Europearar går mindre på kino

Filmen «Kautokeino-opprøret» med Mikkel Gaup i hovudrolla er den norske filmen som har gått best på norske kinoar til no i år. (Foto: Erik Aavatsmark for Rubicon/Sandrew Metronome Norge).
Filmen «Kautokeino-opprøret» med Mikkel Gaup i hovudrolla er den norske filmen som har gått best på norske kinoar til no i år. (Foto: Erik Aavatsmark for Rubicon/Sandrew Metronome Norge).
Artikkelen fortsetter under annonsen

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Lange Flate Ballær II» er ein av årets norske publikumsvinnararar. (Foto: SF Norge AS)«Lange Flate Ballær II» er ein av årets norske publikumsvinnararar. (Foto: SF Norge AS)

«Harry Potter og Føniksordenen» var den mest sette europeiske filmen i 2007. Filmen er ein samproduksjon mellom Storbritannia og USA, og selte heile 38.4 millionar billettar.

I fjor blei det blei selt 919 millionar kinobillettar i dei 27 EU-landa. Det er eit fall på 1,3 prosent i forhold til året før. Og det blir selt tre billettar til amerikanske filmar for kvar billett til ein europeisk.

Det viser dei seinaste tala frå European Audivisual Observatory, som har blitt offentleggjort i samband med filmfestivalen i Cannes.

Ifølgje Espen Blystad, rådgivar i Film & kino, var det ein tilsvarande nedgang også på norske kinoar i fjor.

- I 2007 var det nærmare 11 millionar besøkande på norske kinoar. Det var ein nedgang på nesten 10 prosent samanlikna med året før. Men i år er det oppgang igjen, så det er snakk om normale svingningar, seier Blystad til ABC Nyheter.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Norske filmar trekkjer publikum

Han understreker at kinobesøket i Noreg er relativt stabilt, trass i aukande dvd-sal og ulovleg nedlasting av filmar. Og det er særleg norske filmar som trekkjer folk til kinosalane. Der har det vore ein auke i kinobesøket på 2, 8 prosent til no i år i forhold til fjoråret, sjølv utan dei store dragarane.

- No for tida går det enormt bra med norsk film, seier Blystad.

- Ein av tre som går på kino går på ein norsk film. Det har vore eit spesielt godt halvår, og vi reknar med at talet vil gå noko ned utover året.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I fjor var besøket på dei norske filmane på drøye 1,7 millionar, noko som tilsvarar 16,4 prosent av det totale kinobesøket. Det er forventa at talet vil stige i år.

Det er særleg dei tre norske filmane «Kautokeino-opprøret» (328.710 besøkjande), «Lange Flate Ballær II» (285.508 besøkande) og «Mannen som elsket Yngve» (170.317) som har trekt publikum i årets første halvdel.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Undersøkinga frå European Audivisual Observator viser at talet på europeisk produserte spelefilmar har stige. Det var i 2007 på 921, noko som er ti meir enn året før.

I Noreg blei det produsert 22 norske filmar i 2007, mot 19 filmar i 2006.

Då Stortinget vedtok Filmmeldingen i fjor haust, blei målet sett til 25 norske filmar i året og ein total marknadsandel på 25 prosent.

Frankrike lagar flest filmar

Det er framleis Frankrike som har den største nasjonale produksjoenn av spelefilm. I fjor blei det laga 133 franske spelefilmar, og landet var største co.-produsent i 52 tilfelle.

I Sverige og Ungar har derimot spelefilmsproduksjonen hatt ein dramatisk nedgang. I Sverige blei det laga 16 færre filmar og i Ungarn 18 færre filmar i fjor.

Harry Potter på topp

Også i Noreg var «Harry Potter og Føniksordenen» den mest sette filmen i 2007, med 558.462 besøk. Følgt av «Pirates of the Caribbean – at World’s End» med 551.322 besøk, «Shrek den Tredje» med 483.916 besøk, «The Simpsons Movie« med 390.485 besøk og «Rottatouille» med 382.827 besøk.