Marie Fredriksson gjer comeback
Songaren og låtskrivaren Marie Fredriksson er tilbake etter alvorleg sjukdom.
I haust reiser den populære artisten på turné med ei rekkje framståande svenske artistar, blant andre Lisa Nilsson.
Ho skal vere med i showet «Stjärnklart» som skal dra fulle hus og vere svært populært i Sverige. I haust skal Fredrikson vere med på turné til Norrköping, Stockholm, Malmö og Göteborg.
- Marie Fredriksson gjer no comeback i større samanheng etter hjernesvulsten. Sett bortifrå nokre strøjobbar, blir dette hennar store comeback, seier kapellmeister for showet, Anders Berglund til Expressen.
Marie Fredriksson blei friskmeldt hausten 2007. Til Dagens Nyheter fortel ho at ho ny kjenner seg frisk.
- Det er klart at eg framleis har mykje å kjempe med, men eg gjer framsteg. Eg ser ikkje på høgre auge, og det er tøft så klart. Men ein venner seg til det og eg er utruleg takksam for at eg i det heile tatt er i live, seier ho til avisa.
Det siste året har ho brukt mykje tid på kunst, og ho har også stilt ut sine eigne verk. Marie Fredriksson bur i Stockholm og er gift med musikaren Mikael Boloys. Paret har to barn saman.
Fredag fyller Fredriksson 50 år. Dagen blir feira i utlandet saman med familien.