Meny

Feminisme = sex og singelliv?

<p>Sarah Jessica Parker, Kim Cattrall, Cynthia Nixon og Kristin Davis. (Foto/Copyright: SF Norge AS)<br> </p>
Sarah Jessica Parker, Kim Cattrall, Cynthia Nixon og Kristin Davis. (Foto/Copyright: SF Norge AS)

Snart er det klart for filmen med fantastiske Carrie Bradshaw og damene. Men er det stovereint å elske «Sex og singelliv» og framleis kalle seg feminist?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Sex og singelliv-fakta

* «Sex og singelliv» gjekk i seks sesongar frå 1998-2004. Til saman blei det laga 94 episodar.

* Temaet for kvar episode blir ramma inn av spørsmål Carrie stiller seg i si vekentlege spalte for den fiktive avisa «New York Star Newspaper».

* I rollene som Carrie Bradshaw, Samantha Jones, Charlotte York og Miranda Hobbes finn du Sarah Jessica Parker, Kim Cattrall, Kristin Davis og Cynthia Nixon.

* Serien blei nominert til over 50 Emmy-prisar, og vann sju gonger. Serien var også nominert til 24 Golden Globe-prisar og vann åtte.

* For tida kan du sjå dei fire flotte damene i reprise på TV3 kvar måndag kl. 22.30.

* Filmen er klar for norske kinolerret fredag 6. juni.

6. juni er ein dato eg lenge har sett fram til med lengsel. Det er nemleg dagen då «Sex og singelliv»-filmen har premiere i Noreg. Då får eg forhåpentlegvis svar på livets viktigste spørsmål: Vil Carrie ende opp framfor alteret med Mr. Big? Vil forholdet mellom Samantha og den 15 år yngre boytoyen Smith Jerrod kunne vare? Vil Charlotte til slutt få oppleve babylukka? Og vil Miranda halde ut kjernefamilie-helvete i Brooklyn?

Eg er det du kan kalle ein blodfan av «Sex and the City». Eg har sett alle episodane opptil fleire gonger og skulle så gjerne hatt berre ein ørliten prosentdel av sjølvtilliten og attituden til Samantha, Carries stil og sjarm, Mirandas sylkvasse hjerne og Charlottes idealisme og eleganse.

Haute couture og Manolo Blahnik

Som hundretusenvis av andre kvinner, drøymer eg om å vere ein del av den kule gjengen til Carrie. Ikkje eit vondt ord om mine noverande venninner, men å drikke seg dritings på sambucha og sovne framfor Sing star-en blir aldri heilt det same som å drikke Cosmopolitan-coctails, iført haute couture og eit par skyhøge Manolo Blahnik-stilettar på Manhattens hottaste uteplassar, blir det vel?

Om nokon er så frekke at dei kallar yndlingsserien min for overflatisk, materialistisk og usannsynleg, kan eg kunsten å bite frå meg. Men, eg må innrømme at eg likevel sit igjen med ei murrande kjensle av at det er vel ikkje heilt stovereint dette, at eg som likar å kalle meg sjølv for feminist skal vere så oppteken av ein glossy tv-serie om fire smellvakre, kvite, velståande, heterofile damer som sprader rundt i dyre designklede i verdsmetropolen New York.

I deira univers lét dei fleste problem seg løyse med litt oppmuntrande venninnesnakk, ein svipptur innom Dior og ei natt på byen. Den marengsmjuke innpakninga er herleg å drøyme seg vekk i, men det er ikkje til å kome bort ifrå at Carrie og venninnene er meir opptekne av sko, menn og sex enn av å løyse verdsproblem.

Trass i manglande politisk tyngdekraft, kjenner eg ein sterk fascinasjon for serien og ikkje minst hovudrolleinnehavaren Sarah Jessica Parker. For tida sluker eg rått alt eg kjem over av SATC-stoff i aviser og vekepressa. Og eg skammar meg.

«Sex og singelliv» handlar om vennskap mellom kvinner, utan at dei konkurrerer verken om menn eller med kvarandre. (Foto: SF Norge AS)«Sex og singelliv» handlar om vennskap mellom kvinner, utan at dei konkurrerer verken om menn eller med kvarandre. (Foto: SF Norge AS)

Men har eg eigentleg grunn til det?

Ikkje om eg skal tru filmvitar og kulturjournalist Siss Vik, som sjølv er ein svoren SATC-fan.

