- Provoserande av Stoltenberg

UENIGE: Martin Henriksen (t.h) meinar Jens Stoltenberg (t.v.) ikkje lar partiorganisasjonen komme til orde. Bilete er frå sommarleiren til AUF på Utøya. Foto: Scanpix
UENIGE: Martin Henriksen (t.h) meinar Jens Stoltenberg (t.v.) ikkje lar partiorganisasjonen komme til orde. Bilete er frå sommarleiren til AUF på Utøya. Foto: Scanpix
Artikkelen fortsetter under annonsen

<pAUF-leiar Martin Henriksen er provosert, og meiner partileiinga ikkje lar partiorganisasjonen komme til orde om tenestedirektivet. </p

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dermed held striden i Arbeiderpartiet fram, sjølv etter tenestedirektivet vart pressa gjennom av statsminister Jens Stoltenberg.

Les også:

Går 100 prosent for omstridt direktiv

Open splid i regjeringa

- Det er provoserande. Dette vart eit hastevedtak, kjørt gjennom i hastefart i Aps stortingsgruppe. Nå får vi eit direktiv med usikre verknader og store konsekvensar. Nå får EF-domstolen større innflytelse og det er usikkert korleis offentleg eigarskap på viktige områder vert påvirka. Det er irriterande, seier Henriksen.

- Tåler regjeringa fleire saker med dissens?

- Det må regjeringa sjølv bestemme. Det er uheldig med dissens, men regjeringa vil ikkje kollapse på grunn av dette, seier Henriksen.

10-9 for direktivet

Torsdag føremiddag trumfa Jens Stoltenberg gjennom direktivet i regjeringa. Ni statsråder frå SV og Senterpartiet tek dissens i saka, medan EU-skeptikarane i Arbeiderpartiet sluttar opp mot partileiinga.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg meiner at vi burde brukt tid til å la partiapparatet seie si meining om dette. Jeg trur ikkje at partiorgansisasjonen hadde forventa at dette ville komme så kjapt, seier Henriksen til ABC Nyheter.

Henriksen går langt i å seie at partiapparatet har blitt skadelidande som resultat av prosessen.

- Dei har i alle fall ikkje fått sagt si meining skikkeleg om reservasjonen, sier Henriksen.

Forventa kamp til det siste

Statsrådane Trond Giske, Helga Pedersen og Anniken Huitfeldt er alle mot EU, men stemte likevel for direktivet. Dersom ein av desse hadde tatt dissens, ville fleirtalet i regjeringa gått mot direktivet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Partigruppa i Giske fylke Sør-Trøndelag vedtok i 2006 motstand mot EU-direktivet. Spørsmålet skulle etter planen diskuterast i byrjinga av desember, men det er uklart om det blir tatt opp etter regjeringa har konkludert.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Henriksen er likevel ikkje overraska over at EU-skeptikarar i AP stemte for direktivet.

- Det er vanleg at når partiet kjem fram til eit standpunkt, vil dei som er statsråder følgje dette. Men eg forventar at dei stod på til siste slutt for å få fram skepsisen, seier AUF-leiar Henriksen.

- Narredemokrati

Leiar av Nei til EU og SV-medlem, Heming Olaussen, kallar Stoltenberg for «marknadsliberalismens gudfar» i Noreg.

- Det som overraskar meg er kor knalltøft han køyrer over SV, AUF og Senterpartiet. Eg vil også seie at han ignorerer fagrørsla. Dette minner om EU sin måte å gjere ting på. Det er eit narredemokrati og no har narrespillet blitt heilt fullkomme. Jens Stoltenberg er marknadsliberalismens gudfar i Norge, raser Olaussen.