- Det er manglar i landets redaksjonar

Foto: SCANPIX
 Foto: SCANPIX
Artikkelen fortsetter under annonsen

<pTrude Teige meiner den språklege sikringa er for dårleg.</p

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Programleiar og reporter Trude Teige vart tidlegare i dag heidra for bruken av nynorsk og si eiga dialekt i media. Under utdelinga av Kringkastningsprisen 2008 på Det Norske Teateret i dag, stilte ho og spørsmålet om kvalitetssikring av språk i norsk presse.

- For meg er språk det same som identitet, og for meg er dette den gjevaste prisen ein kan få innan journalistikk. Denne prisen går på sjølve meg som person og mitt eige språk, sa Trude Teige til dei frammøtte.

- Tidlegare i dag fekk eg spørsmål frå ein journalist om kvifor eg har valt nynorsk som mitt språk, men eg har jo ikkje valt å bruke nynorsk som språk - det er språket som valde meg, fortsatte Teige då ho takka for prisen.

- Eg har alltid tala nynorsk, så kvifor skal eg ikkje gjere det også som journalist? For meg er det å bruke nynorsk heilt naturleg. Språket mitt er ikkje berre eit arbeidsverkty, det er min identitet, sa Teige.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho fortalte vidare om si periode som ung journalist i NRK Møre og Romsdal, då eldre journalistar lærde ho opp til både det å vere journalist, men og til det å bruke sitt eige språk og si eiga dialekt i sjølve arbeidet.

- Eg etterlyser disse mentorane i dagens redaksjonar. Personleg meiner eg det er heilt utruleg kva som går gjennom redaksjonane i dagens media, når det gjeld språk og kvalitet. Ein språkpris handlar om det ein gjer, eins identitet. At eg får denne prisen i dag, tyder i grunnen at "Trude Teige er i grunnen grei ho".

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I grunninga til juryen i Kringkastningsringen, vart Trude Teige tildelt prisen for klart, kjapt og godt språk i arbeidet ho gjer som reporter og journalist i beste sendetid, og ho blei og omtala som eit godt førebilete for andre journalistar.

Teige er 48 år gamal frå bygda Herøy på Sunnmøre. Ho er utdanna journalist frå Storbritannia og har tidlegare vore journalist i Bergens Tidende og i NRK Møre og Romsdal. Sidan 1992 har ho vore i TV 2, der ho no er programleiar for Tabloid.

Andre journalistar som har utmerkt seg ved bruk av godt nynorsk språk og dialekt, og som har blitt tildelt prisen tidlegare, er mellom andre:

2007 Ingerid Stenvold
2006 Harald Bøe
2005 Are Kalvø
2004 Audhild Gregoriusdottir Rotevatn
2003 Arne Hjeltnes
2002 Gry Molvær

Kringkastningsprisen vart for fyrste gong delt ut i 1978.