Tove Nilsen: «Vingetyven» (Forlaget Oktober, 283 sider)Krenking av privatlivets fred

Foto: Tom Sandberg / Exil Design
 Foto: Tom Sandberg / Exil Design
Artikkelen fortsetter under annonsen

<p«Vingetyven» handlar om menneske som tek seg ein fridom dei ikkje har rett på.</p

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Har du opplevd ein vingetjuv? Nokon som tek kontroll over deg og livet ditt, utan å spørje om lov?

Tove Nilsen har alltid hatt denne særeigne måten å skildre unge, overgangsfasen til vaksenverda og dei enkle, nære problemstillingane ein møter på vegen dit. Med «Skyskraperengler», «Skyskrapersommer» og «G for Georg» tilførte ho noko nytt, ho gav unge ein eigen del av vaksenlitteraturen.

I «Vingetyven» skildrer ho både unge og vaksne sin veg mot noko anna.

Eg har ei venninne som insisterte på å fortsette ta tuben i London etter terrorangrepet. Ei anna går alltid heim frå byen sjølv om det er helg, midt på natt og ho må gå aleine. Samstundes med at media syner at voldtektsstatestikken skyt til himmels. Begge har eit felles motto: om ein inrettar seg, har «dei andre» vunne. Men kven er dei andre?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein kan godt meine at media driv skremselspropaganda med sine oppslag. Men like fullt er dei der, dei som sprer denne frykta.

Den siste boka til Tove Nilsen handlar det om ein som trengjer seg på, til di inste sfære, utan å spørje om lov.

I «Vingetyven» les vi om nokon som får privatlivet sitt invadert og trakka på ein ukjend. Overgrepa er mange og fleirfaldige, på begge sider, og Nilsen skildrer dei på ein enkel og forståelig måte som gir innsikt i karakterane vi les om.

Forteljerstemma delt mellom to personar, Elisabeth og Henry. Elisabeth kjemper med nebb og klør for å finne tilbake til sin eigen identitet. Ho er fråskild forlagsredaktør med eit sterkt ønske om å styre sitt eige liv, skape sin eigen kvardag, etter at mannen var utru og forlot ho til fordel for ei yngre kvinne. Saman har dei ei ung datter, Regine, som er på veg inn i dei vaksne si verd. Kanskje er ho ikkje så uskuldig som mor hennar måtte ønske?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Henry har strenge rituelle handlingar i sin eigen forvrengde kvardag. Han bur i leiligheta han er oppvaksen i og kikar stadig tilbake til eigen barndom for å finne svar. I disse tilbakeblikka får lesaren sjå bileta av ein forsømd unge og vaksne sine egosentriske behov. Henry har og sterke meiningar om rett og gale. Særleg om korleis mødre bør vere, mellommennesklege forhold og kva som er kjærleik. Har har og funne sine eigne måtar for å meistre desse krava. Men aller mest er Henry berre ein einsam mann det i grunnen mest er fryktelig synd på. Og han har lagt sin elsk på Regine.

Det er stemmene til Elisabet og Henry vi følgjer gjennom «Vingetyven». Det er deira sanning og oppleving av kvardagen vi får innblikk i, og begge to fokuserar sterkt på Regine. Og gjennom disse to forteljarstemmene får vi også ein flik av den unge kvinna.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er fleire sine vengar som blir stolne i denne boka. Elisabeth sine, ved at andre har synspunkt på korleis ho bør vere. Henry har på ein måte aldri fått venger, eller rettare sagt så har dei blitt tvangsklipt i heile hans oppvekst og vaksne liv.

Historia gir eit nært, og til tider varmt, bilete av ein mann vi i grunnen skal sky som pesten. Det einaste som vekker oss når klimakset i forteljinga er faktum, er Regines sunne fornuft og ennå barnlige trass. Hadde det ikkje vore for at Nilsen røsker tak i lesaren i siste sekund kunne vi komme i skade for å sympatisere på feil side, sjølv om vi visste at det var gale.

Med «Vingetyven» set Tove Nilsen eit annaleis fokus på menneska bak dei aktuelle mediaoverskriftene. Den forståinga har lesaren meir enn godt av

Les også:
Bokmeldingar i ABC Nyheter

ABC Nyheter Litteratur

ABC Nyheter Kultur


Les meir om litteratur på Startsiden