Skulda for barnepornografi:Politiet stengjer kunstutstilling

Utstillinga til Ben Henson blei stengt av politiet, som skal undersøkje om fotografia hans kan karakteriserast som barnepornografi. (Foto: Reuters)
Utstillinga til Ben Henson blei stengt av politiet, som skal undersøkje om fotografia hans kan karakteriserast som barnepornografi. (Foto: Reuters)
Artikkelen fortsetter under annonsen

Er desse bilda kunst eller barnepornografi?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Fakta

* Bill Henson (fødd 1955 i Melbourne) er fotograf og samtidskunstnar.

* Mykje av kunsten hans tar for seg ungdom og ungdomstida, og arbeida hans reflekterer hans interesse for overgangstida frå tenåring til vaksen.

* 22. mai 200 blei ei utstilling av Henson avlyst etter at det blei stilt spørsmål om fotografia hans seksualiserer barn.

Ein fotoutstilling av den australske kunstnaren Bill Henson, som viser bilder av nakne barn i tolv-trettenårsalderen, blei stengt av politiet berre timar før opninga torsdag kveld. Stenginga har ført til ein oppheita debatt om bilda er kunst eller barnepornografi, melder Reuters.

Fotografia inneheld store fotografi av unge jenter i bar overkropp.

«Avskyeleg»

Til og med Australias statsminister har kasta seg inn i debatten, og karakteriserer Hensons bilder som «avskyelege».

- Barn fortener å få barndommens uskyld verna om, uttalte statsministeren på tv fredag.

- Eg har ei veldig sterk meining om dette. For guds skuld, la oss berre gi barna lov til å vere barn, uavhengig av kunstnariske synspunkt eller den kunstnariske fortreffelegheita rundt slike ting. Heilt ærleg, så trur eg ikkje det er nokon.

Barnerettsavdokat Hetty Johnston seier at fotografen og gallerieigaren begge bør bli straffeforfølgt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Du kan kalle dette kva du vil, men enden på visa er at dette er bilda av nakne barn, sa Johnston.

Sensur

Bill Hensons fotografi. Klikk på bilda for å sjå dei i stort format.Bill Hensons fotografi. Klikk på bilda for å sjå dei i stort format.

Kunstnaren sjølv har i forkant av utstillinga uttalt at han overlét tolkinga av bilda til publilum.

- Du kan ikkje kontrolle korleis enkeltmenneske vil reagere på arbeidet, sa Henson. Årsaka til at han fotograferer unge menneske er at dei reflekterer ein menneskelegheit og sårbarheit, seier han.

Kunstnarar og kunstelskarar som blei avvist utanfor galleriet torsdag kveld, kallar stenginga av utstillinga for sensur.

Seniorkurator av fotografi ved Art Gallery of New South Wales som tidlegare har stilt ut Henson arbeid, forsvarar bilda hans.

- Eg synest det er uheldig om folk blandar saman dette med pornografi. Eg synest spørsmålet bør gå tilbake til desse pøbelaktige menneska, kva dei synest er pornografisk ved arbeidet hans? sa Judy Annear.

Bill Hensons fotografi. Klikk på bilda for å sjå dei i stort format.Bill Hensons fotografi. Klikk på bilda for å sjå dei i stort format.