«Hva er dette hva» av Dave Eggers, (Gyldendal, 571 sider). Oversatt frå engelsk av Hege Mehren og Isak Rogde. Originalens tittel «What Is the what» første gang utgitt av McSweeney's Books, San Francisco 2006.Brutalt ærleg

Dave Eggers, her på eit arrangement i San Fransisco. (Foto: Scanpix)
Dave Eggers, her på eit arrangement i San Fransisco. (Foto: Scanpix) 
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Hva er dette hva» er ei bok som engasjerer og rører, eit viktig og velskrive dokument frå ein av vår tids mest brutale krigar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

«(...) Jeg har sittet i nesten ti kilometer bakpå et lasteplan fullt av lik. Jeg har sett altfor mange unge gutter dø i ørkenen, noen som om de bare hadde satt seg for å sove, andre etter flere dagers vanvidd. Jeg har sett tre gutter bli tatt på måfå og spist av løver. Jeg så dem bli løftet opp og båret vekk i munnen på dyrene og fortært i det høye gresset, og det nær nok til at jeg kunne høre de dumpe lydene når sener og muskler ryker og rives tvers av. (...)»

Dette utdraget frå boka står på omslaget av «Hva er dette hva», samt i handlinga på side 17. Her går tankane og minna frå opplevingane under borgarkrigen i Sudan, gjennom hovudet på hovudpersonen Valentino Achak Deng, medan han vert rana i sin eigen heim i Atlanta, USA. Han er ein av «The lost boys», menn frå Sør-Sudan, som har fått kome til USA for å starte eit nytt liv. Deng vil gjerne fortelje ranarane historia si, han vil gjerne fortelje alle han møter historia si, men dei har akkurat no tapa att munnen hans og bakbunde hendene. Han blir ikkje høyrt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Biografisk roman

«Hva er dette hva» er Dave Eggers fjerde bok. Han debuterte i 2000 med romanen «Et forbløffende talentfullt, dypt rystende verk» bygd på hans eigne ungdomsopplevingar. «Hva er dette hva» er også ein slags biografi bygd på Dengs opplevingar frå den tjueto år lange borgarkrigen mellom regjeringa i Sudan og Det sudanske folkets frigjeringsrørsle og - hær. Deng ønskte at ein forfattar skulle skrive ned historia hans og han vart deretter sett i kontakt med Eggers som skreiv den ned. Men sidan Deng var såpass ung då mykje av dette hende, er sjangeren likevel roman.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Resultatet har blitt ei bok på nesten 600 sider, eit rystande dokument over hendingane i Sør-Sudan, men også om korleis sudanarane i USA opplever det nye tilveret i vesten. Kontrasten der historia vekslar mellom minna frå borgarkrigen og skildringane av møtet med vestleg kultur, er slåande ærlege og ein uvant innfallsvinkel til dei utfordringane innvandrarar møter i eit nytt land.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Døme på at det er vanskeleg å innordne seg ein ny kultur er mange; som korleis ein legg all maten i frysaren eller strevar livet av seg for å slå på ei datamaskin, fordi alt er nytt og ein ikkje veit kva disse hjelpemidla blir brukt til. Overgongen frå flyktningleiren i Etiopia til USA er stor, også i kvardagen, og mange draumar blir knust. Sudanarane som innvandrar blir i utgangspunktet førespegla lovnadar om utdanning i det nye landet, men ender opp med å ta «dritjobbar» som ingen andre vil ha. Og då Valentino ein dag er «dum» og opnar døra for ei ukjend dame, vert han nedslegen og rana.

Bestialsk folkemord

Medan han ligg på golvet, forslått og bunden, fortel han historia si om familien i byen Marial Bai i Sør-Sudan, om faren si forretning og handel med arabarane, og han minnes mora i gul kjole. Han fortel levande om opprørarane som ein dag byrjar å hente ut varer utan å betale, om mennene med avhogne hender som kjem til landsbyen og fortel om «Sharia-lovene». Arabarane som kom ridande, henretta for fote og stal med seg buskapen til dei døde og kvinner og barn som bytte, medan dei drog lik etter dei galopparande hestane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det siste Valentino ser av mora si, er at ho spring på stien i den gule kjolen. Men ho spring så altfor sakte.

Vandrar til Etiopia

Sjølv overlever han, og spring inn i jungelen. Vesle Deng spring og spring, søv i hole stammar, flyktar frå skot og ville dyr til han møter på ei gruppe gutar på sin eigen alder, under ti år, under leiing av ein eldre gut. Dei er på veg til Etiopia, bort frå den visse død i Sør-Sudan. Undervegs blir dei fleire, og til slutt er det mange hundre gutar som vandrar på lange rekker, svelt, døyr og blir drepne av krigshelikopter, sjukdom, miner og bomber.

Etter ni månader når dei fram. Då er fleire alt drepne av løver, ein daud etter å ha ete rått elefantkjøt og hovudpersonen sjølv mager og utmatta. Tusenvis bukka under, og Valentino skildrar ofte lagnaden som uuthaldeleg. No startar eit nytt tilvere i flyktningleiren.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Spanande og rystande

Boka er eit rystande dokument, spanande og godt skriven, om ein kan skrive spanande om ei bok som skildrar tusenvis av menneske sin lagnad i eit borgarkrigsramma land. Forteljinga held deg fast side etter side, og seks hundre sider forsvinn som ein vind. Eggers har evna å formidle historia svært personleg, nær og ærleg. Han får fram hovudpersonens eigne opplevingar, men også mykje av historia til landet Sudan og fakta rundt borgarkrigen utan at det vert tørt og kjedeleg. Han evnar å skildre historiske hendingar enkelt og utan å utbrodere, som ved at den eldste guten blant dei vandrande, fortel dei yngste kvifor ein krigar i Sudan.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Alle skal vite

«Uansett hva jeg gjør, og hva slags levebrød jeg måtte finne meg, skal jeg fortelle disse historiene», skriv Deng i siste kapittel. Han har kome inn på college, året er 2006 og han har bestemt seg for å reise tilbake til Sudan når den fireårige graden er fullført. Sommaren 2007 drar han tilbake til heimbyen Marial Bai og starta arbeidet med eit undervisningssenter. I løpet av 2008 skal byggjearbeidet vere ferdig. Alle forfattarroyalties frå boka tilfell hovudpersonen, og skal bli brukt til å forbetre tilveret for sudanarar både i Sudan og andre stadar i verda.

Les fleire bokmeldingar i ABC Nyheter

ABC Nyheter Litteratur

ABC Nyheter Kultur