Glossy feminisme

Også damer på 45 kan ha behov for eit raskt knull. - Filmvitar Siss Vik - Det er deilig at damene i «Sex and the City» er pene og tynne, seier ho til ABC Nyheter.

- Den glossy innpakninga er nettopp det som gjer serien feministisk. Det å vere 43 år, single og barnlaus som Samantha, har aldri tidlegare blitt assosiert med det å vere sexy og attraktiv. Heile serien er fluffy, rosa «eye candy», og er nøydd til å vere det, for å løfte førti år gamle damer opp frå det realistiske dramaets misere, så og seie.

Vik klarar også å gjere eit feministisk poeng ut av det at damene slår om seg med pengar på fyll og klede:

- Dei er økonomisk uavhengige og brukar pengar på sprit, dyre middagar og disko heile natta. Frå eit etisk synspunkt er det kanskje ikkje den beste løysinga, men det er viktig for kvinner å sjå at dei kan setje seg sjølv først, at vi ikkje berre blir framstilt som omsorgspersonar som sparer til brurekista. Vi ville aldri ha sett spørsmålstegn ved menn som gjorde det same, hevdar ho.

Etter Viks meining har «Sex og singelliv» heilt klart revolusjonert måten kvinner blir framstilt på i tv-seriar.

- Det som var heilt eksepsjonelt då serien kom lufta mot slutten av 90-talet, var at det var kvinnene som var hovudpersonane, heilt nådelaust. Og dei er mellom 35 og godt over 40 år. Berre det å ha kvinnelege hovudpersonar i den alderen er veldig uvanleg i ein serie som handlar om sex og kjærleik. Men viktigast er den seksuelle frigjeringa som serien viser, at onani er viktig også for kvinner og at damer på 45 år kan ha behov for eit raskt knull. Det er sjeldant.

Den berømte rosa dildoen

Sarah Jessica Parker har blitt eit moteikon gjennom rolla som Carrie Bradshaw. Det ho har på seg i serien har vore med på setje standarden i moteverda. (Foto: SF Norge AS)Sarah Jessica Parker har blitt eit moteikon gjennom rolla som Carrie Bradshaw. Det ho har på seg i serien har vore med på setje standarden i moteverda. (Foto: SF Norge AS)

Eg kjenner meg betre. Dette er gode greier, damer i førtiåra som er seksuelt lausslupne utan at det blir ekkelt og flaut er «hot feministisk stuff».

Til og med erkefeministen og «Bitterfitte»-forfattar Maria Sveland meiner det. Ho trekkjer spesielt fram den sagnomsuste rosa dildoen Mr. Rabbit, og korleis prektige Charlotte berre vil liggje heime i senga og kose seg med den heilt til vennene må ta affære og kaste dildoen ut.

- Sex og singelliv kan iblant vere både normbrytande og feministisk, seier Sveland til ABC Nyheter

- Som til dømes då Carrie skal gifte seg med Aidan, men hoppar av i siste sekund. Ho kjenner seg fri igjen og går ut og feirar med venninnene, og bodskapen blir at vennene er det viktigaste, trass alt.

- Men, held Sveland fram, - like ofte synest eg serien er sexistisk og frykteleg materialistisk på ein svært stereotyp måte. Som eit blankt motemagasin med berre littegrann meir innhald og handling. Kvinneprosjekt nummer éin er jo trass alt Utsjånad: klede, sminke, sko, skjønnheit, og det har vi verkeleg nok av som det er. Som du høyrer, har eg veldig doble kjensler til serien.

Også kulturredaktør i det feministiske tidsskriftet Fett, Ellisiv Lindkvist, trekkjer fram det seksuelle som det med størst feministisk potensial i serien.

- Kvinnene i serien er opptekne av sex utan at det nødvendigvis blir knytt til ein romantisk relasjon, og utan å drøyme om ekteskap og barn. Såleis kan ein kalle serien feministisk, sidan seksualiteten er eit område som framleis blir brukt til å dømme og fordømme kvinner. Men det er lett å vere kritisk til ein del aspekt ver serien, som det at dei alle er så tynne og vakre, til dømes. Kvar er den kvinnelege utgåva av ein George frå «Seinfeld»? spør Lindkvist.

