Vil ha «Noreg» på brystet
Mållaget kastar seg inn i debatten og vil at landslagsspelarane skal ha «Noreg» på brystet.
Tirsdag lanserte Noregs fotballforbund den nye drakta for landslagsspelarar, der eit nytt emblem skal erstatte det norske flagget på brystet.
Dette har ført til sterke reaksjonar og saka blei diskutert på fleire tv-debattar i går kveld. Til og med kulturminister Trond Giske har gått ut og bedt om at forbundet snarast må få det norske flagget tilbake på brystet til landslagsspelarane.
No kastar også Noregs Mållag seg inn i debatten og vil ha ei nynorskutgåve av den nye landslagslogoen.
- Flagget var dekkjande for alle som fylgjer landslagsfotball, men ved å skrive «Norge» i logoen, har Fotballforbundet ignorert den delen av publikum som nyttar nynorsk, seier leiar i Mållaget, Hege Myklebust.
Noreg på brystet
- Sjå kor flott den nye logoen ser ut med NOREG over - det passar jo veldig godt, seier Hege Myklebust.
- Dette burde Fotballforbundet ha tenkt på sjølv, men her har dei eit framlegg frå oss, heilt gratis!
Myklebust trur både fotballspelarane og andre vil bli glade for å få ei drakt med «Noreg» på.
- Det er vel heller ikkje noko i vegen for at landslaget kunne spelt nokre landskampar med ‘Noreg‘ på brystet. Om eg kan få ei skjorte med ‘Noreg‘ på, skal i alle fall eg kjøpa mi fyrste landslagsdrakt, seier Hege Myklebust.