Roda Ahmed: «Forberedelsen» (Gyldendal Forlag, 166 sider)Liten innvandrarroman, stort tema

Foto: Renate Torseth
Foto: Renate Torseth
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Forberedelsen» når ikkje heilt opp i den store debatten.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kva ligg i debatten om «den store innvandrarromanen»? Dette omgrepet, som er skapt av norsk presse, forlagsbransje og oss lesarar; er det hemmande eller fører kategoriseringa til skrivekløe for komande forfattararspirer? Dei siste åra har diskusjonen florert i media nærmast som ein komande sensasjon.

Det var norsk-somaliske Saynab Mohamud som etterlyste fleire romanar frå det fleirkulturelle Noreg. Forlagsbransjen svarte då med at dei jakta nettopp på «den store innvandrarromanen». Maset blei ikkje akkurat mindre med at Sverige fekk «sin» på eit tidleg tidspunkt, nemleg Jonas Hassen Khemiris «Ett öga rött», som førte til opplag på opplag og gode pengar for nettopp den svenske forlagsbransjen.

Store forventningar

Slikt blir det høge forventningar av. Fleire nye røyster av vår tid har óg kome til her til lands dei siste åra. Mange av dei kan skildre det ellers så kjende og segmenterte samfunnet vårt frå ein heilt ny synsvinkel. Men «den store innvandrarromanen» har liksom ikkje heilt funne vegen heim. Difor var forventningane også store til Roda Ahmeds roman som kom ut tidlegare i år.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I same andedrag som «den store invandrarromanen» følgjer utsegn som: «å stå mellom to kulturar». I «Forberedelsen» gir forfattaren Roda Ahmed dette omgrepet ei utdjuping. I tillegg gir ho ei veksande gruppe ei historie å identifisere seg med. Det kan vere ei tung bør å bere. For er verkeleg «Forberedelsen» Noregs store innvandrarroman, med alt det det måtte innebere?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Vi møter unge Zara, som veks opp i ein komplisert kvardag der to ulike kulturar krasjar og der ringverknadane byr på stadige utfordringar.Og sjølv om Roda ikkje er Zara, er dei to jentene på mange måter like. Zara ber denne historia med ei lågmælt, enkel og delvis naivistisk stemme.

Romanens hovudperson er fødd på Ullevåll på Oslos vestkant, har foreldre frå Somalia og drikk kaffi på urbane St. Hanshaugen. Og forelskar seg i norske gutar. Ho har kjærlege foreldre som vil alt godt for barna sine, ut frå sin kultur og meiningar om korleis samfunnet bør fungere. Ahmed har ein storfamilie med botnlaus historie, og ei bestemor (Ayeeyo) som held denne saman.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er også gjennom Ayeeyo den somaliske identiteten til Zara blir sterk, forventningane og føringane som blir lagt av andre og er synlege og framande for jenta som har vokse opp med 17.mai, kaffibarar og det å vere andregenerasjons innvandrerjente i Norge. Og det inneberer både omskjæring av kvinner og tvangsekteskap. Zara har eit liv som er på ein annan planet enn sine eigne røter. Likevel må ho ta stilling.

I tillegg har ho strenge innetider, grenser som fører til løgn og eit svært fotoalbum med bilete av friarar i alle aldre. Kontrastane er mange.

Store sko å fylle

Romanen er enkelt skriven og berre på 166 sider. Til tider sluttar forfattaren for fort med skildringar eg vil høyre meir om, og hoppar litt vel raskt på tidsaksen. «Forberedelsen» inneheld mange historier og stemmer som ikkje heilt kjem til sin rett, og romanen virker på mange måtar uferdig. Den speglar til tider at Roda Ahmed er ny i forfattar-gamet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Men om «Forberedelsen» ikkje er så stor, og har enkelte svikt i strukturen, inneheld den eit rikt mangfald og byrjinga på noko som kan bli større enn kva «Forberedelsen» maktar å vere. Roda Ahmed har har opna ei slags Pandoras eske. Det er ikkje sikkert det er Ahmeds oppgåve å sørgje for resultatet av å opne denne eska, eller å fullføre historiene som ligg i ho. Poenget mitt er at Ahmeds stemme er ny, sunn og interessant.

Roda Ahmed skaper forventningar med si historie om Zara. Forteljinga er fin, men viktigast er kanskje funksjonen den har og signala den gir.

Les fleire bokmeldingar i ABC Nyheter

ABC Nyheter Litteratur

ABC Nyheter Kultur