Refsar Karzai for dødsstraff

Jonas Gahr Støre (t.v.) har stor tiltru til at president Hamid karzai kan leie Afghanistan på rett veg. Foto: Scanpix
Jonas Gahr Støre (t.v.) har stor tiltru til at president Hamid karzai kan leie Afghanistan på rett veg. Foto: Scanpix

<pUtanriksminister Jonas Gahr Støre refsar det afghanske parlamentet for å innskrenke menneskerettane. </p

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Afghanske folkevalde står fritt til å fatte eigne vedtak, så lenge dei ikkje strir mot menneskerettane, fastslår Støre.

- Afghanistan har nyleg gjennomtatt dødsstraff. Det er etter mitt syn ein feil beslutning. I tillegg vert talefridomen og kvinnerettar innskrenka, seier Støre på ein Afghanistan-konferanse i regi av Norsk utenrikspolitisk institutt (NUPI) Oslo tirsdag.

Nye avrettingar

FNs høgkommissær for menneskerettar, Navi Pillay, har reagert kraftig på avrettinga av fem fangar sist veke. Avrettingane skjedde på direkte ordre frå president Hamid Karzai.

Det var dei første statlege dødsdommane som har blitt fullbyrda sidan oktober i fjor, då 15 fanger var avretta.

Problemet vart også understreka då den afghanske journalist Sayed Perwiz Kambakhsh vart dømt til døden for blasfemi tidlegare i år. Dommen vart seinare omgjort.

På konferansen framheva Støre «afghanisering» som ein sentral prosess for å få Afghanistan til å stå på eigne bein. Den afghanske hæren skal gradvis ta over tryggleiken i landet, og kampen mot korrupsjon skal intensiverast.

- Ikkje eit A4-demokrati

Men dette kan vere problematisk dersom beslutningar strir mot vestleg strategi, seier Støre.

- Det er eit dilemma fordi vi har universelle verdiar og menneskerettar som Afghanistan er en del av. Når dei kjem i openbar konflikt med vedtak som det folkevalte parlamentet treffer, så er det eit klart dilemma, seier Støre.

Han trur likevel vesten må innfinne seg med at Afghanistan ikkje blir eit demokrati heilt etter vestleg standard.

- For oss er det slik at vi respekterer at det er afghanarar som skal styre Afghanistan. Vi gjentar at dette ikkje kan blir noko A4-demokrati. Det må vi ha respekt for, men eg meinar at vi må sende tydeleg beskjed om dei forplitkelsane Afghanistan har, seier Støre.

Personvernpolicy