Familien kan godkjenne Stieg Larssons siste vilje

Familien kan godkjenne Stieg Larssons siste vilje
Familien kan godkjenne Stieg Larssons siste vilje

Stieg Larsson ville skjenke sine siste penga til kommunistparti. No vurderer familien å oppfylle det som kan vere forfattarens siste ønske.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Stieg Larsson ville skjenke sine siste pengar til kommunistpartiet i Umeå, ifølgje eit testamente frå 1977 som blei funnen etter hans død.

Testamentet er ikkje bevitna og difor ikkje juridisk gyldig. Men no tenkjer Larssons familie på å underteikne forfattarens siste vilje, ifølgje Expressen.se.

Ein halv milliard

Svenske Stieg Larsson har hatt ein ufatteleg suksess med dei tre bøkene om Mikael Blomkvist og Lisbeth Salander. Sjølv døydde han av hjarteinfarkt i 2004, før bøkene rakk å bli utgjevne. Men den såkalla Millennium-trilogien har dratt inn enorme summar. Ifølge E24 er 4,6 millionar eksemplar av bøkene selt for cirka 600 millionar svenske kroner, noko som tilsvarar ein halv milliard norske kroner.

Larssons kjæreste og sambuar gjennom mange år, Eva Gabrielsson, har vore i krangel med far og bror til Larsson i eit langvarig arveoppgjer. Larsson og Gabrielsson gifta seg nemleg aldri, trass i at dei var kjærestar i over 30 år, og difor har ho ikkje krav på noko av Larssons formue.

Nokre månader etter dødsfallet fann Eva Gabrielsson det testamentet som ingen trudde Larsson hadde skrive. Problemet er berre at det er frå 1977, ubevitna og skriven på ein måte som gjev grunnlag for diskusjonar.

«Likevel vil eg at alle mine middel i reine pengar (og på dette punktet er eg veldig bestemt) skal tilfalle Det Kommunistiske arbeiderforbunds Umeå-avdeling».

Det er uklart kva som ligg i omgrepet «reine pengar».

Vurderer å underteikne

Det Kommunistiske arbeidsforbund eksisterer framleis, under namnet det sosialistiske parti. Og no tenkjer familien på å underteikne dokumentet.

- Han har jo hatt 27 år på seg på å endre meining, så vi går ut frå at han ville at testamentet skulle gjelde. Men vi måtte jo få lest heile teksten før vi seier noko så definitivt, seier Stieg Larssons bror Joakim Larsson til den svenske avisa Västerbottens-Kuriren.

Familien har nemleg ikkje fått sett papiret, på grunn av den bitre konflikten med Stiegs sambuar. Loven seier at familien har rett på det han etterlot seg. Men Stieg Larsson og Eva Eva Gabrielsson levde saman i 25 år og ho har tidlegare sagt at det var umogleg for dei å gifte seg. Stieg Larsson blei nemleg truga av nynazistar, og bustadsadressa var registrert på Eva Gabrielsson slik at Larsson ikkje kunne bli funnen. Det hadde ikkje gått om paret var gift, då paret ville ha blitt kopla saman i offentlege register.

Stort engasjement

Om Larssons pappa Erland Larsson og bror Joakim Larsson vel å gjere testamentet gyldig, går arven til det sosialistiske partiet.

Partiet hevdar at dei ikkje har tenkt på korleis dei i så fall skal bruke pengane. Det kan dreie seg om mange millionar kroner.

- Men det kan i så fall like gjerne handle om hundre kroner, seier Erik Pettersson, medlem i det sosialistiske partiet til Expressen.se.

- Generelt sett er det sånn at med mykje middel og med store pengar kan du gjere meir. Det hadde vore fint om pengane blei brukt i Stiegs ande, sidan han var engasjert heilt fram til han døde, seier Erik Pettersson.

Les meir:
ABC Nyheter Litteratur

ABC Nyheter Kultur

Personvernpolicy