda

Ho seier propagandaapparatet til Al Qaida blir stadig meir raffinert

- Det er ein utvikling som har gått gradvis sidan 2001. Vi har dei siste åra sett talar med leiarar som blir lasta opp på internett i motsetnad til tidlegare då dei var sendt til ein TV-kanal som Al Jazeera. Slik har dei også kontroll med kva som blir publisert, dei publiserar sofistikerte videoar. Filmane inneheld klipp som forteller ein historie, og ikkje berre fortel lause uttalelser, seier Stenersen.