Menn, menn, menn

Siste episode i serien sluttar med at Mr. Big reddar Carrie heim frå Paris. Men vil forholdet vare? Sarah J. Parker i rolla som Carrie og Chris Noth som Mr. Big. (Foto: SF Norge AS)Siste episode i serien sluttar med at Mr. Big reddar Carrie heim frå Paris. Men vil forholdet vare? Sarah J. Parker i rolla som Carrie og Chris Noth som Mr. Big. (Foto: SF Norge AS)

Filmvitar Siss Vik er ueinig med både Fett-redaktøren og Sveland og nektar å vere kritisk til det kroppsbildet som tv-serien viser fram. Dette til tross for at alle dei fire damene er slanke og svært tiltrekkjande, med gasellebein så glattbarberte at det alltid får det til å krible litt ekstra i mine eigne stikkete, norske leggar.

- Ja visst er dei pene og tynne, men dei seier aldri ting som «no har eg blitt tjukk» eller «eg kan ikkje unne meg den drinken». Dei tar det som ein sjølvfølgje at dei er attraktive og at menn vil ha dei. Alle fire er nøgde med kroppane sine og tar for seg av menn, både yngre og eldre. Det synest eg er eit sunt bilde å sende ut, både til unge jenter som er usikre på kroppane sine og førti år gamle damer som føler at kroppen «sagger», meiner Siss Vik.

Greitt nok, både den rosa og glossy innpakninga og dei slanke, vakre hovudpersonane kan forsvarast ut frå eit feministisk perspektiv. Men det at dei fire tøffe damene er så utruleg opptatt av menn, det må vel seiast å vere problematisk?

Som Miranda frustrert utbryt i ein episode: «How did it happen that four such smart women have nothing to talk about but boyfriends?»

For ikkje å snakke om all sentreringa rundt Mr. Big. Berre namnet får det til å ringje i alle mine feministiske varselklokker. Og det er irriterande at kule Carrie blir forvandla til ein svak og passiv klisjé i møte med denne arrogante, økonomisk overlegne, nedlatande og tidvis omsynslause alfa-hannen, som likevel er akk så tiltrekkjande. Mykje av drivkrafta i serien ligg nettopp i spørsmålet om Carrie vil klare å kapre Mr. Big, som går inn og ut av livet hennar i alle dei seks sesongane.

- Hovudspørsmålet er om Mr. Big nokon gong vil forandre seg. Han har fridomslengsel og bindingsangst, men Carrie vil at han skal villa ha ho på ordentleg. Ho er tydeleg på at det må skje på ekte premiss. Eg ser ikkje noko gale i det at serien tar på alvor den kjærleikslengselen folk har, uansett om dei er menn eller kvinner, seier Siss Vik.

The most exciting, challenging and significant relationship of all is the one you have with yourself. And if you can find someone to love the you you love, well, that's just fabulous. -Carrie Bradshaw Ho meiner første sesong av serien blei altfor sjablongaktig nettopp fordi det blei for mykje fokus på sex til fordel for kjærleiken.

- Det gjorde serien vanskeleg å tru på. Etter kvart blei det opna opp for at det å liggje inntil kjærasten og sjå på tv og dele ei flaske raudvin også er ein del av livet. Eg er spent på korleis dei har løyst slutten på filmen. Eg blir skuffa om alle fire ender opp godt gift. Det må gjerne vere happy ending, men eg ønskjer meg ei moderne Askepott-ending. Fram til no har produsentane vore veldig gode til å setje fingeren på samtidspulsen, så vi får håpe på det beste.

- Må ikkje vere singel

Også Ellisiv Lindkvist vil bli skuffa om alle fire SATC-karakterane giftar seg og dannar små kjernefamiliar.

Charlotte er den mest konservative av damene og den som drøymer om ektemann og barn. (Foto: SF Norge AS)Charlotte er den mest konservative av damene og den som drøymer om ektemann og barn. (Foto: SF Norge AS)

- Men det er jo ikkje eit feministisk mål i seg sjølv å vere singel. Det er derimot eit mål at ein skal kunne vere singel utan å falle utanfor i sosiale settingar eller bli sett på som ein tapar, meiner ho,

- Om kvinnene i serien alle giftar seg, er det greitt om dei framleis held på yrket sitt og så vidare. Men det er både fantasilaust og konservativt å framstille bryllaup som den ultimate draumen for ei kvinne. Særleg om dette blir presentert for oss via amerikansk populærkultur, meiner Lindkvist.

