Kurt Sweeney: «Kjegler» (Aschehoug 2008, 382 sider)Vondskapen går i arv

Vondskapen går i arv
Vondskapen går i arv
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sterke karakterar og sterk innleving, men vedkjem det meg at ein genial mann braut med familien sin ein gong på sekstitalet?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Debutant Kurt Sweeney. (Foto: Aschehoug)Debutant Kurt Sweeney. (Foto: Aschehoug)

Kurt Sweeneys første bok, «Kjegler», er ei reise i menneskelagnader.

Hovudpersonen John Kavan reiser fram og tilbake i tid, hentar opp trådar og knyter dei saman, fører dei fram til notida og skriv dei ned medan sonen Sean søv. Dei korte episodane frå notida, der hovudpersonen fortel om at han sit og skriv, bind fortida saman med notida og fungerer som eit lim, som ei forklaring på kvifor boka er skriven.

Vondskapen går i arv, manifesterer seg, får utlaup og vert ført vidare av eit rasande intelligent – eller ravande gal – familiemedlem i ledd etter ledd. Først farmora Madelaine, så faren Georg og til sist Johns søster Iris. Genial og manipulerande, genial og offer for genialiteten, og til slutt ravande gal.

Men kva skjer når geniet manglar kontakt med bakken og seg sjølv fordi røtene er kutta av? Faren Georg skal skape eit fundament der det ikkje eksisterer. Han har brot med Adventiskyrkjelyden i Los Angeles og vil skape seg sjølv frå grunnen av, men du kan ikkje legge historia di ifrå deg.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Manglar fundament

Georg og kona Åse blir bindeleddet i lause lufta mellom Adventist-plattformen og livet som ateist og kunstnar. Bindeledd som heng i lufta for lenge korroderer, blir utslitne og ryk tvers av.

Boka får meg til å tenkje. Eg vert like fascinert som eg blir kvar gong ein forfattar evnar å mane fram slike sterke karakterar. Han beskriv korleis flat hand går i arv frå far til son, og korleis psykisk terror forplantar seg lik ein forbanning frå ledd til ledd, korleis eit ibuande raseri kan bli livsfarleg i dei rette familiar. Eg spør meg kvar dei kom frå i første omgang, dei personlege eigenskapane og briljante hjernane som tippar over i galskap.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei psykologisk komplekse karakterane som held deg fast, side etter side, som kan takast i forsvar og drepande kritiserast, som du både kan forstå og ta avstand frå, går det mange bøker mellom kvar gong ein kjem over.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvifor lese?

Sweeney likar å nøste, han veltar seg i språk og skildringar og er i sitt ess når han skildrar karakterane i deira mest vanvittige augneblink. Språket er til tider nesten ekstatisk, men den same forteljarevna som gjer Sweeney til ein dyktig personskildrar, gjer også delar av boka i periodar langtekkeleg. Gjentakingane som gjer språket suggerande når dei beskriv familiedrama over juleribba, eller farens overfall av mora, blir kjedeleg når dei skildrar Tyskland etter andre verdskrig.

Dessutan er den første delen av «Kjegler» forvirrande. I løpet av dei første hundre sidene tek eg meg sjølv i å bla fram og tilbake for å klare å hengje med i handlinga og oppramsinga av Johns slektstre bakover, om oldemora Sarah som var gift med den alkoholiserte Gus, den psykopatiske Madelaine som var gift med Gerald, om Gerald som oppdrog sønene i adventistkyrkjelyden i Los Angeles.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det tek mange sider før historia kjem i gang og ein vert kjend med karakterane. Gir enn dei derimot den tida dei treng på å gjere seg til kjenne, er dei verdt bryet.

Men kvifor skal eg lese ei såpass detaljert historie om overintelligente menneske og galskapen deira? Sweeney maktar aldri å gjere meg tilfreds som lesar. Det blir aldri heilt klart for meg kva eg får ut av å lese denne boka.

Les meir:

ABC Nyheter Litteratur

ABC Nyheter Kultur