Morobøker meir populære enn eventyr

Barn som blir lesne for, lærer fortare å lese sjølv. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)
Barn som blir lesne for, lærer fortare å lese sjølv. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)
Artikkelen fortsetter under annonsen

Britiske barn vil ha morobøker framfor eventyr og klassiske godnatthistorier, viser ei ny undersøking.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den klassiske, anglosaksiske barnelitteraturen viker plassen for moderne morobøker. Britiske barn vil ha Roald Dahls «SVK», Dr. Seuss og forteljingar av nyare forfattarar som Steve Cole og Jeremy Strong framfor tradisjonelle bøker av Beatrice Potter, Enid Blyton og eventyra til Brødrene Grimm, skriv Telegraph.

I Storbritannia er det færre enn halvparten av foreldra (49 prosent) som les for barna kvar dag. 1 av 10 hoppar over sider i bøkene for å kome raskare til slutten.

Det viser ein studie gjennomført av National Year of Reading. Dei har intervjua 2.207 foreldre med barn under 16 år.

Fleire les for barna i Noreg

Ein tilsvarande studie publisert i Noreg i samband med Verdas bokdag i slutten av april, viste at 53 prosent av norske foreldra les for barna. 8 av 10 av dei som har barn under 10 år, les for barna dagleg eller minst 2-3 dagar i veka.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Undersøkinga frå Noreg viste også at dei med høg utdanning og inntekt over 500.000 las betydeleg meir enn dei med lågare utdanning og lågare familieinnntekt.

Fleire resultat frå den store Bokundersøkinga her

Kva type foreldre det er som les for barna i Storbritannia, seier den britiske undersøkinga ingenting om, men studien viser at dei klassiske barnebøkene som «The Tale of Peter Rabbit» av Beatrix Potter, «Det suser i sivet» av Kenneth Grahame og «Anne fra Bjørkely» av LM Montgomery står og støvar ned på hylla. Topp tre blant britiske barn er «The Gruffalo» av Julia Donaldson og Axel Scheffer, «The Very Hungry Caterpillar» av Eric Carle og «SVK» av Roald Dahl.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Skurken snakkar Cockney

28 prosent av foreldra kunne fortelje at moroforteljingar slo best an hos barna. 12 prosent av barna føretrakk tradisjonelle eventyr. Men berre ein prosent ville ha fablar, som Æsops fabel om haren og skilpadda.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Størsteparten av britiske foreldre brukar ulike morostemmer for å gje liv til godnatthistoriene. Av dei 84 prosenta som skifta dialekt under lesinga, var Cockney (London-dialekt) den mest populære stemma for å framstille ein skurk, medan the Queen's English («korrekt» engelsk) var mest brukt for å framstille helten i forteljinga.

- Litt moro styrkjar fantasien og gir også det lille rampete snerten som barn likar så godt. Om alle foreldre gjorde det, tenk for ei fin verd vi ville få, seier Honor Wilson-Fletcher, direktør i the National Year of Reading, til Telegraph.

TV før sengetid

Den mest populære aktiviteten før sengetid blant britiske barn, var likevel ikkje høgtlesing, men tv-sjåing. Trass i undersøkingar som viser at barn som blir lesne for, raskare lærer å lese sjølv.