Men heldigvis er det ikkje slik i SATC. Tvert imot, det er konservative Charlotte, som i starten av serien brukar all sin energi på å finne ein passande rik og velstaånde mann å gifte seg med, som er den karakteren som er minst kul og som blir gjort mest narr av. Og som etter kvart innser at det viktigaste er ikkje sjølve giftarmålet, men å finne ein mann ho elskar og som elskar ho tilbake.

Sviktar ikkje

Eg innser at eg ikkje nødvendigvis sviktar feminismen sjølv om ein elskar ein amerikansk og åleglatt tv-serie. Eg er jo klar over at ein kan vere ei sterk og sjølvstendig kvinne og framleis ha lyst på ein mann å dele livet med. Og det er greitt å diskutere kjærestar og sex saman med venninnene sine. Gjer vi ikkje alle det, om vi skal vere heilt ærlege med oss sjølve?

No gler eg meg om mogleg endå meir til premieren 6. juni. Sjølv om det ser ut til at det for alvor vil vere slutt på «singellivet» til dei fire damene (om ikkje den flyktige Mr. Big forlater Carrie ved alteret, noko som faktisk er høgst sannsynleg at han kjem til å gjere, den sniken). Men i motsetnad til dei fleste andre SATC-fans bryr eg meg ikkje så veldig om Carrie får sin etterlengta Mr. Big eller ikkje.

For meg vil dei fire damene alltid vere single og rett og slett fabulous.

Dette er dei tøffe damene i «Sex og singelliv»:


Samantha: Den suksessrike, glamorøse PR-sjefen som trur på sex utan kjærleik, og som brukar mykje tid på å pleie lidenskapen. Samantha er alltid tøff, elegant og sjølvsikker, ho ser kva ho vil ha og tar det.

Charlotte: Den mest konservative og «ordentlege» av damene i serien. Charlotte framstår kanskje som i overkant romantisk og naivt anlagt, i alle fall i starten av serien, då ho har som uttalt mål å bli gift med den rette mannen. Men Charlotte er framfor alt ein glødande idealist med eit stort, oppofrande hjarte.

Miranda: Den smarte, sjølvstendige hardtarbeidande advokaten, som har ei nøktern livshaldning som Carrie ofte let seg trøyste av. Har gått frå å vere karrierekvinne til aleinemor, og til å gifte seg med Steve og kjøpe rekkjehus i Brooklyn, eit val ho er nøgd med i varierande grad.

Carrie: Den empatiske, stilsikre og dyktige skribenten som alltid er i sentrum for handlinga. Carrie har litt av alle karakterane i serien. Ho er meir diplomatisk enn Miranda, men har likevel noko av den same haldninga til livet. Ærleg, vittig, sjølvstendig og alltid elegant, held ho fast i trua på den livslange kjærleiken til klede og sko.

Det har versert mange rykter om kva som vil skje med dei fire venninnene i filmen. Om ikkje lenge får vi svar på alle spørsmål, og ein ting er sikkert: Det vil bli frykteleg moro. (Foto:SF Norge AS)Det har versert mange rykter om kva som vil skje med dei fire venninnene i filmen. Om ikkje lenge får vi svar på alle spørsmål, og ein ting er sikkert: Det vil bli frykteleg moro. (Foto:SF Norge AS)

