Meny

Provosert av homofile pingvinar

Coveret til den kontroversielle boka »«And tango makes three».

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Den sanne historia om eit homofilt pingvinpar provoserer amerikanske bibliotekbrukarar.

Billedboka «And Tango Makes Three» ligg øvst på lista over bøker som provoserer amerikanske bibliotekbrukarar, ifølgje AP.

Barneboka frå 2005 er skriven av Peter Parnell og Justin Richardson og illustrert av Henry Cole. Boka er basert på den sanne historia om Roy og Silo, to mannlege pingvinar som blei kjærestar medan dei budde i New Yorks Central Park Zoo.

Fostra opp babypingvin

Boka skildrar delar av livet til dei to pingvinane. Dyrepassarane gir nemleg Roy og Silo det andre egget til eit heterofilt pingvinpar - som nyleg hadde mislukkast i å klekkje fram to egg på ein gong. Saman ruga Roy og Silo på egget og var som ein familie då dei fostra opp babypingvinen, som dyrepassarane gav namnet Tango.

Eitt av måla med boka skal vere å sende signal om at det er greitt å vere ein del av ein ikkje-tradisjonell familie, noko som tydelegvis provoserer amerikanske bibliotekbrukarar.

- Klagene går ut på at barn som les denne boka kan kome til å tru at homoseksualitet er ein akseptabel livsstil, sier Judith Krug i den amerikanske bibliotekforeininga til AP.

Lista er basert på skriftlege klager biblioteka har motteke, og akkurat denne boka toppar lista for andre år på rad.

Andre bøker på lista er:

* Maya Angelou: «I Know Why the Caged Bird Sings» (Her skriver forfattaren om at ho blei valdteken som barn.)

* Mark Twain: «The Adventures of Huckleberry Finn» (anklaga for rasisme).

* Philip Pullman: «The Golden Compass» (anklaga for antikristne haldninger fordi ei nonne i boka uttalar at kristendommen er ei misforståing).

Talet på klager skal imidlertid vere på veg ned. I 2006 kom det inn 546 klager, medan talet var på 420 i 2007.

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus