Sigmund Skard-Stipendet 2008 til Edmund Austigard

 
Artikkelen fortsetter under annonsen

<p- Internett har virka forløysande på litteraturen, meinar prisvinnaren.</p

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Forfattaren bak bøkene «Krinsereglane» (2005) og «Taxi for B. A. Beckstrøm - eller kunsten å danse på furu» (2007) vart tildelt Sigmund Skard-Stipendet 2008, på 25 000 kroner, då Det Norske Samlaget la fram haustlista si tidlegare i dag.

Stipendet skal gå til ein forfattar som har gitt ut minst ei bok med høg litterær kvalitet dei siste fem åra, og er knytt til Skards innsats for norsk skriftkultur, som han fekk Brages første heiderspris for i 1992.

- At ein slik fagleg skodd og dyktig jury har valt meg er ei stor ære, sa han til ABC Nyheter etter utdelinga av prisen. Han meiner sjølv at han, som så mange andre forfattarar, er forfengelig nok til å like merksemda prisen gir han.

Edmund Austigard har alltid fleire prosjekt på trappene ettersom han har skrive i fleire år. Men tidlegare var ikkje sjølvtilliten til den prisa forfattaren god nok til å ta kontakt med eit forlag. Han meiner sjølv at det har blitt færre «strafferunder» med åra.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Med strafferunder meiner eg alle dei rundene eg gjekk med meg sjølv før eg i det heile tatt turde å sende inn eit manus til forlaget. Tankar som «det er nok ikkje bra nok» og «kvifor skulle dei velge meg» tok motet frå meg, og det gjekk lenge før eg turde å sende inn noko. Han meiner det kan vere lett å tenkje slik om ein ikkje kjenner bokbransjemiljøet og står utanfor det heile.

- Det er enkelte barrierer som omgir bokbransjen som ein må våge seg fram på, for å tore å ta kontakt med eit forlag og syne fram det ein har skrive. Dagens konkurranse om gode skribentar og manus forlaga i mellom, gjer at fleire slepp til meiner Austigard sjølv.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Utviklinga på Internett er og med på bryte ned desse mytene ein har om forlagsbransjen. Heile miljøet blir meir tilgjengelig enn tidlegare, meiner han.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Grunninga frå jurien er mellom anna at «Austigard får prisen for det som mange vis teiknar til å bli ein forfattarskep som både er frodig, orginal og svært humoristisk».

Tidlegare har mellom anna Erna Osland, Olaug Nilssen, Ingelin Røssland, Frode Grytten og Are Kalvø fått stipendet.

I juryen sit Tom Skovdal, Solveig Øye og Finn Totland frå Det Norske Samlaget.

Les også:
Bokmeldingar i ABC Nyheter

ABC Nyheter Litteratur

ABC Nyheter Kultur

Les meir om litteratur på Startsiden