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden
07:40 Undersøkelse: Fire av ti nordmenn har sett barn med berusede voksne i «Syden»07:34 Danske blir borgermester i tyske Rostock07:20 – Synlige ører på pass bryter med religionsfriheten07:05 Mesterskapsspilleren Minde runder 100 kamper06:53 Gold Cup fotball menn søndag06:47 VG: RBK-bud på Haugesunds Wadji06:27 Her er alternativene for Norge i fotball-VM06:15 Nyland kan få knallhard konkurransen fra "rekordmann" Butland06:10 Tidligere NSB-sjef: Politikere lider av konkurransehysteri05:55 Dette skjer i dag05:44 Dette skjedde i natt05:30 Vinstra-drapet: Aktor legger fram filmmanus som bevis05:24 Protestleder løslatt fra fengsel i Hongkong04:56 Mann kjørte flere kilometer i motsatt kjørefelt i Oslo04:54 Fylkesnes ut mot regjeringen etter aksjesalg i Entra04:48 Valgdagsmåling: Tidligere førstedame leder an i Guatemalas presidentvalg04:43 Viktor Hovland hylles etter amatørrekord og 12. plass i US Open03:42 Babe Ruth-drakt satte auksjonsrekord - solgt for 49 millioner03:39 Huawei spår salgssvikt i utlandet03:37 Mann slått med flaske på pub i Sandefjord03:05 Bondeorganisasjoner forhandler med staten om klimaavtale02:51 Politiet i Hongkong vil tømme gatene for demonstranter02:09 Homoaktivister: Nynazister kartlegger oss02:05 Trump anklager New York Times for forræderi01:44 Dugnad leverte 101 tips om arbeidslivskrim i Oslo01:18 Leter etter årsaken til strømbruddet i Sør-Amerika00:14 Biltrafikken øker i Kristiansand23:18 Trump anklager New York Times for forræderi22:31 Lastebil i grøfta – har flere tonn propan i lasten22:27 Franske bønder og vingårder hardt rammet av uvær21:54 Tredje strake ligaseier for Rosenborg21:42 Toryer i TV-krangel om brexit-scenarioer21:39 NHO Reiseliv vil ha begrensninger i cruisetrafikken21:19 Høiland-stunt provoserte publikum på Åråsen21:15 Væpnet ran av frisørsalong - to pågrepet på toget21:05 Boeing-sjef erkjenner feil i håndteringen av varselsystemer21:01 Netanyahu innviet Trump-bosetning20:28 Mann pågrepet etter politikerdrap i Tyskland20:14 Glimt nedkjempet bunnlaget Strømsgodset20:13 Omdiskutert utvisning ødela for Lillestrøm mot Viking20:11 Tenåring med skuddshow mot Odd20:08 Diop reddet Kristiansunds rekke uten tap19:52 Botswana åpner for elefantjakt igjen - utløser store diskusjoner19:51 Molde-seier over Ranheim19:50 Brann risikerer bot etter at supportere fyrte opp bluss19:49 34 personer drept i angrep mot to landsbyer i Nord-Nigeria18:52 Legenden Eggen hyllet og æret med statue18:41 Demonstrerte mot retur av Abbasi-familien til Afghanistan18:39 I 350 år holdt den stand mot Atlanteren. Så gravde byen et hull i sitt eget forsvarsverk18:28 Sælid fikk skuespiller-Hedda18:06 Grønn Ungdom vil innføre kvote på tre flyreiser i året18:05 Christiansen på fjerdeplass i Barcelona17:22 Espen Klouman Høiner fikk første Heddapris17:03 Sjokkrapport for kjøttelskere16:59 Human-Etisk Forbund: Kirkevalget bør skilles fra kommunevalget15:42 Smitten i Askøy skyldes trolig avføring fra dyr15:33 To menn tok seg inn på hotellrommet – nå er de dømt15:32 Carrie Lam ber Hongkong om unnskyldning15:31 Sarri forlater Chelsea, Juventus neste15:30 Svensk forsvarstopp tiltalt for hallikvirksomhet14:23 Mann i 70-årene alvorlig skadd i drukningsulykke i Oslofjorden14:09 Netanyahus kone dømt for misbruk av offentlige midler14:05 Iran mener USA kan ha stått bak tankskip-hendelsene13:56 Millioner rammet av strømbrudd i Sør-Amerika13:52 Charter-Svein får sommerjobb av TV 213:47 Bolighus i Finnmark er overtent13:29 Grande: Venstres målinger er «ræva»13:18 Forskere vil kartlegge Doggerland - det forsvunnede landet i Nordsjøen11:25 Skjøt kona i hodet, skjulte liket og senket det i Glomma10:46 Blinkskudd: Her slår lynet ned i Øresundsbroen10:31 130 kunder har klaget