Sanning i Tiden

 
Artikkelen fortsetter under annonsen

<pDå Tiden Norsk Forlag i dag la fram bøkene som kjem i haust, kunne dei skilte med fleire sterke historier frå røyndomen.</p

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg risikerer nok meir enn dei forfattarane som berre skriv fiktive historier, medgir Kristin Marie Berstad, debutant av året med boka «Tvang». Boka handlar om ei ung kvinne som tek eit oppgjer med si eiga historie ved å skrive så sant ho berre kan. I dagboksform skriv ho om alt det som skjer henne, om tvangstankane som styrer kvardagen hennar og om tankar rundt eit overgrep som er skjedd ho tidlegare.

- Det vert sagt at nærmast 80% av befolkninga har tvangstankar, men berre 2% får ei diagnose. Eg vil ikkje seie at hovudpersonen i boka er meg, men det er historier frå mitt eige liv, kan ho fortelje.

Debutant Kristin M. BerstadDebutant Kristin M. Berstad

- Det er noko av det eg synes er svært spanande med å skrive, å utforske dette skilje mellom det fiktive og det reelle. Det er jo igrunnen det som skjer når ein lever med tvangstankar i kvardagen - ein er igrunnen i ei fantasiverd, seier ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Hovudpersonen i boka er svært sjølvreflektert og prøver å hjelpe seg sjølv med denne tvangen, fortel ho vidare. Som dei fleste med psykiske problem er smerteleg klar over, står nemleg ikkje det norske helsevesenet parat til å fange opp dei med slike lidingar i dagens samfunn.

Boka «Tvang» er ei mørk bok i fortel forfattaren sjølv til ABC Nyheter.

Gaute Heivoll er ein effektiv forfattar med mykje på hjartet. I haust kjem han med boka «Himmelarkivet». Boka er skriven med ei sann historie i grunn, historia om kommunisten Louis Hogganvik som tok sitt eige liv ed å svelje bitar av madrassen han sjølv låg på,etter å ha blitt arrestert og torturert av Gestapo.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I arbeidet med boka har Heivoll hatt nær kontakt med den gjenlevande nærmaste familien til Louis, og «Himmelarkivet» har teke form mykje på grunn av historiene som Birgit, dotter til Louis Hogganvik, har fortalt forfattaren sjølv.

Artikkelen fortsetter under annonsen

forfattter Gaute Heivollforfattter Gaute Heivoll

- Dette har vore ein svært viktig prosess både for oss fire borneborna til Louis, og sjølvsagt mor vår som miste faren sin på denne måten. Vi fire syskena har alltid synes at det har vore noko spanande, ja nesten mytisk med denne bestefaren vår som vi aldri møtte. Men det har vore eit tema som ein ikkje har ynskt å prate om tidlegare i vår familie, kunne bornebornet Even Rasmussen som og var til stades på lansering, fortelje.

- I byrjinga var ikkje mor mi så interessert i å vere med på å skape denne romanen, men den innstillinga har endra seg etterkvart, og i dag er ho svært glad for at boka og historia om far hennar skal kome ut.

Forfattaren sjølv omtala prosessen med romanen som ei brutal hendning og historie, som nærmast kunne samanliknast med ei forbryting å skrive.

Andre forfattarar som gir ut bøker på Tiden Norsk Forlag denne hausten er mellom andre Anders Bortne, Margaret Skjelbred og Odd Børretzen, Hege Susanne Bergan, Simon Stranger, Vidar Sundstøl, Einar O. Risa.

Les også:
Bokmeldingar i ABC Nyheter

ABC Nyheter Litteratur

ABC Nyheter Kultur

Les meir om litteratur i Startsiden