til flyklagenemnda etter SAS-streiken10:07 Middelhavsland vil spore opp savnede migranter09:07 Kommunen avgjør neste uke: Er Nordkapp norsk eller svensk?08:24 Norske ordførere har i snitt 2,8 millioner kroner i formue08:15 Drømmefengsel for drapsmenn og smuglere08:08 To menn pågrepet etter brann i Agder08:01 Hongkongs leder sier unnskyld under ny masseprotest06:19 Over 300 evakuert etter brann på hotell i Ålesund05:50 Dette skjer i dag05:46 Dette skjedde i natt05:19 USA hevder Iran prøvde å skyte ned amerikansk drone04:57 Verdens største fly til salgs for knapt 3,5 milliarder kroner04:24 62 norske kommuner med kokevarsel på halvannet år04:22 Hovland fremdeles likt med Tiger Woods etter tredje runde i US Open03:52 Mann siktet for å ha satt i gang stor redningsaksjon i Telemark03:31 Tsunamivarsel avblåst etter kraftig jordskjelv nordøst for New Zealand03:08 Argentina tapte 0-2 for Colombia i Copa America-åpningen01:49 Fly skled av rullebanen da dekkene eksploderte under landing01:06 – Vi blir diskriminert med statlig velsignelse. Det er hårreisende01:02 Saudi-Arabias kronprins anklager Iran for angrep på tankskip00:48 New York fjerner unntak fra meslingvaksine etter utbrudd00:13 15-åring omkom etter badeulykke i Oslo23:05 Britenes forsvarsminister advarer partifeller mot populisme i ledervalg22:48 Motorsyklist kritisk skadd etter å ha kjørt av veien22:25 Norges speidere reiser Frankrike rundt22:01 Britenes ambassadør i Iran innkalt på teppet21:36 Tenåring kritisk skadd etter badeulykke21:19 To pågrepet etter brann i Agder21:09 Avis: Pogba villig til å strike seg bort20:53 Erkebiskop bar hjelm under messe i Notre-Dame
Siste nytt
07:40NorgeUndersøkelse: Fire av ti nordmenn har sett barn med berusede voksne i «Syden»07:34VerdenDanske blir borgermester i tyske Rostock07:20Norge– Synlige ører på pass bryter med religionsfriheten07:05SportMesterskapsspilleren Minde runder 100 kamper06:53SportGold Cup fotball menn søndag06:47SportVG: RBK-bud på Haugesunds Wadji06:27SportHer er alternativene for Norge i fotball-VM06:15SportNyland kan få knallhard konkurransen fra "rekordmann" Butland06:10NorgeTidligere NSB-sjef: Politikere lider av konkurransehysteri05:55NorgeDette skjer i dag05:44NorgeDette skjedde i natt05:30NorgeVinstra-drapet: Aktor legger fram filmmanus som bevis05:24VerdenProtestleder løslatt fra fengsel i Hongkong04:56NorgeMann kjørte flere kilometer i motsatt kjørefelt i Oslo04:54NorgeFylkesnes ut mot regjeringen etter aksjesalg i Entra04:48VerdenValgdagsmåling: Tidligere førstedame leder an i Guatemalas presidentvalg04:43SportViktor Hovland hylles etter amatørrekord og 12. plass i US Open03:42VerdenBabe Ruth-drakt satte auksjonsrekord - solgt for 49 millioner03:39VerdenHuawei spår salgssvikt i utlandet03:37NorgeMann slått med flaske på pub i Sandefjord03:05NorgeBondeorganisasjoner forhandler med staten om klimaavtale02:51VerdenPolitiet i Hongkong vil tømme gatene for demonstranter02:09NorgeHomoaktivister: Nynazister kartlegger oss02:05VerdenTrump anklager New York Times for forræderi01:44NorgeDugnad leverte 101 tips om arbeidslivskrim i Oslo01:18VerdenLeter etter årsaken til strømbruddet i Sør-Amerika00:14NorgeBiltrafikken øker i Kristiansand23:18VerdenTrump anklager New York Times for forræderi22:31NorgeLastebil i grøfta – har flere tonn propan i lasten22:27VerdenFranske bønder og vingårder hardt rammet av uvær21:54SportTredje strake ligaseier for Rosenborg21:42PolitikkToryer i TV-krangel om brexit-scenarioer21:39ReiseNHO Reiseliv vil ha begrensninger i cruisetrafikken21:19SportHøiland-stunt provoserte publikum på Åråsen21:15NorgeVæpnet ran av frisørsalong - to pågrepet på toget21:05VerdenBoeing-sjef erkjenner feil i håndteringen av varselsystemer21:01PolitikkNetanyahu innviet Trump-bosetning20:28VerdenMann pågrepet etter politikerdrap i Tyskland20:14SportGlimt nedkjempet bunnlaget Strømsgodset20:13SportOmdiskutert utvisning ødela for Lillestrøm mot Viking20:11SportTenåring med skuddshow mot Odd20:08SportDiop reddet Kristiansunds rekke uten tap19:52PolitikkBotswana åpner for elefantjakt igjen - utløser store diskusjoner19:51SportMolde-seier over Ranheim19:50SportBrann risikerer bot etter at supportere fyrte opp bluss19:49Verden34 personer drept i angrep mot to landsbyer i Nord-Nigeria18:52SportLegenden Eggen hyllet og æret med statue18:41NorgeDemonstrerte mot retur av Abbasi-familien til Afghanistan18:39VerdenI 350 år holdt den stand mot Atlanteren. Så gravde byen et hull i sitt eget forsvarsverk18:28SportSælid fikk skuespiller-Hedda18:06PolitikkGrønn Ungdom vil innføre kvote på tre flyreiser i året18:05SportChristiansen på fjerdeplass i Barcelona17:22NorgeEspen Klouman Høiner fikk første Heddapris17:03Helse og livsstilSjokkrapport for kjøttelskere16:59PolitikkHuman-Etisk Forbund: Kirkevalget bør skilles fra kommunevalget15:42NorgeSmitten i Askøy skyldes trolig avføring fra dyr15:33SportTo menn tok seg inn på hotellrommet – nå er de dømt15:32PolitikkCarrie Lam ber Hongkong om unnskyldning15:31SportSarri forlater Chelsea, Juventus neste15:30VerdenSvensk forsvarstopp tiltalt for hallikvirksomhet14:23NorgeMann i 70-årene alvorlig skadd i drukningsulykke i Oslofjorden14:09VerdenNetanyahus kone dømt for misbruk av offentlige midler14:05VerdenIran mener USA kan ha stått bak tankskip-hendelsene13:56VerdenMillioner rammet av strømbrudd i Sør-Amerika13:52NorgeCharter-Svein får sommerjobb av TV 213:47NorgeBolighus i Finnmark er overtent13:29PolitikkGrande: Venstres målinger er «ræva»13:18NorgeForskere vil kartlegge Doggerland - det forsvunnede landet i Nordsjøen11:25NorgeSkjøt kona i hodet, skjulte liket og senket det i Glomma10:46VerdenBlinkskudd: Her slår lynet ned i Øresundsbroen10:31Reise130 kunder har klaget til flyklagenemnda etter SAS-streiken10:07VerdenMiddelhavsland vil spore opp savnede migranter09:07NæringslivKommunen avgjør neste uke: Er Nordkapp norsk eller svensk?08:24PengerNorske ordførere har i snitt 2,8 millioner kroner i formue08:15Helse og livsstilDrømmefengsel for drapsmenn og smuglere08:08NorgeTo menn pågrepet etter brann i Agder08:01VerdenHongkongs leder sier unnskyld under ny masseprotest06:19NorgeOver 300 evakuert etter brann på hotell i Ålesund05:50NorgeDette skjer i dag05:46NorgeDette skjedde i natt05:19VerdenUSA hevder Iran prøvde å skyte ned amerikansk drone04:57PengerVerdens største fly til salgs for knapt 3,5 milliarder kroner04:24Norge62 norske kommuner med kokevarsel på halvannet år04:22SportHovland fremdeles likt med Tiger Woods etter tredje runde i US Open03:52NorgeMann siktet for å ha satt i gang stor redningsaksjon i Telemark03:31VerdenTsunamivarsel avblåst etter kraftig jordskjelv nordøst for New Zealand03:08SportArgentina tapte 0-2 for Colombia i Copa America-åpningen01:49VerdenFly skled av rullebanen da dekkene eksploderte under landing01:06Reise– Vi blir diskriminert med statlig velsignelse. Det er hårreisende01:02VerdenSaudi-Arabias kronprins anklager Iran for angrep på tankskip00:48VerdenNew York fjerner unntak fra meslingvaksine etter utbrudd00:13Norge15-åring omkom etter badeulykke i Oslo23:05PolitikkBritenes forsvarsminister advarer partifeller mot populisme i ledervalg22:48NorgeMotorsyklist kritisk skadd etter å ha kjørt av veien22:25SportNorges speidere reiser Frankrike rundt22:01PolitikkBritenes ambassadør i Iran innkalt på teppet21:36NorgeTenåring kritisk skadd etter badeulykke21:19NorgeTo pågrepet etter brann i Agder21:09SportAvis: Pogba villig til å strike seg bort20:53VerdenErkebiskop bar hjelm under messe i Notre-Dame
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus